Saturday, October 25, 2008

Myggen angriper!
Ja, i natt gjorde eg den tabben at eg hadde eine handa mi nærme nok myggnettet slik at myggen greidde bite med. Etter mange dager utan myggstikk var dette ikkje det beste å oppdaga tideleg ein laurdagsmorgon, men kva anna kunne eg gjera enn å smøre på litt kløstilllande middel.
Er det ein ting som irriterer meg så må det være myggen. Skulle gitt den juling om eg berre visste korleis ein gjer det med ein så liten skapning som ein mygg. Vel, sånn er livet og eg har begynt å lære å leve med det.

Kviting-radaren

Korleis det skjedde og kvifor veit eg ikkje. Me har i lang tid irritert oss for at så mange roper muzungu (europer/kviting) når det ser oss. Det irriterer oss når me overhøyre dei snakker om muzungu når me er dei einaste i område dei kan snakke om, men alikevel har eg oppdage noko heilt spesielt med meg sjølv. Eg har oppdaga min kviting-radar. Eg kan finne dei overalt. På pizza-in, bussen, kjørande i biler, og til og med langs veikanten. Okei, dere der heime! Eg veit det høyres rart ut, men det er ikkje så himla mange kvite her nede i Afrika, men alikevel greier eg alltid å finne dei. Det heile begynte når Maria ropte: "HVITINGER" og peikte på Matatuen vedsiden av vår. Eg måtte le. Ja der satt ein haug med kvitinger, men kva så? hehe. Eg begynner litt å skjønne kenyanerane når dei roper "muzungu!". Eg liker det ikkje, men eg kan forstå dei.

Dagen i dag
I dag var me atter ein gang klar for ein utflykt. Målet vårt var den norske skulen i Nairobi. Eg, Liv Astrid og Maria vandra ned til veien også var me i gang. Nede i sentrum bytta med frå Matatu til buss og turen gjekk vest for Nairobi. Det var eit stykke og eg satt og stirra ut vindauget. Landskapet var finare, husa vart finare, ALT vart finare. Eg begynte å tenkje: Kva skjer no? Med litt hjelp av ei kosli dame og ei gammel nonne var me endeleg framme og me gjekk spent inn porten til den norske skulen. Gubba Noah det var fint der! Etter afrikansk standar var dette 5 stjernes hotell. Me hadde høyrt at me vart sett på som rike mykje fordi misjonærane budde så fint, men eg hadde liksom ikkje greitt å sett det for meg.
Planen var eigentleg at me skulle møte nokon som Maria og Liv Astrid kjente som skal gå på bibelskule på den norske skulen (teft), men dei var sjølvsagt ikkje der. Jaja, me vart nå vist rundt og Liv Astrid fekk lånt ein data og internett.
Etter litt meir enn ein time begynte magen å rumle og me retta nesene våre ned mot sentrum igjen. I dag vart det endeleg pizza og eg skal love deg at det smakte godt. (PS. mamma: eg vil gjerne ha heimelaga pizza når eg kjem heim!!! hint hint) Så handla me litt på Nakumat og satte oss i matatuen og nå er me her igjen.
Planen vidare i dag er mat, slappe av og film. God laurdags kveld for å sei det enkelt.

Foresten: jobber framleis med internett og har ikkje lagt ut bilete ennå, men min kjære teammate Liv Astrid har så det går ann å stikke innom hennas... Du finner link til sia hennar på bloggen min...

3 comments:

Anonymous said...

Heisan Christine! Kjekt å høyra kor du har det i Kenya. Me tenkjer på deg og ber for deg kvar dag. Kristina er redd du ikkje får nok mat, men vert beroliga av å høyra at du får heimalaga pizza når du kjem heim.

Adjø "muzungu"!!

Klem frå Anne Karin m/gjengen

Anonymous said...

Hei Christine. Fikk mld. di i dag,men har skjønt at du ikke får mine.Selvfølgelig skal du få pizza når du kommer hjem igjen!så mye du vil ha!Du har blitt veldig flink til å oppdatere bloggen din, og det er gøy!Her er det et forferdelig vær i dag! Tror det må være storm.Ha en fin lørdagskveld,vennen! Klem fra mamma

Anonymous said...

Forstår at du er plaga av myggen, Forslag; Send han til Start, - der er dei veldig glade i han!
Spøk til side. Enig med din moder, no er du verkeleg blitt god til å oppdatera oss. Veldig kjekt å fylgja med deg! Eg er åleine i kveld. Gjengen er på Tesaker. Tante Kari fyller 75 år. Her uler vinden, og det pøsregnar. Lite Afrika, lite sol. Men ellers har me det så bra me kan ynskja det.
Vil gje deg eit ord frå Bibelen:"Set din veg i Herrens hand og lit på han. Han skal gjera det".Sal.37,5. Morfar.