Wednesday, October 29, 2008

Tralala...

Ingen fleire slanger så langt, så nå vandrer me blide og fornøgde over plassen.
Dagane går og det begynner å nærme seg ein månad sidan eg reiste ned hit. Begynner å kjenne at eg har fått ein del av kulturen under skinnet, men framleis står det mange utfordringar for dør.
Vel, eg skriver litt mykje fortida, men eg veit det er ein del som liker at eg skriver ofte, så då gjer eg det.
Eg begynner å bli kjendt med den afrikanske trafikken. For den er ikkje lik som norsk for å sei det sånn. Dei kjøre på feil side, farten er ganske lav på grunn av dårleg vei(pappa, du ville brukt traktoren og mamma sin bil (nissan primera) ville vert øydelagt på null komma niks) og tuting overalt. I dag kjørte matatuen vår i gangfeltet fordi det var så mykje trafikk... Ja, det var ein opplevelse for å sei det slik.
Skulen er ganske annleis frå den norske. Me har funne ganske mykje rart i lærebøkene som å dele tannkost kan føre til HIV/AIDS, ______ lager mat heime (mor eller far) og hald neglene ________ og reine (korte eller lange).
I dag har me vert på den norske ambasaden og registrert oss. Etterpå vandra me rundt i byen. Blant anna var me innom Java hous. Eg hadde sjokolade milkshake og appelsin juice. Det var godt det! Ikkje så veldig spannande dag...
Eg sa ingen fleire sanger, men den gang ei. Me var på vei tilbake frå byen då eg såg ein slange til... Eg fekk beskjed av vakten at neste gang måtte eg drepe den med å kaste ein stor stein. Okei, så veit me det til neste gang.

Høyrer det er snø i Noreg... Hehe, her er det sol og varme så veit dere det! Me koser oss her i varmen, håper dere gjer det i kulden...

Ja, dette får være nok for no! Eg er trøtt og må gå å legge meg. I morgon er ein ny dag og eg skal på jobb.
GUD VELSIGNE DERE!

Monday, October 27, 2008

Oppdatering

Laurdag:
Me såg vår første slange eller det vil seie at Ruth såg den levande. Eg
såg den dau, men ein slange var det. Ja, så var me i Afrika då. Det tok
ikkje lang tid før vaktmannen kom oss til unsettning til glede for Maria.
Så hadde me sett det og.

Kyrkjetid!
Atter ein gang var det søndag og eg og Maria tok veien til Kyrkja. Denne
gangen var det Mike og Kama som tok oss med. Denne gangen gjekk me i ein
internasjonal kyrkje sjølv om det for min del såg alle ut som kenyanere.
Vel, vel, det var ein veldig bra gudsteneste. Den beste så lang. Taleren
var ei kvinne og ho var kjempe flink. Ja, så var det ein sang me kunne:
"I surrender all" (på norsk: "Jeg vil gi deg alt")
Etter gudstenesta vart me med Mike og Kama heim til Mike. Der spiste me
kake og koste oss med brus. Rommet hans var lite, og når eg seier liten
så meiner eg verkeleg liten!!!! Det var så vidt plass til ei seng og ein pult. Og her har han alt (eller vertfall nesten).
Når me endeleg var tilbake (ca klokka 4) var det tid for å møte Karanu. Etterpå vart det middag (kenyansk pizza. Ja, nå kan dere lure!!!!) og deretter gjekk turen opp til Joseph. Der fekk me te, varm sjokolade, muffins og karamell. Me snakka og koste oss til me til slutt måtte vandre tilbake til rommene våre. Før me endleg kom oss fram til rommet vårt oppdaga Ruth atter ein gang ein slange. Ja, dei dukker plutseleg opp. Igjen kom vår kjære vaktmann oss til unsetting og drap den lille slangen. Han gav oss også eit par gode tips og ein stokk. Ja, så er me forberedt på neste gang.

