Monday, November 24, 2008

På skattejakt i Nairobi

Det heile begynte med at eg og Ruth skulle til byn etter jobb for å hente ein pakke heime ifrå. Laurdag hadde me posthuset, så me tok fatt og gjekk bort dit. Då me var framme og gjekk gjennom dei store glassdøra vart me ganske skjelvne i beine. Det var eit stort rom med mange forskjellige disker. Me hadde ingen anelse om kor me skulle gå, så eg tusla bort til kundeservice og spurte. Det me fekk høyre var at me måtte på eit anna posthus eit stykke unna. Ok, tenkte eg. Greitt det. Eg spurte kor det var og mannen bak disken begynte å forklare og lage kart til meg. Eg, som den utlendingen eg er, gjorde mitt beste for å skjønne dei punktane han forklarte. Eg fekk kartet hans i hånda (ikkje at eg skjønte mykje av det han hadde skreve) og drog med meg Ruth for å prøve å finne dette nye posthuset. Første stopp var parlamentet. Me hadde vert der før og det tok ikkje lange tida før eg fant fram. Deretter vandra me vidare på kartet. Eg var spent som ein unge der eg gjekk og titta rundt etter neste gate. Me fant alle merkepunkta mannen hadde snakka om (må innrømme at eg jubla av glede for kvart eg såg) og ikkje lenge etter på stod me framfor posthuset. Etter å ha prata med ein del folk var me endeleg framme med disken. Eg gav frå meg lappen om pakken. Dei gjekk og hente, og eg tenkte: Ok, dette var nå ikkje vanskelegt; men den gang ei. Mannen bak disken ba meg opne pakken. Ok, så gjorde eg det. Inni var det jo endå fleire pakker som eg måtte opne slik at dei kunne sjå kva det var og godkjenne det. Måtte forklare ein del norsketing, men det gjekk nå greitt til slutt. Ruth stod litt flau attmed meg og hjalp meg. Eg synes eigentleg det var ganske morosamt. Mannen bak disken spurte med når eg nesten var ferdig: Is all this yours?" Eg svarte, stolt som eg var: "yes, it is!". Ferdig med å pakke ut var det tid for å pakke alt tilbake. Nå måtte me nå være ferdig, men nei! Eg vart sent til neste skranke for å betale toll, trur eg. Eit eller anna betalte eg vertfall. Eg kjem bort og dama bak disken seie at må komme tilbake i moro fordi dei ikkje tek imot penger og banken er stengt. Eg fortalde at det var eit problem, for eg skulle på jobb i moro og hadde problem å rekke banken som stengte 4. Etter ein liten diskusjon fekk eg snakke med sjefen. Etter litt overtalese fekk eg ordna det slik at ei dame der skulle gå i banken dagen etter å betale for meg. Eg gjekk tilbake til pakken min for å hente den, men endå var eg ikkje ferdig. Eg måtte ut med 70 shillings før eg endeleg hadde pakken i hendene mine. Glad og fornøgd bar eg pakken min (som var ganske tung for å sei det sånn) heile veien tilbake til Odeon der me tok ein matatu tilbake. På veien tilbake til Odeon fekk eg tilbudet om hjelp av ein man, men eg takka høffelegt nei takk. Vel, framme med matatuen kom ein mann bort og sa noko om at eg ein gang skulle bli forloveden hans. Eg takka nei med eit smil og satte meg inn i matatuen. Mannen stod ein god stund utanfor matauen før han endelegt gjekk sin vei.
Nå sitter eg på senteret og koser meg med min STORE pakke frå gode gamle Noreg. Til alle dere som har vert med på den: TUSEN TAKK!!!!!! Takk for alle snop, mat, bok, filmer og spesielt takk for kortene!!! Eg må desverre seie at ikkje er heilt sikker på kva eg fekk kven etter den raske utpakkinga på postkontoret. Skal love deg det var ein merkeleg opplevelse! Aldri gått gjennom så mykje for å få tak i ein pakke. Eg kjem til å få ein kosli jul her nede med alt dere har sendt. Skal sjå på julefilm og spise julesjokolade og julemarsipan! Eg kjem til savne dåke kjempe mykje, men då skal eg ta opp julekorta og lese dei opp att og opp att!
Ellers kan eg fortelle at me var på søndagspinik i Uhuruparken. Me hadde med oss scones, mykje frukt, chips og drikke. Me koste oss under ein av trea. Etter me var ferdig å ete tok me turen bort til ein konsert som vart halde i parken. Det var mykje bra musikk og dans frå både Tanzania, Etiopia, Kenya, Nederland og Noreg.
Eg må sei at eg stortrivest fortida. Det er mykje eg savner, men eg er komme til eit punkt der eg har begynt å setje veldig pris på den kenyanske kulturen og alle menneska her ned. Dei siste dagane har vert herlege og gleder meg til å vise dere alle bileta og fortelle alle historiane når eg kjem att.
Eg tenker mykje på dere der i Noreg og håper dere har det like bra som meg! Skulle ønske dere kunne få oppleve alt deg har fått oppleve.
Dette får være nok for denne gang, men håper det ikkje vert lenge til neste gang. Igjen til alle dere som var med på pakken: TUSEN TAKK! Eg elskte den og setter veldig pris på det som dere sendte.
Kjempe glad i dåke!

Saturday, November 22, 2008

OPPDATERING

Ok, så var eg her igjen. Begynner å bli litt treig her. Sorry!

Vel, her går alt bra. Me har strålande vær og varme!, noko eg høyrer rykter om ikkje er det same for dåke der nord. Jaja, så får dåke snøen og kulden, mens eg tek sola og varmen. Grei fordeling det. Eller?

Det har ikkje skjedd mykje sidan sist. På onsdag var eg og Ruth på marked for å prute litt. Eg måtte teste om pruteeigenskapane framleis var fungerane. For å sei det sånn: Det begynt litt dårleg, så gjekk det oppover heilt til eg vart lei og irritert, men kjekt var det! Eg handla mykje rart, både ting eg ville ha og ting eg eigentleg ikkje skulle ha, men som kanskje kan være kjekt å ha. Jaja, sånn går det med innpåslitne selgare. Eg fann også ut noko nytt innan prutefronten. I Kenya er det betre å gå til manlege selgare enn kvinnelege. Det hadde eg aldri trudd skulle skje, men den gang ei. Eg og Ruth hadde ein konge tur nede i sentrum og fekk teste ut vår rettningssans, som funka heilt som den skulle. Me var og spiste pizza (noko som er ein særs sjeldan kost her nede med tankje på at dei fleste kenyanarar aldri bruker ovn).

I går lagde eg og Ruth chapati på eigehand for første gang. Må seie eg var stolte! Litt trening til også kan eg komme heim å lage litt.

Dagen i dag har vore rolegt og avslappa. Ganske deiligt eigentleg. Eg har jobba med skulearbeid. Skreve raportar så det fyke... Eller nesten vertfall. Så var det dagens happning: Høneslakting. Dette var då Liv Astrid og Maria sitt prosjekt, og skal love deg det var liv. Med litt hjelp frå Kama slakta Liv Astrid og Maria kvar si høna. Ein god del barn som bur her på senteret var også me. Eg tok mange fine blodige bilete som dere gjerne skal få sjå når det laga seg så. Gøyt var det vertfall. Håper eg ein dag også får muligheten. Vel, dei stakkar små teamkameratane mine har då vert på kjøkkenet i nesten heile dag og jobba med middagen vår, som eg ser veldig fram til. Så Arbeidsvillighet det har me her til dei grader.
Ellers så fant eg ut at pakken min som mamma har sendt er herved ankomme Kenya. Lykkeleg som eg var reise eg ned til sentrum med Ruth på slep for å hente min kjære pakke frå Noreg, men det som venta meg var eit tom postkontor. Vel, så får eg vente til mandag etter jobb. Ooooo eg glede meg! Pakke frå Noreg!! JIPPY! vel, for å trøste min lille nedtur gjekk eg og Ruth for å spise is og handle ei veske (som foresten er VELDIG kul, meiner eg vertfall). Vel framme igjen finner me Liv Astrid og Maria som framleis jobber mine sine kjære høner. Nå begynner dei snart å være ferdig og ser fram mot ein god middag og ein kosli laurdags kveld.

JULEFERIE!

Ok, eg må ærleg innerømme at eg ser fram mot ferie. Me har herved kjøpt buss billett frå Kampala (Uganda) til Mombasa den 19. desember, og togbillett frå Mombasa til Nairobi den 25. desember. Mine flotte teamkamerater, Liv Astrid og Maria, med hjelp av Kama fann ein plass me kune bu, så nå er alt i boks! Oh yeah!

Etter jul:
For dere som ikkje veit det ennå så har eg endeleg fått vete kor eg skal etter jul. Det er altså i den perioden der eg skal jobbe med studentarbeid. Det heile skjedde ein dag då heile teamet satt å snakka med Karanu (vår kontaktperson). Me spurte han om han visste kor me skulle og denne gangen visste han det (me har spurt ein del ganger for å sei det som det er). Vel, han begynt med at Liv Astrid og Maria skulle til Njeri i nærheita til Mount Kenya. Ok, greitt tenkte eg. Neste plass var Kakamega. Dette er den plassen lengst vekke, sa Karanu til oss. Av ein eller annan merkeleg grunn sa eg: "Der vil eg!" hehe! Der har du Christine på høgt nivå. Vel, Karanu begynt nå å fortelle litt om plassen. Det er ein by i vest-Kenya og ligger ikkje så langt frå Viktoriasjøen og Uganda. Det er litt ut på landet (med tanke på Nairobi). "Jippy!" tenkte eg. Det har seg sånn at eg begynner å bli litt lei av all denna eksosen som er her i bydn. Altså eg er ei bondesjente tvers gjennom og liker det så eg håper kanskje eg kan få sjå litt meir av "the countryside" for ein gangs skyld. I seinare tid har eg funne ut at dette er ein plass som er kjendt for ugali (ein afrikansk rett) og "chicken" (her kan det visst bety på kylling og høne så kven veit. Fjærkre vert det vertfall). I reiseboka til Liv Astrid stod det at dette var ein plass du ikkje trenger å reise til, men eg tek det som positivt med tanke på at det ikkje er så mange som har vert der.
Dette får være nok for denne gang. Håper eg vert flinkare til å oppdatere....

Eg er evig takknemlig for alle der som tek dere tid til å lese bloggen min og som gir ein kommentar. Eg er like glad kvar gang er ser det er ein ny kommentar. Kjempe kjekt å høyre frå dåke der nord. Savne dere kjempe mykje og håper dere har det bra der i kulden.

Sunday, November 16, 2008

HEI IGJEN FOLKENS!
Lenge sia sist. Over to veker faktisk. Huff
a meg! Det var verkelegt ikkje meininga, du
skjønner dei har problem med å skaffe oss
internett som me kan ha under heile
opphaldet som ikkje er for dyrt. Det ser ut
som dei snart finn ei løysning. Vel, mykje
har skjedd sia sist så eg kan jo prøve å
forklare litt:

Torsdag 29.okt:
Mamma Mia!
så har eg herved vert på kino i Afrika
(Kenya). Eg og Maria tok med oss nokre
venner frå focus og gjekk ein tur på kino.
Sjølv om det minna mykje om gode gamle
Noreg er det ikkje det same. Stolane er
ikkje så gode og skjermen ikkje så bra, men
kjekt var det. Filmen me såg var "Mamma
Mia" og eg og Maria sang med som berre det
til underhaldning for våre gjester. Filmen
var konge og anbefalest til alle som ikkje
har sett den! Vel, vertfall dere jenter!

Fredag 30. okt:
Fredag reiste eg og Maria på konsert på ein
av universiteta her i Nairobi. Rundt halv 6
tida kom Ben for å hente oss. Etter å ha
vandra til hovudveien (ca 10 min) hoppa me
i ein matatu som skulle ta oss til
universitetet. Eg og Maria skviste oss inn
i matatuen som var "ganske" full (det vil
seie rundt 3-4 personer for mykje). Det var
ein livleg tur for å sei det sånn...
Endeleg var me framme. Campusen var stor
(det er som eit eige samfunn. Dei har det
meste ein treng på campusen) For å sleppe
den "lange" veien til hallen satte me oss
bakpå kvar sin sykkel. Der satt me bakpå
kvar vår sykkel og såg på den fantastiske
klare stjerne himlen. Nesten framme svingte
sykkelen til Maria til venstre. Eg, så
forvirra eg var, snudde meg rundt og såg at
Ben kom same vei som meg. Me såg litt rart
på kvarandre før Ben sa: "Crazy man!" Me
fant ho fort og fann ut at mannen som sykle
ikkje viste veien.
Konserten var heilt fantastisk! Dei var
kjempe flinke. For ein gang skyld var det
sangar me kunne og me sang, dansa og koste
oss. Konserten begynte rundt klokka 10.
Rundt halv 2 måtte eg og Maria trekke oss
tilbake for å ikkje sovne ståande. Me fekk
låne oss to senger og sovna ganske fort.

Laurdag 1. nov:
klokka 7 stod me opp og tok ein matatu
heim. Maria hoppa rett til sengs, mens eg
for min del tok meg ein dusj og litt
frukost. Etter at Maria hadde stått opp tok
me turen ned til bydn på utforskningstur.

Søndag 2 nov:
Me slappa av! Så enkelt var det
Ellers så var me på kino att på tirsdagen fordi dei to andre i teamet (Liv Astrid og Ruth) ikkje fekk anledningen sist gang. Så har me jobba i slummen. Den siste veka har me begynt å jobbe på to barneheim. Der er me med barna, hjelper dei med lekser, leker med dei, lager mat og vasker klær.

Laurdag 8 nov:

På skøyter i Kenya!
Hmm så vart det laurdag og me hadde lyst å
finne på noko. Ute regna det så det minska
mulighetane me hadde. Etter litt gjennom
tenking kom me fram til at me ville stå på
skøyter. Tru det eller ei!
Vel, me hoppe inn i ein matatu og suste ned
til bydn.Det tok si tid å komme seg ned til
sentrum på grunn av rush, så då me endeleg
var framme var det tid for lunsj. Me tok
turen til Java House og eg hadde "toasted
sandwich": ost og tomat, og ekspresso
milkshake. Hmmm det var godt! Spesielt med
tanke på at det er ikkje kvar dag eg får
spise ost her nede. Det var faktisk første
gang eg spiste ost her nede utanom den
gangen me spiste pizza nede i sentrum. Godt
var det vertfall.
Fulle i magen tok me fatt vidare med ein

buss/matatu til eit hotel ikkje så langt

frå sentrum. Me kom oss lett fram, men vart

snylta på veien fram. Me måtte betale 50

shillings til hotelet (det vil seie ca. 4,5

norske kroner)og det var overpris!!!!

TULLINGER! Tilbake betale med 30 shillings

(ca. 2,5 norske kroner) noko som er litt

rimelegare.
Vel, der stod me og såg opp på eit svært og
flott hotel. Me vandra forsiktig inn og
etter litt leiting fant me fram til isbanen
(som faktisk er den først isbanen i
øst-afrika). Utanom oss var det ein heil
haug med barn og to instruktører. Etter
litt surring rundt på isen var me i gang og
me koste oss mykje i kulden. For ja, det
var faktisk litt kaldt der. På veggane var
det mala snø og folk som stod på ski, så me
følte oss som heima.
I ein time suste me rundt på isen før me
måtte forlate isbanen. Det var deiligt med
noko som minna litt om Noreg (sjølv om eg
ikkje er den som står mest på skøyter).


Ok, det var alt eg rakk no, men eg håper på å få oppdatert meir framover. Kjekt å sjå at dere kommentere.
snakkas!