Wednesday, October 29, 2008

Tralala...

Ingen fleire slanger så langt, så nå vandrer me blide og fornøgde over plassen.
Dagane går og det begynner å nærme seg ein månad sidan eg reiste ned hit. Begynner å kjenne at eg har fått ein del av kulturen under skinnet, men framleis står det mange utfordringar for dør.
Vel, eg skriver litt mykje fortida, men eg veit det er ein del som liker at eg skriver ofte, så då gjer eg det.
Eg begynner å bli kjendt med den afrikanske trafikken. For den er ikkje lik som norsk for å sei det sånn. Dei kjøre på feil side, farten er ganske lav på grunn av dårleg vei(pappa, du ville brukt traktoren og mamma sin bil (nissan primera) ville vert øydelagt på null komma niks) og tuting overalt. I dag kjørte matatuen vår i gangfeltet fordi det var så mykje trafikk... Ja, det var ein opplevelse for å sei det slik.
Skulen er ganske annleis frå den norske. Me har funne ganske mykje rart i lærebøkene som å dele tannkost kan føre til HIV/AIDS, ______ lager mat heime (mor eller far) og hald neglene ________ og reine (korte eller lange).
I dag har me vert på den norske ambasaden og registrert oss. Etterpå vandra me rundt i byen. Blant anna var me innom Java hous. Eg hadde sjokolade milkshake og appelsin juice. Det var godt det! Ikkje så veldig spannande dag...
Eg sa ingen fleire sanger, men den gang ei. Me var på vei tilbake frå byen då eg såg ein slange til... Eg fekk beskjed av vakten at neste gang måtte eg drepe den med å kaste ein stor stein. Okei, så veit me det til neste gang.

Høyrer det er snø i Noreg... Hehe, her er det sol og varme så veit dere det! Me koser oss her i varmen, håper dere gjer det i kulden...

Ja, dette får være nok for no! Eg er trøtt og må gå å legge meg. I morgon er ein ny dag og eg skal på jobb.
GUD VELSIGNE DERE!

6 comments:

Anonymous said...

hei Christine.
Jeg lurte på om du kunne skrive ned adressen din der nede?
Har du sett noen andre dyr enn slanger?
Nå kunne jeg virkelig ha tenkt meg å snakke med deg på tlf. men vi venter fortsatt på headsettet!Må kanskje kjøpe meg et selv, snart.Savner deg veldig! Klem fra mamma

Anonymous said...

Hei Christine!
Fint å høyre frå deg at du synest ting går bra. Du er ei tøff jente og vi trur du blir ein god slangedrepar.
Ellers kjener vi på at vi gjerne skulle vert en tur å sett forholda i Kenja. Det hadde vore kjempemorro. Nyheten her i frå er at Silje til Oddmund har fått ei jente,den 29.10, så nå har vi fått endå ein bestefar og bestemor i familien.
Vi ønske deg alt godt Farmor og farfar

Anonymous said...

Hei igjen Christine!
Det går godt med eg forståe me, der du smyg deg forbi alle sangane i veien (eller var det slangar?) Ja, pass godt på deg sjølv i alle fall.
No er det berre ei veka til 7/11! Har du pakka bagen? Kjem du så skal du få hedersplassen attmed jubilanten. Hadde ikkje det vore gromt? Her har me det bra. Rune og eg fekk 2 hummarar i dag. Fint på sjøen. Ha det godt. Gud velsigne deg med glede og fred! Morfar.

Anonymous said...

headsettene sendes i måro om posten greie å holde lenge nok opent! :)

Anonymous said...

headsettene er på vei :)

Anne Severine said...

Så kjekt å lese på bloggen din Christine:D Godt å høyre at du trivest i Afrika! Misunner deg sol og varme! På austlandet er det kaldt og den første snøven har allereie lagt seg på bakken:S Men, men... :P
Kos deg masse!
Klem klem