Thursday, September 25, 2008

Glade jul, Hellige jul!!!!!

Ja, så vart det jul i år og. Sjølv om det kanskje vart 3 måneder for tidleg. I går vart eg overaska med ein helaftens julekveld. Det var juletre, julesang, julebrus (og det er sjølvsagt CB-julbrus for dere som ikkje veit det!), kakemenn og gaver.... You name it. Min kjære onkel og tante hadde det meste. Det var kjempe kos!


Det var litt merkeleg å tenke at når det faktisk blir jul er eg ikkje lenger i gode gamle Noreg. Hmm.. Litt merkelegt, men samtidig veldig spannande!


Kvelden i går kjem eg til å hugse i lang tid framover og eg vil takke min kjære onkel Rune og tante Bjørg som gjorde kvelden mulig. Eg vil og takke Anne Grethe, Oscar, Filip, Samuel, mormor, morfar og Aslaug(Moses)!!! Hadde ikkje vert det same utan dåke.


Eg er evig taknemlig for den Fantastiske familien eg har og eg gleder/ gruer meg til å komme heim og skal møte resten av dei før eg reiser vidare ut i den store verda.


Om 6 dager bur eg i Nairobi, ein by som har om lag 2,5 millioner innbyggara. Om 6 dager begynner eit nytt kapitel av livet mitt. Det er byrjinga på ein periode som kommer til å påverke meg på så mange ulike måter. Eg takkar familie, Hald, Fredskorpset, Noreg og Gud for at eg skal få ha muligheten til å gjere dette! Tenk at lille meg skal ut i verda og kanskje EG kan være med å gjere ein forskjell. Om eg ikkje gjer ein forskjel der nede, så kanskje eg vil gjere ein forskjel når eg kjem tilbake. Og eg håper at alle dere her heime vil ta dere tid til å høyre på det eg har å fortelle når eg kjem tilbake.


Jammen vart det langt i dag, men tankane har begynt å svirre godt rundt oppe i hovudet mitt. Sjølv om eg er klar for å reise er det merkelegt å tenkje på at eg om 6 dager reiser frå alt det kjendte og reiser til det ukjendte.


Ja, nå er pakkinga i gang og folk gjer seg klar til å vandre kvar til sitt. Tida her på Hald har gått fort. Eg for min del er så vidt begynt, men det er jo typisk meg....


I moro går turen til Bergen for å besøke min kjære kusine Janne! Laurdagen skal eg møte Katrine, Emil og Knuta. Laurdas kveld eller søndags morgon snur eg nesa heimover for å besøke mine "gamle" foreldre... hehe...


Ja, det for være alt for no


See yeah!

No comments: