Monday, October 27, 2008

Oppdatering

Laurdag:
Me såg vår første slange eller det vil seie at Ruth såg den levande. Eg
såg den dau, men ein slange var det. Ja, så var me i Afrika då. Det tok
ikkje lang tid før vaktmannen kom oss til unsettning til glede for Maria.
Så hadde me sett det og.

Kyrkjetid!
Atter ein gang var det søndag og eg og Maria tok veien til Kyrkja. Denne
gangen var det Mike og Kama som tok oss med. Denne gangen gjekk me i ein
internasjonal kyrkje sjølv om det for min del såg alle ut som kenyanere.
Vel, vel, det var ein veldig bra gudsteneste. Den beste så lang. Taleren
var ei kvinne og ho var kjempe flink. Ja, så var det ein sang me kunne:
"I surrender all" (på norsk: "Jeg vil gi deg alt")
Etter gudstenesta vart me med Mike og Kama heim til Mike. Der spiste me
kake og koste oss med brus. Rommet hans var lite, og når eg seier liten
så meiner eg verkeleg liten!!!! Det var så vidt plass til ei seng og ein pult. Og her har han alt (eller vertfall nesten).
Når me endeleg var tilbake (ca klokka 4) var det tid for å møte Karanu. Etterpå vart det middag (kenyansk pizza. Ja, nå kan dere lure!!!!) og deretter gjekk turen opp til Joseph. Der fekk me te, varm sjokolade, muffins og karamell. Me snakka og koste oss til me til slutt måtte vandre tilbake til rommene våre. Før me endleg kom oss fram til rommet vårt oppdaga Ruth atter ein gang ein slange. Ja, dei dukker plutseleg opp. Igjen kom vår kjære vaktmann oss til unsetting og drap den lille slangen. Han gav oss også eit par gode tips og ein stokk. Ja, så er me forberedt på neste gang.

Til pappa: Ja, eg har nå fått oppfordring til å bli bonde (ikkje at eg trur eg blir det, men...). Vaktmannen har gjort det klart at han meiner eg bør bli bonde. Så veit du det. hehe

Mandag:
Så var det på tida å dra på jobb igjen! Denne gangen var det tid for å ta matatu. Karanu vart med oss denne gangen, men veien tilbake og dei neste dagane er me på eige hand og det likar me.
I dag var eg på daycare fram til lunsj. Det var over 23 barn og eg skal sei det var livleg i det lille rommet. Eg vart brukt som både klatrestativ og juletre.
Så var det lunsj og i dag var det RIS med bønner. Det var god for eg orka ikkje tanken for mykje bønner!!!
Vel, etter lunsj tok me turen til labben for å snakka med dama der. Ho tester oss for alt mulig, men til no er me friske som nokre fiskar for å sei det slik!!! JIPPY!
Veien tilbake gjekk fint og me stakk innom Nakumat (supermarket) og kjøpte peanøttsmør (som me heile tida går tom for og som stort sett er pålegget vårt fordi det er det einaste god til no). Så nå skal me snart lage middag, ikkje at eg veit ka det bli... Så til slutt i dag er det Swahilitime, noko eg heilt ærleg må seie at eg ikkje ser fram mot. Er nok fordi eg er trøtt, men interesant er det!

Været her fint. Har ikkje sett ei skikkeleg regnbyge på lenge og sola skinenr. Det liker vi!!! Ellers er alt bra. Eg trivest veldig godt og byrjer å bli å bli kjendt md denne (merkelege) kulturen.

Savner dere og glad i dere!

5 comments:

Anonymous said...

Der kom det ja! Slanger!! Er de giftige? er de i huset?Jeg får frysninger!vær forsiktig,kjære deg!klem!

Anonymous said...

Hei igjen!!!

Dere har sol,varmt og slanger. Mi har høst,kaldt og flaggermus...... Dere har ris og bønner. Mi har fårikål.
Dere har peanøttsmør til frokost. Mi har gulost,brunost,syltetøy,kjøttpålegg,
salat,leverpostei,kaviar mm.
Dere ett rom på deling. Mi har ett helt hus og sofa...
OK, jeg er ikke i tvil, vi har virkelig all grunn til og være takknemølige her hjemme i Norge!!!!!
Godt og høre at du trives og at du begynner og vende deg til kulturen der nede.
Nå er stua vår iferd med og skifte farge. Hjelp hva har vi gjort????
Glad i deg Christine.
Tante Bjørg og onkel Rune

Anonymous said...

Bonde- det rette valget.De var no godt det var fornuftige folk der nede og. Har dei ikkje ei ku du kan trene deg på.
Kjekt å høyre frå deg, at du trivest og har det bra. Du får jammen oppleve mykje spanande.
GID

Anonymous said...

Oisan! Slangar i Afrika, - pass deg for dei. Det er noko som heiter slangeklemmer i Norge. Det betyr ikkje at du skal KLEMMA slangane, - for all del. Ei slangeklemme er noko me brukar på hageslangen- Den er ufarleg og finst nok på Ese og!
Du skjønar, Christine, her er ein bestefar som sit og tøysar litt i sin ensomhet. Kona har reist frå meg igjen, og noko må eg finna på.
Rune og eg drog teiner i dag:1 hummar. Heller ein hummar i gryta enn 10 slangar i stova. Ha det godt! Morfar.

Sigrun said...

Hmmm. Peanøttsmør... har aldri hørt om det, eg! (vi har ete eit glas, og gjekk deretter til innkjøp av eitt kvar, som nesten er etne opp alle tre :S ) Høglytt latter i Nepal over at dere et dette fantastiske pålegget dere og! (Vårt einaste alternativ i tillegg til pasto nussa - sjokoladepålegg )
Det er gøy å sjå kva du driv med! Klem