Wednesday, August 27, 2008

Dagens Tema: Challanges in cross culture communication.

Ja, så var det tid for å forberede seg på utfordringer ved å komme til ein ny kultur. Første tima begynte med at alle satt i grupper rundt ulike bord. Vi skulle ha turnering. Beskjeden var grei: me fekk ikkje snakke saman og me fekk 5 minutter til å lese reglene. På bordet låg det ein liten kortstokk. Tingen var at bordene hadde ulike nummer frå 1- 12. Nummer ein var taperene og nummer 12 var vinnerene. Me fekk ei stund til å spele spelet og vinnaren flytta seg til bordet som hadde nummeret høgare enn bordet ein satt på. Og for taparen måtte han/ho flytte seg til bordet med talet under. For informasjonens skyld så greidde eg å komme meg frå bord nr 9 til nr 12...
Tingen var at på dei ulike borda hadde vi fått ulike regler, så når vi flytta på oss skjønte me ingenting når dei andre bordene spelte med andre regler. Me kunne ikkje snakke saman så det vart ein god del frustrasjoner. Øvinga var veldig bra til å illustere utfordringar ein kan møte i ein annan kultur.


Her ser du linselusene Maria og Kamilla, og dei som ikkje er så glad i kamera Sigrun og Liv Astrid.

Tuesday, August 26, 2008

Ein vanleg dag på Hald

Så er det tirsdag, og vi er i full gang med blogg- laging. For min del vert det å redigere på den gamle, og legge til dei andre hald- studenter. I går skjedde det ikkje stort. Me hadde undervisning i "The great commission"(Misjonsbefalingen) og "1. Corinthians". På slutten av skuledagen satte me oss ned og snakket om landet. Dei ulike i teamet hadde funnet ut ting om landet som historie, politikk, religion.... Dere har sikkert hørt om opprøret etter president valget i desember i fjor. Det er snakk om at kanskje grunnen til at opprøret starta og grunnen til kampen mellom dei ulike stammane var at dei vart opphissa frå høgare hold, men dette kan ein sjølvsagt ikkje bevise. Nå er alt roligt og Odinga, som tapte valget, har fått rollen som statsminister (noko som aldri har vert før i Kenya).

I dag er det roligt, og "act now"- studentene er i kristiansand. Me har kjøpt bøker, lager blogg også veit eg rett og slett ikkje kva me skal etter lunsj. Men det ser me om ikkje så altfor lenge.

Ja, eg har også begynt å øve meg på swahili. Tenk så kjekt å kunne snakke det då! For eit fint språk. Habri yako? (korleis går det?)

jes, jes livet er herleg!
Over og ut!

Sunday, August 24, 2008

HELGE TUR
Tida flyger av gårde som bare tulling, og eg veit ikkje om eg greier å følgje heilt med. Me er nå komme frå helgetur i nærleiken av Flekkefjord. Tema for turen var Teambuilding. Det gjekk ut på at me skulle ta ein del utfordringer.

Første kvelden var det tid for bål og grilling av pinnebrød. For dei internasjonale var dette første gangen. Me sang og fortalde historiar, mens me koste oss med ilden.














Til venstre: Ruth (min teammate) leder meg opp ein
bratt skråning, mens eg har bind forann augene. Til høgre: Rosie (min romkamerat) og Janet frå Kenya

Dette var ein av dei øvingane med hadde i helga
Alle fekk prøvd seg og fekk verkeleg tøyd grensane. Me måtte også opppå ein ganske høg stein og sleppe oss ned bakslengs, mens resten av teamet tok imot. Mitt team hadde ein liten "Ulykke" med at Ruth havna i bakken, men ho reiste seg leande. Takk og lov!














Eg vil seie det var ein VELYKKA tur, og eg koste meg mykje. Den siste kvelden hadde me underhaldning, bildeshow og popcorn. Folk bidro med alt frå musikk, dans og leik, og det var liv og røre til titusen.

Nå avsluttes dagen med å gjere ferdig ulike lekser. Før me om ikkje så altfor lenge skal ta kvelden og skulen byrjar att i morgon. snaks

Monday, August 18, 2008

Så er det blitt mandag og undervisinga er i full gang. I dag var temaet "Leadership" og var ein innleiing av temaet. Mange har framleis problem med at dei er trøyte om morgonen, men så er det jo som oftas når ein byrjar på skulen att etter ein lang ferie. I dag har det vert ganske roligt. Mange har vaskejobber, mens andre har dratt ned til stranda for å bade. Eg for min del held meg oppe på land i dag. Satser heller på litt volleyball når folk kjem opp att. Ellers har det ikkje skjedd så mykje nytt, eller det er vel ikkje heilt sant det heller. Eigentleg lærer ein stort sett noko nytt var dag. Om det er språk, om kultur eller noko om deg sjølv, det varierar. Eg prøver å lære meg litt swahili, men er ikkje komme så langt ennå. Rosie har sagt ho skal hjelpe meg, så skal eg hjelpe ho med norsk. Vel, eigentleg er det for fint vær til å sitte inne så dette for være nok for i dag.