Til pappa: Ja, eg har nå fått oppfordring til å bli bonde (ikkje at eg trur eg blir det, men...). Vaktmannen har gjort det klart at han meiner eg bør bli bonde. Så veit du det. hehe

Mandag:
Så var det på tida å dra på jobb igjen! Denne gangen var det tid for å ta matatu. Karanu vart med oss denne gangen, men veien tilbake og dei neste dagane er me på eige hand og det likar me.
I dag var eg på daycare fram til lunsj. Det var over 23 barn og eg skal sei det var livleg i det lille rommet. Eg vart brukt som både klatrestativ og juletre.
Så var det lunsj og i dag var det RIS med bønner. Det var god for eg orka ikkje tanken for mykje bønner!!!
Vel, etter lunsj tok me turen til labben for å snakka med dama der. Ho tester oss for alt mulig, men til no er me friske som nokre fiskar for å sei det slik!!! JIPPY!
Veien tilbake gjekk fint og me stakk innom Nakumat (supermarket) og kjøpte peanøttsmør (som me heile tida går tom for og som stort sett er pålegget vårt fordi det er det einaste god til no). Så nå skal me snart lage middag, ikkje at eg veit ka det bli... Så til slutt i dag er det Swahilitime, noko eg heilt ærleg må seie at eg ikkje ser fram mot. Er nok fordi eg er trøtt, men interesant er det!

Været her fint. Har ikkje sett ei skikkeleg regnbyge på lenge og sola skinenr. Det liker vi!!! Ellers er alt bra. Eg trivest veldig godt og byrjer å bli å bli kjendt md denne (merkelege) kulturen.

Savner dere og glad i dere!

Saturday, October 25, 2008

Myggen angriper!
Ja, i natt gjorde eg den tabben at eg hadde eine handa mi nærme nok myggnettet slik at myggen greidde bite med. Etter mange dager utan myggstikk var dette ikkje det beste å oppdaga tideleg ein laurdagsmorgon, men kva anna kunne eg gjera enn å smøre på litt kløstilllande middel.
Er det ein ting som irriterer meg så må det være myggen. Skulle gitt den juling om eg berre visste korleis ein gjer det med ein så liten skapning som ein mygg. Vel, sånn er livet og eg har begynt å lære å leve med det.

Kviting-radaren

Korleis det skjedde og kvifor veit eg ikkje. Me har i lang tid irritert oss for at så mange roper muzungu (europer/kviting) når det ser oss. Det irriterer oss når me overhøyre dei snakker om muzungu når me er dei einaste i område dei kan snakke om, men alikevel har eg oppdage noko heilt spesielt med meg sjølv. Eg har oppdaga min kviting-radar. Eg kan finne dei overalt. På pizza-in, bussen, kjørande i biler, og til og med langs veikanten. Okei, dere der heime! Eg veit det høyres rart ut, men det er ikkje så himla mange kvite her nede i Afrika, men alikevel greier eg alltid å finne dei. Det heile begynte når Maria ropte: "HVITINGER" og peikte på Matatuen vedsiden av vår. Eg måtte le. Ja der satt ein haug med kvitinger, men kva så? hehe. Eg begynner litt å skjønne kenyanerane når dei roper "muzungu!". Eg liker det ikkje, men eg kan forstå dei.

Dagen i dag
I dag var me atter ein gang klar for ein utflykt. Målet vårt var den norske skulen i Nairobi. Eg, Liv Astrid og Maria vandra ned til veien også var me i gang. Nede i sentrum bytta med frå Matatu til buss og turen gjekk vest for Nairobi. Det var eit stykke og eg satt og stirra ut vindauget. Landskapet var finare, husa vart finare, ALT vart finare. Eg begynte å tenkje: Kva skjer no? Med litt hjelp av ei kosli dame og ei gammel nonne var me endeleg framme og me gjekk spent inn porten til den norske skulen. Gubba Noah det var fint der! Etter afrikansk standar var dette 5 stjernes hotell. Me hadde høyrt at me vart sett på som rike mykje fordi misjonærane budde så fint, men eg hadde liksom ikkje greitt å sett det for meg.
Planen var eigentleg at me skulle møte nokon som Maria og Liv Astrid kjente som skal gå på bibelskule på den norske skulen (teft), men dei var sjølvsagt ikkje der. Jaja, me vart nå vist rundt og Liv Astrid fekk lånt ein data og internett.
Etter litt meir enn ein time begynte magen å rumle og me retta nesene våre ned mot sentrum igjen. I dag vart det endeleg pizza og eg skal love deg at det smakte godt. (PS. mamma: eg vil gjerne ha heimelaga pizza når eg kjem heim!!! hint hint) Så handla me litt på Nakumat og satte oss i matatuen og nå er me her igjen.
Planen vidare i dag er mat, slappe av og film. God laurdags kveld for å sei det enkelt.

