Thursday, September 25, 2008

Dette skreiv eg i går:

8 dager igjen…

Så begynner det å nærme seg slutten på Hald-opphaldet for denne gangen og me skal ut i den store vide verda! Sommerfuglene flyr rundt i magen og nervene er på spenn. Kva er det eigentleg eg har begitt meg ut på?

Dei siste to dagane har me hatt om temaet: Religioner i møte med lidelse, sjukdom og død. Eit ganske interesant og spennande tema. På vidaregåande lærte me mykje om dei ulike religionane, men kva er eigentleg deira syn på lidelse, sjukdom og død? Det er kanskje ikkje noko me tenker særs mykje gjennom, men som er så utroleg sentralt for verda me leve i. Ein hinduist, buddist, muslim og kristen ville nok hatt ulikt syn på grunnen til lidelse og kva ein skal gjere me det.

6 veker har gått fort. Og eg kan ikkje heilt skjønne at tiden snart er inne for å forlate vakre Noreg! Alikevel gleder eg meg til at eg får oppleve, alt eg får se og den erfaringen eg kjem til å sitte igjen med etterpå.

No comments: