Tuesday, February 24, 2009

Tida har begynt å gå himla fort, og eg har begynt å skjønne at eg kjem nok til å savne Kenya når eg kjem tilbake til Noreg. Sjølv om desse månadane har vert fulle av utfordringar og mykje nytt, så har det også vert utrolegt lærerikt og spennande.
Eg kjem til å savne:
· Folkene
· Maten
· Transportmåten
· Markedet
· Varmen
· Spise med hendene

Men eg må jo innrømme at Noreg verker utroleg tiltrekkande fortida. Ingenting er som ei godt grovbrødskeve med fårepølse/kvit ost, kaviar…, risengrynsgraut, kylling og gresk salat (noko mamma er ekspert på), kjøttkaker, lasange, mammas pizza…. Home, sweet home!

I helga var eg i Bukura på ein ledertrening. Som alltid måtte eg no fram og seie noko om mitt kjære Noreg. Det var ein bra trening og eg lære utroleg mykje av min kollegaer.
Me har hatt ein god del treninger rundt omkring sidan eg kom hit til vest- Kenya, så eg føler eg er stort sett på farten, men det er jo det eg liker. Spennande å sjå nye plasser.

45 dager igjen (av 192)… Tida går fort, og snart er eg heima. Eigentleg ganske rart å tenkje på. Er blitt så vant til Afrika og Kenya, at det vert nok ganske rart å komme tilbake til Noreg. Vert nok endå eit kultusjokk… hehe

Thursday, February 19, 2009










Her er daa bilde av meg og viktoriasjoen, stovo vaar og jiko (som er den me lager mat paa)++ Eg kan ikkje sjaa bileta naar eg skriver saa dere faar berre tippe til no...
----------------
Hei igjen!

Det er liksom ikkje så mykje å skrive fortida. Det går for det meste i det same.
Mandag: Vasking av hus og klær. På kvelden er det BEST-P møte (bible exposition self- training programme) som me av og til går på.
Tirsdag: Bibelgruppe på kvelden.
Onsdag: Møte
Torsdag: ikkje noko spesielt
Fredag: Møte
Lørdag: Ofte ledertrening, eller så er det bibelgruppe
Søndag: Gudsteneste

Utanom det vanelege programmet går det mykje i å besøke studentar, ha besøk av studentar, jobbe med oppgaver og besøke andre folk. Stort sett går det i eitt. Ser kanskje veldig avslappa ut, men det skal eg love deg det ikkje er. Er litt slitsom å ha folk rundt seg 24/7.

Ellers så var me i Kisumu frå fredag til laurdag. På fredagen reiste eg til Kiboswa, der møtte eg Everline (ho eg bur med), og vidare reiste me til Kisumu. I Kisumu hadde me ein slags bibelgruppe med ein del focus- ansatte. På kvelden overnatta med hos kontakt personen min. På laurdagen hadde dei ulike ledararane frå dei ulike universiteta eit valg om kven som skulle sitje i styret for regionen Kisumu. På kvelden reiste me tilbake.

Ellers så har eg det bra. Det er fortida veldig varmt i Kakamega, og vertfall i Kisumu så eg ser fram mot regntida som begynner å nærme seg. Eg held på med nedtellinga til eg skal heim og i dag er det herved 49 dager igjen så det begynner å nærme seg….

Som vanelegt savner eg Noreg, men er det så rart? For min del er det ALFOR varmt her, savner kulde. Det positive er at regntida begynner å nærme seg å då blir det litt betre temperatur vertfall om kvelden.

Tuesday, February 10, 2009



Her bur eg!
Her er eg atter ein gang. Eg har ein nyheit å komme med. Tipp kven som fant pepsi max???? Jippy! Det er ikkje ofte du kjem over det her nede, vertfall ikkje på ein plass som Kakamega. Det morsomme var jo at det berre var ein ingen, og at den gjekk ut i denne måneden. Hehe..
Ellers så er eg her og du der, berre som ein opplysning. Eg og Ruth held på å planlegge ferie som me gleder oss til. Kva er vel ikkje betre enn å farte rundt??? Ikkje veit eg. Eg må vertfall seie at eg gleder meg. Deiligt å kunne snakke norsk igjen (ser alltid fram til det) og deilig å kunne sove når ein vil. Ferie er jo alltid deiligt.
Tenk no er det berre 60 dager igjen… Då eg kom her var det heile 192. Det vil då seie at eg er ferdig med 69% av opphaldet. Ein ting skal være sikkert: aleine norsk får meg til å tenkje litt vel mykje. Veit ikkje om det er bra eller ikkje?

Lite har skjedd sidan sist gang, sjølv om det har gått over ei veke sidan sist eg skreiv. Det vil ikkje seie at eg har hatt lite å gjere. Er berre ikkje så mykje å fortelje. Her går det stort sett i å være med studentane og være med på arrangementane deira, som til tider (eller stort sett) er litt for mykje for min del. Her om dagen hadde ledarane ein samling ved utkanten av regnskoget. For dere som ikkje veit det så bur eg veldig nærme ein regnskog. Der hadde dei leiker og aktivitetar, og til slutt snakka dei om viktige saker som hadde med arbeidet dei drive med.

Hmm.. kva meir kan eg skrive? Er liksom litt tom for ord. Eg savner framleis Noreg og alle dåke der heima.

Det vert alt for denne gangen.

Wednesday, February 04, 2009

Ja, så er eg tilbake i Kakamega. Det har vert ei lang helg, men eg har kost meg. Eg begynte turen til Nyeri rundt klokka 8. Eva reiste saman med meg til Kisumu og viste meg kor seg skulle gå vidare. 1 og ein halv time måtte eg vente i Kisumu for at matatuen skulle bli full! Det var varmt skal eg seie deg! Turen tok rundt 4 timer trur eg. Då eg var framme i Nakuru var det på tide å bytte matatu. Med ein gang eg tok foten utanfor den første matatuen vart eg omringa av folk som skulle ”vise meg veien”. Ganske fort satt eg endeleg i matatuen, og denne gangen vart den ganske fort full. Til slutt ankom eg Nyeri rundt klokka 7. Der møtte Cate meg. Me fant enda ein matatu, som var VELDIG full! Endeleg framme vart eg møtt av 3 gode klemmer frå mine kjære teamvenner. Dei hadde pizzaen klar, og då er jo dagen redda seie no eg.
Helga gjekk mykje i å prate om erfaringar og opplevelser. Eg for min del var overlykkeleg over å kunne kommunisere på norsk! Jippy! Eg la meg tidleg fredagen og sov lenge. Neste dag var det på tide å ta ein dusj, som eg hadde lengta etter så lenge!!! Vidare tok me turen ned til sentrum. (har nok skreve ein del før, men jaja). Der gjekk me på internett, spiste på ein kosli liten ”resturant”, handla på supermarked og var på marked og handla frukt.
Tilbake i huset var eg mildt sagt ”dau trøtt”! Litt seinare på kvelden lagte me fruktsalat som bestod av ananas, banan, plommer, pasionsfrukt, mango, vannmelon og eple. Nam nam. Me koste oss med fruktsalat og såg ein film.
Neste dag gjorde me ikkje så mykje. Me bakte boller, såg film, gjekk ein tur rundt området og lagde bursdagskake til Liv Astrid. På kvelden hadde me eit lite selskap for Liv Astrid som vart 20 år på mandag. Måtte ha det ein dag før fordi eg måtte reise tidleg mandags morgon. Me koste oss med brownies og is!
Tidleg mandags morgon var eg på farten igjen. Eg reise 7:30 frå Maria og Liv Astrid. I sentrum måtte eg og Ruth vente rundt 1 og ein halv time før me forlot Nyeri. Eg måtte bytte i Nyahururu og vente litt der før matatuen kjørte. I Nakuru måtte eg vente endå 1 og ein halv time før matatuen kjørte. Alt tok rett og slett lengre tid, som om ikkje fram-turen var lang nok. Det heile endte med at eg ringte sjefen min i Kisumu, og eg fekk overnatte hos han og familien til neste dag.
Så er eg her igjen. Etter mykje reising er eg endeleg tilbake…

Så er det 65 dager igjen til eg er på norsk jord… Tiden begynner å gå fort. Denne måneden skal eg for det meste være her, men neste måned skal eg reise ein del. Har endå ikkje brukt ferie så eg og Ruth skal ut på farten i rundt 2 veker i Mars. Mine kjære teamvenner kjem og på besøk i slutten av februar og i mars skal me ein tur til Ruth.