Foresten: jobber framleis med internett og har ikkje lagt ut bilete ennå, men min kjære teammate Liv Astrid har så det går ann å stikke innom hennas... Du finner link til sia hennar på bloggen min...

Friday, October 24, 2008

Ein dag i Kenya!
Tenkte eg kunne fortelle kort korleis ein dag her nede er for meg. Eg vakner stort sett brått av enten vekkerklokke eller hunder som gauler, ja eller ein gal hane. Klokka er då mellom 6-7 og eg ligger litt og drar meg før eg stikker beina forsiktig ut av myggnettet. Eg tek kangaen rundt meg og flipperser på beina og vandrer bort til badet. Først må eg sjekke om det er vann og varme i dusjen før eg tek meg ein forhåpentlegvis god dusj før eg kler på meg.
Så går veien vidare bort til kjøkkenet som er eit lite bygg rett att med der me søv. Eg går inn i og finner fram brød, peanøttsmør, syltetøy, kenyansk te og sjølvsagt fat, glass, kopper og kniv. Eg tek meg meg brettet og går tilbake til bygget me sover i og dekker på eit bord i stovo vår (forsamlingssal). Litt etter litt dukker dei andre opp (av og til er dei andre oppe før meg og lager til frukost) og dei hjelper til å lage til frukost. Så spiser meg oss gode og mette før me tek fatt på oppvasken. Ein vaske, ein skyller, ein tørker og ein setter på plass.
Så er det på tide til å gjere seg klar for jobb. Eit ekstra titt i speilet og litt snacks i sekken og me er klare til å gå. Så setter me oss ned og venter på at dei skal hente oss. I dag er siste dagen dei gjer det, trur eg. Trur me skal ta matatu sjølv neste veke. Det skal bli litt deiligt.
Vel, så kjøre me den humpete veien bort til hovudveien og sneglar oss fram til slummen. Vel framme har barna begynt å friminutt og me vert ute og leiker med dei. Det vil seie at barna flokker rundt meg, eg spring og barna spring etter. Etter ikkje så altfor lenge er eg sliten og ser oppgitt på dei andre som ser ganske trøtte ut sjølv. Etter pausen går me opp på læreværelse. Av og til stikker ein lærer innom og spør om kan tenke oss å ta ein time med alt frå naturfag, religion og engelsk. Eg titter innom klassen min av og til som er ein ivrig gjeng meg unger som snart skal begynne på barneskulen (primery).
Lunsjen består av bønner og litt meir bønner og eg må ærleg innrømme at eg ikkje takler det så godt. Var greitt dei første gangene, men guri stakker barn der dette er det einaste måltidet dei gjerne av i løpet av dagen.
Etter lunsj er det sove tid og barne legger hovudet ned på pulten og sover. Eg var innom her ein dagen og det var jammen ikkje mykje plass til å sove og barna var meir interessert i at eg var der enn å sove. Dei første minutta skulle dei vise meg at eg måtte sove, men om ikkje so lenge greidde dei det ikkje sjølv så me tok ein time med høgt lesing i engelsk.
Etter ei stund kjem tida for å vandra "heim" att og me kjøre den humpete veien tilbake til senteret. For å seie det sånn nokon av veiene på har kjørt på ville pappa brukt traktor, for å sei det sånn. Mamma sin bil (nissan primera) hadde ikkje greidd veiene her nede. Det skal være sant å visst.
Vel framme begynner me på middag, noko som er spennande nesten kvar dag. I går var det sjølvlaga hamburger. Og steike var dei gode. Godt jobba jenter! Etter å ha spist oss mette er det tid for swahilitime. Swahili er verkeleg komplisert med alle desse merkelege gruppene. hmm, men jaja. kjekt er det nå å lære språket. Me har fått bøker for 3. klasse og føler meg ganske liten når eg prøver å lære meg dette merkelege språket. Plutseleg kjem det eit tyskt ord innimellom alle dei andre orda. hehe.
Etter swahilitime er me trøtte og setter oss ned og slapper av forann dataen, men klokka ni er me klare for nyheiter og eg og Liv Astrid tek turen bort til Catherine, som bur her på området. Her koser me oss me nyheiter og frukt før me må sei hade og vandre tilbake til vårt bygg. Eg kravler i seng og er klar for ein god natt søvn, men så lett er det ikkje. Det er begynt å bli litt kaldt her nede (ikkje så kaldt som heime, men for å være afrika er det kaldt) og eg fryser og savner dyna mi. Så begynner hundene å gaule som aldri før, men etter ei stund sovner eg.

