Friday, October 24, 2008

Ein dag i Kenya!
Tenkte eg kunne fortelle kort korleis ein dag her nede er for meg. Eg vakner stort sett brått av enten vekkerklokke eller hunder som gauler, ja eller ein gal hane. Klokka er då mellom 6-7 og eg ligger litt og drar meg før eg stikker beina forsiktig ut av myggnettet. Eg tek kangaen rundt meg og flipperser på beina og vandrer bort til badet. Først må eg sjekke om det er vann og varme i dusjen før eg tek meg ein forhåpentlegvis god dusj før eg kler på meg.
Så går veien vidare bort til kjøkkenet som er eit lite bygg rett att med der me søv. Eg går inn i og finner fram brød, peanøttsmør, syltetøy, kenyansk te og sjølvsagt fat, glass, kopper og kniv. Eg tek meg meg brettet og går tilbake til bygget me sover i og dekker på eit bord i stovo vår (forsamlingssal). Litt etter litt dukker dei andre opp (av og til er dei andre oppe før meg og lager til frukost) og dei hjelper til å lage til frukost. Så spiser meg oss gode og mette før me tek fatt på oppvasken. Ein vaske, ein skyller, ein tørker og ein setter på plass.
Så er det på tide til å gjere seg klar for jobb. Eit ekstra titt i speilet og litt snacks i sekken og me er klare til å gå. Så setter me oss ned og venter på at dei skal hente oss. I dag er siste dagen dei gjer det, trur eg. Trur me skal ta matatu sjølv neste veke. Det skal bli litt deiligt.
Vel, så kjøre me den humpete veien bort til hovudveien og sneglar oss fram til slummen. Vel framme har barna begynt å friminutt og me vert ute og leiker med dei. Det vil seie at barna flokker rundt meg, eg spring og barna spring etter. Etter ikkje så altfor lenge er eg sliten og ser oppgitt på dei andre som ser ganske trøtte ut sjølv. Etter pausen går me opp på læreværelse. Av og til stikker ein lærer innom og spør om kan tenke oss å ta ein time med alt frå naturfag, religion og engelsk. Eg titter innom klassen min av og til som er ein ivrig gjeng meg unger som snart skal begynne på barneskulen (primery).
Lunsjen består av bønner og litt meir bønner og eg må ærleg innrømme at eg ikkje takler det så godt. Var greitt dei første gangene, men guri stakker barn der dette er det einaste måltidet dei gjerne av i løpet av dagen.
Etter lunsj er det sove tid og barne legger hovudet ned på pulten og sover. Eg var innom her ein dagen og det var jammen ikkje mykje plass til å sove og barna var meir interessert i at eg var der enn å sove. Dei første minutta skulle dei vise meg at eg måtte sove, men om ikkje so lenge greidde dei det ikkje sjølv så me tok ein time med høgt lesing i engelsk.
Etter ei stund kjem tida for å vandra "heim" att og me kjøre den humpete veien tilbake til senteret. For å seie det sånn nokon av veiene på har kjørt på ville pappa brukt traktor, for å sei det sånn. Mamma sin bil (nissan primera) hadde ikkje greidd veiene her nede. Det skal være sant å visst.
Vel framme begynner me på middag, noko som er spennande nesten kvar dag. I går var det sjølvlaga hamburger. Og steike var dei gode. Godt jobba jenter! Etter å ha spist oss mette er det tid for swahilitime. Swahili er verkeleg komplisert med alle desse merkelege gruppene. hmm, men jaja. kjekt er det nå å lære språket. Me har fått bøker for 3. klasse og føler meg ganske liten når eg prøver å lære meg dette merkelege språket. Plutseleg kjem det eit tyskt ord innimellom alle dei andre orda. hehe.
Etter swahilitime er me trøtte og setter oss ned og slapper av forann dataen, men klokka ni er me klare for nyheiter og eg og Liv Astrid tek turen bort til Catherine, som bur her på området. Her koser me oss me nyheiter og frukt før me må sei hade og vandre tilbake til vårt bygg. Eg kravler i seng og er klar for ein god natt søvn, men så lett er det ikkje. Det er begynt å bli litt kaldt her nede (ikkje så kaldt som heime, men for å være afrika er det kaldt) og eg fryser og savner dyna mi. Så begynner hundene å gaule som aldri før, men etter ei stund sovner eg.

1 comment:

Anonymous said...

Hei vennen!Det var moro å høre hvordan dagen din arter seg!Det høres ut som du trives, og det er bra! Her hjemme er det skikkelig høst nå.snart ikke blader igjen på trærne.Pappa er på fredags-kafe i kveld,så jeg er helt alene. i morgen er det øvingsdag i kirken for T deum.Tenker masse på deg og syns det er rart å tenke på at du ikke kommer hjem til jul.Skriv snart igjen!GID! Mamma