Tuesday, October 21, 2008

Hei igjen!

I dag gjekk eg innom bloggen min for å titte. 12 nye kommentarer! JIPPY! Hehe. Kjekt å høyre frå dåke. Er merkeleg å være så langt vekke og ikkje ha muligheten til å sjå dere alle saman.

Det var nokon som lurte på været her nede. Me er nå i regntida. Det vil seie gjevnlege regnbyger, men for å sei det på ein annan måte så er det mest sannsyneleg varmare her enn der heim… hehe! Plutseleg skinner sola og i det neste bøsregner det, men me tar det me godt mot og ser fram mot solskinnet. Når eg først nevne regn kan eg jo seie at det hølje ned når det først begynner å regner. Det er snakk om MYKJE regn folkens!

Så var det maten. Me lager det meste av maten sjølv, men me har nå lært å lage chapati noko dere der heime skal få smake ein gang. I love it! Maten her nede har mindre smak enn norsk og kan bli litt einsformig, men då passer det godt at eg reiser med misjonærbarn frå både Japan og elfenbenkysten. Her lager me retter frå alle mulig kantar av verda + pluss litt eigen miksa.

Kva meir var det spørt om? Jo, kva eg driver med her nede. Altså eg studere interkulturell kommunikasjon og internasjonalt arbeid. Til nå har me hatt timer om kenya, kulturen og organisasjonen me jobber for, altså Focus kenya. Så 3 dager i veka jobber me på eit senter nede i eine slummen her i Nairobi. Senteret har både skule, liten helseklinikk, barnepass og kyrkje. Me jobber mest på skulen som lærere. Til no har eg hatt ein klasse i engelsk. I dag var eg innom babycare og jobba, men ikkje så mykje å gjere der, og dama som jobber der snakker særs lite engelsk.

Ja, så har eg ein NYHEIT å komme med. Eg tok dreads her om dagen. Me tenkte at me måtte gjere noko litt crazy for å sei det sånn. Så ein dag tok me turen til byn for å møte vennen til ein me har blitt kjendt med. Det tok oss litt over 2 timer stille sitting og mykje latter før me endeleg var ferdig. Eg har alltid høyrdt og tenkt at eg har tykt hår, men når dei var ferdig med dreadsa var såg ikkje håret så tykt ut lenger for å sei det sånn. For dere som tenkjer å ta dreads seier eg berre: ikkje gidd. Eg angrer ikkje, for all del, men guri so ekkelt. Klissete og heilt merkelegt å sove med. Hehe, jaja så har eg gjort det og….

Ja i går var me på vandre tur nede i Nairobi city. Trur me gjekk stort sett rundt og rundt, men me greidde nå å orientere oss litt. Me var innom Jawa house, noko som anbefalest til alle som får muligheten. Endeleg ein god kopp kaffe! JIPPY! Før eg reiste ned til Kenya fekk eg høyre av dei internasjonale på Hald at kaffien i Noreg ikkje var god, men fytti katta så dårleg kaffien her nede er. For det første er den ikkje god, for det andre har dei små mykje vatn i at det ser ikkje ut som kaffi. I like it black… Me prøvde å finne eit marked for det er så mykje fine ting her nede, men den gang ei. På kvart gatehjørne møtte me innpåslitne menn som skulle vise oss eit marked. Til slutt gav me opp. Me avslutta dagen med å gå på indisk resturant, men det var lettare sagt enn gjort. Me gjekk og gjekk, og følte at me aldri kom fram. Det gjorde vertfall ikkje eg. Eg hadde blemmer og vondt i beina, men me fortsatte og etter langt om lenge var me nå framme. Me fann då ut at resutranten var vegetraisk, men jaja…. Me hadde gått den lange veien så me gjekk å spiste. Maten var god og det var deiligt med ein dag ute og utforske!

Håper alt der bra der heima! Savner dere kjempe mykje. Love you all!

Dette får være alt for no…. Skal prøve å fikse meir snart!

PS! Har ikkje fått fiksa internett enno. Jobbe med saken!

1 comment:

Anonymous said...

OI, DER VAR DU ENDELEG! SKJØNAR DU ER EI AKTIV UNG DAME! jAVEL, SÅ DU HAR DREATSA!!??? JA, DET ER JO LETT Å FORSTÅ FOR OSS FOSSILANE. MEN DET VAR VISST NOKO MED HÅRET...VEL, HÅPAR DET ER LETT Å KJENNA DEG IGJEN NÅR DU KJEM HEIM!
HER HOS OSS GÅR DET MED DET SAME. DAGANE GÅR FORT FRAM TIL EG PASS 70ÅRSGRENSA. ME VERT CA 40.
HA DET GODT CHRISTINE. MORFAR.