Wednesday, October 22, 2008

BlaBlaBla!
Ja, her er eg igjen. Framleis er alt bra sjølv om eg savner dere der heima. Trur aldri eg har drøymt så mykje i heile mitt liv. Våkner opp ein morgon og må nesten berre le. hihihi… Eg drøymer alle der heime, jul, heimreise og Obama(korleis han kom inn i drømmen min veit eg ikkje. Må være noko med at han er godt likt her nede. Hehe)

Sitter her og tenker på alt eg savner der heime:

- Mamma og pappa (spesielt lausdagas kveldane saman med mamma og pappa)

- Vennane mine

- Min kjære bror (kjekt å sjå deg i blant sjølv om det ikkje vert so ofte)

- Senga, dyna og puta mi (rommet mitt)

- Besøk hos Rune og Bjørg (noko eg håper me kan ta opp igjen til våren)

- Lange gode samtaler med Katrine (you know what i mean)

- Jente-/venne-/filmkvelder (skal være noko eg gjer fortast mulig når eg kjem heim)

- Stove med sofa

- Mammas heimalaga mat (spesielt pizza!)

- Bondelandet/ strilelandet

- Norsk tinemelk

- Grovbrød med brunost

- Norsk melkesjokolade/ smågodt

- Norsk frisk luft

- Fjelltur med pappa

Men så tenkjer eg på alt det bra som er her nede:

- Flotte mennesker

- Ny kunskap

- Muligheten til å hjelpe

- Fantastisk natur

- Spennande byliv

- Mitt kjære team

- Nye opplevingar

- Det at eg kan glede meg til å komme heim og at eg kanskje kan setje betre pris på det eg har heime

- God mat (vertfall mesteparten, begynner å bli kraftig lei bønner:S)

- Artige matatu-turer

- Varmen (vertfall når det ikkje regner)

- Frukten!!! (her er det billig frukt!!og den er super god)

- Min kjære romvennine Liv Astrid som alltid har ein bra kommentar på lur eller alle Maria sine gode innslag

Ja, livet her nede er bra og eg takker Gud for denne opplevinga. Skulle ønskje at alle dere der heime kunne vert her saman med meg, men eg setter stor pris på at dere tar dere tid til å lese mine ord og tanker i mellom og eg håper at ikkje berre eg kan lære noko av denne turen, men at også dere kan lære noko gjennom meg.

Får ta litt fakta her folkens… For dere som ikkje visste er Kenya kanskje det ledande landet i Øst- Afrika. Det vil seie at det har komme ganske langt i forhold til andre land her nede. Alikevel har Kenya mykje igjen. Fattigdom er eit stort problem og me vart tidleg advart mot at mange kenyanare vil sjå på oss som ”dei rike”. Dette fekk me oppleve ganske fort og me kan kjenne at presse er der. Me, som studentar, har ikkje mykje å rute med, men me prøver å støtte befolkningen her i Kenya ved å kjøpe lokale varerer.

Eit anna problem her i Kenya var opprøret rundt årskiftet. Mange av dei fattigaste vart ramme og førte berre til meir fattigdom. Folk miste kjendte, kjære, hus og eigendom. Me har allereie møtt folk som har vert ramma av opprøret og me høyrer at det har skapt problem for mange.

Alikevel har eg opplevd Kenya som eit land med smilande, flotte og imøtekommande menneske.

MATATU!

Ja, som eg har fortald før så er vårt nye transport middel. Eg må ærleg innrømme at eg har blanda kjensler for denne måten å komme seg fram på. For det første er det greitt å berre gå bort til veien når du vil, problemet blir då viss det er rush eller du er uheldig og må vente lenge. Matatuen er som oftast full, men den kan av og til bli litt for full. Eg måtte ein gang sitte på fanget til Liv Astrid. Ikkje min beste minne frå matatu-turer. Det er ein ting som gir matatuane eit stort pluss. Dei er ganske artige utanpå. Skal du ta deg ein tur og titter ut på veien vil det dukke opp mykje rart. Alt frå kjendiser og rare kommentarar til bilde av Jesus, bibelvers og oppfordringar til å bli kjendt med Jesus. Kan ikkje sei at du kan finne noko slik i vårt kjære Noreg! Hehe…
Vel, eg håper dere der heime frå teste å ta ein matatu-tur ein gang. Det er noko eg seint kommer til å gløyme. Eg venter framleis på at matatuen eg sitter på med skal stoppe, punktere eller noko slik, men det var endå ikkje skjedd. Hehe. Neida.

Dette vart kjekt. Skrive, skrive, gjer eg… Sånn kan det gå. Håper det snart ordner seg med internett slik at eg lettare kan kommunisere med dere og slik at dere kan sjå bileter! Hmmm er det noko meir eg ville seie. Jo, viss dere har spørsmål eller noko er uklart så berre spørr! Eg svarer med glede.

Tuesday, October 21, 2008

Hei igjen!

I dag gjekk eg innom bloggen min for å titte. 12 nye kommentarer! JIPPY! Hehe. Kjekt å høyre frå dåke. Er merkeleg å være så langt vekke og ikkje ha muligheten til å sjå dere alle saman.

Det var nokon som lurte på været her nede. Me er nå i regntida. Det vil seie gjevnlege regnbyger, men for å sei det på ein annan måte så er det mest sannsyneleg varmare her enn der heim… hehe! Plutseleg skinner sola og i det neste bøsregner det, men me tar det me godt mot og ser fram mot solskinnet. Når eg først nevne regn kan eg jo seie at det hølje ned når det først begynner å regner. Det er snakk om MYKJE regn folkens!

Så var det maten. Me lager det meste av maten sjølv, men me har nå lært å lage chapati noko dere der heime skal få smake ein gang. I love it! Maten her nede har mindre smak enn norsk og kan bli litt einsformig, men då passer det godt at eg reiser med misjonærbarn frå både Japan og elfenbenkysten. Her lager me retter frå alle mulig kantar av verda + pluss litt eigen miksa.

Kva meir var det spørt om? Jo, kva eg driver med her nede. Altså eg studere interkulturell kommunikasjon og internasjonalt arbeid. Til nå har me hatt timer om kenya, kulturen og organisasjonen me jobber for, altså Focus kenya. Så 3 dager i veka jobber me på eit senter nede i eine slummen her i Nairobi. Senteret har både skule, liten helseklinikk, barnepass og kyrkje. Me jobber mest på skulen som lærere. Til no har eg hatt ein klasse i engelsk. I dag var eg innom babycare og jobba, men ikkje så mykje å gjere der, og dama som jobber der snakker særs lite engelsk.

Ja, så har eg ein NYHEIT å komme med. Eg tok dreads her om dagen. Me tenkte at me måtte gjere noko litt crazy for å sei det sånn. Så ein dag tok me turen til byn for å møte vennen til ein me har blitt kjendt med. Det tok oss litt over 2 timer stille sitting og mykje latter før me endeleg var ferdig. Eg har alltid høyrdt og tenkt at eg har tykt hår, men når dei var ferdig med dreadsa var såg ikkje håret så tykt ut lenger for å sei det sånn. For dere som tenkjer å ta dreads seier eg berre: ikkje gidd. Eg angrer ikkje, for all del, men guri so ekkelt. Klissete og heilt merkelegt å sove med. Hehe, jaja så har eg gjort det og….

Ja i går var me på vandre tur nede i Nairobi city. Trur me gjekk stort sett rundt og rundt, men me greidde nå å orientere oss litt. Me var innom Jawa house, noko som anbefalest til alle som får muligheten. Endeleg ein god kopp kaffe! JIPPY! Før eg reiste ned til Kenya fekk eg høyre av dei internasjonale på Hald at kaffien i Noreg ikkje var god, men fytti katta så dårleg kaffien her nede er. For det første er den ikkje god, for det andre har dei små mykje vatn i at det ser ikkje ut som kaffi. I like it black… Me prøvde å finne eit marked for det er så mykje fine ting her nede, men den gang ei. På kvart gatehjørne møtte me innpåslitne menn som skulle vise oss eit marked. Til slutt gav me opp. Me avslutta dagen med å gå på indisk resturant, men det var lettare sagt enn gjort. Me gjekk og gjekk, og følte at me aldri kom fram. Det gjorde vertfall ikkje eg. Eg hadde blemmer og vondt i beina, men me fortsatte og etter langt om lenge var me nå framme. Me fann då ut at resutranten var vegetraisk, men jaja…. Me hadde gått den lange veien så me gjekk å spiste. Maten var god og det var deiligt med ein dag ute og utforske!

Håper alt der bra der heima! Savner dere kjempe mykje. Love you all!

Dette får være alt for no…. Skal prøve å fikse meir snart!

PS! Har ikkje fått fiksa internett enno. Jobbe med saken!

Wednesday, October 15, 2008

saa var eg her igjen. jobber framleis med internett, men trur me ordne det snart.
Her er alt bra, trur kultursjokket begynner aa komme. Koser meg, men er litt trott og sliten, men det er nok berre alt det nye.
Me har begynt arbeidet vaart i Mathareslummen i Nairobi. Me jobber paa eit senter der. Me har jobba litt i daycare(barnehage) og litt paa skulen. Skal visst nok vere laerere. ikkje veit eg korleis det skal gaa. barna er heilt fantastiske sjolv om dei behandler oss som kjendiser eller noko slikt. I gaar var eg med inn i ein klasse,forskulen. Barna sang sanger for meg og smilte og lo for aa faa oppmerksomheita mi. Litt etter litt fekk dei oppgave av laereren og for eg visste ordet var det var laeraren vekke. Eg vart sittande att og maatte rette oppgava deira. Noko eg maatte gi meg med etter ein stund fordi min rettskriving i engelsk ikkje er saa bra. hehe. Det er merkeleg aa sjaa ein plass som Mathare. Folk bur tett i tett i smaa skur,soppel overalt og ein kamp for aa overleve. Me var innom ei kvinnegruppe der kvinnene hadde HIV. det vart spurt om korleis problemet vart behandla i Noreg og om me hadde noko oppmuntring aa sei til dei. Det er ikkje lett for ein nordmann aa sette seg inn i ein situasjon som desse kvinnene lever i. Dei har HIV. Ja, dei faar medisin, men dei trenger mat og tak over hodet,og dette maa dei skaffe sjolv. Dei fleste menn forsvinner naar jenta vert gravid og mange av problema havner paa jentene. Alikevel var det smilande damer med motte i denne gruppa. Dei smilte og helste paa oss alle saman. For nokre fantastiske mennesker.
Desse maanaande i slummen kommer til aa bli ein utfordring paa mange maater, men eg trur ogsaa eg kommer til aa ha mange gode minner derfraa. Alle barna og menneska me moter gir meg haap sjolv om det ser vanskelegt ut. Eg trur me alle har mykje aa laere fra dei.

Eg trivest veldig godt her nede sjolv om det er rart aa tenkje paa at eg er saa lang heime ifraa. Vel, dette faar vere nok for no for dette tastaturen var heilt forferdeleg. Haaper oppdateringa vert betre naar eg har eige internett og eigen pc. Savner dere og kjempe kjekt at dere legger igjen kommentarar. Eg har mykje aa fortelle, men det jammen ikkje lett aa skrive alt ned.
Skal snart legge ut bilder, men i dag tok eg med feil ledning. skal sjaa om eg kan fikse med rett ledning. Haaper alle der ute har det bra. Kjempe gla i dere og tenkjer mykje paa dere. Tusen takk for all bonn og alle tankjer.
GUD VELSIGNE DERE ALLE!
ps. unnskyld alle skrivefeil....
Snakkas

Monday, October 06, 2008

Vel, hadde litt meir tid enn eg trudde saa daa faar eg fortsette aa skrive. I gaar var me paa forste gudstenesten her nede i Nairobi. Me var paa eit universitet og det var jammen mykje folk. Me var paa gudsteneste nummer 2 og det var saa godt som fullt. Alt var veldig hogt, men det gjekk greitt. Musikken og sangen gjekk paa ein blanding av engelsk, swahili og dialekt saa ein kunne forstaa litt men langt ifra alt.
Livet her er annleis aa det er rart aa tenke paa at her skal eg bu i 6 maaneder. Folkene me har hilst paa er koslie og hyggelege aa snakke med. I gaar snakka me med ein som gjekk paa universitetet, og han stilte mykje sporsmaal om Norge og kristendommen, noko som eg ikkje greier aa skryte saa veldig a.
Eg begynner aa sette pris paa bussene, veiene, systema me har der heime. Eg savner roen fraa heime og eg savner alt det kjendte. Alikevel ser eg paa det som eit eventyr. Eit eventyr eg nok aldri kjem til aa glemme...
vel dette faar vere alt for no.
HEI FOLKENS!!!!
Endeleg har eg tilgang til internett. Me har bra nett der eg bur, men kan ikkje brukes for mykje. Jepp, kva skal eg skrive... Vel, me har tatt Matatu for fyrste gang og det var ein oppleving. Matatu er ein minibuss som me bruker via mindre avstander. Matatuane gaar heile tia, men gaar ikkje vidare for den er full. Veien er rett og slett heilt forferdeleg! Hompete saa berre tulling! Har eigentleg ikkje saa mykje tid, men eg skriver berre det eg kjem paa i farten. Eg sitter no paa eit hotell og skriver. Har nett vert paa supermarkedet og det var stort og hadde det meste...
Ellers er det veldig at det ikkje er saa mange kvite, aa spise ugali og all stovet....
Dette faar bli nok for denne gang. Takk for at dere skriver til meg! Det er kjempe kosli aa lese det dere skriver. Takker og bukker. Me er paa jakt etter eige internett, saa blir kanskje betre ved tia...
snakkas.... foresten har ikkje dei 3 siste bokstavane i alfabetet her.... viss du ikkje merka det...
Gla i dere alle!

Thursday, October 02, 2008

So var me framme og sitter ute og koser oss. Flyturen gjekk fint, men det var ikkje mykje søvn, så på film istadenfor. Me var framme i 9 tida og vart ønskt velkommen av Joseph. Så reiste me til Fokussenteret. Der fekk me god Kenyansk mat. Var kjempe godt. I dag sov, me lenge før me stod opp og fekk oss frukost. Det var brød (ganske grovt faktisk), peanøttsmør, syltetøy(blanding), te, kaffi, melk og varm sjokolade. Me ordna også rommet vårt, så nå henger det norskeflagget over senga saman med bileter av både kjente og kjære. Eg må berre takke Emil og Knuta så mykje for albumet. Det var kjempe kjekt å ha det med meg. Dere henger på veggen... Sjølv om eg savner alle heime og tanken på at eg skal være her så lenge kan eg ikkje noko for at eg trives veldig godt. Menneskene eg har møtt til no er fantastiske og naturen og maten er veldig bra. Eg takker Gud for den utrolige muligheten eg har fått.
I dag har me prøvd ugali for første gang. Eg har desverre ikkje bilete av det, men dere skal få sjå ein gang. Me spiste me henda, men det var lett å sjå at dette var me jammen ikkje vant med. Eg for min del syntes at ugali var godt. Ugali i seg sjølv smaker ikkje så mykje, men saman med litt grønnsaker og kjøtt er det godt. Lurer på kva me skal spise i kveld....
I kveld skal me ha om forventningane våre, men eg veit no ikkje heilt kva dei er. Eg forventer at dette skal være eit annleis år med ein god del utfordringar. Eg forventer at eg skal lære meg mykje om ein annan kultur enn min eigen.
jaja, det får være nok for denne gangen. Gi gjerne ein kommentar og kommenter det eg skriver eller berre sei kva du vil. Kjekt å høyre frå dere!
Store klemmer frå meg!
Håper dere har det bra

Now we have finaly arrived Kenya and is sitting and enjoying the varm air. the trip went fine, but we didn't get much sleep. I just most of the time watching movies. We arrived around 9 pm and we meet Jospeh at the airport. Then we travelt to the Focus senter.
Now we have settle in and love the place. Even though it's scary to think that we are going to be here for 6 months, we love the place and all the people we have met. Sorry that I don't write as much ion english as I do in Norwegian, but it's harder. Okey, I hope you internasjonal have a good time in Norway!
Bye for now!