Tuesday, February 24, 2009

Tida har begynt å gå himla fort, og eg har begynt å skjønne at eg kjem nok til å savne Kenya når eg kjem tilbake til Noreg. Sjølv om desse månadane har vert fulle av utfordringar og mykje nytt, så har det også vert utrolegt lærerikt og spennande.
Eg kjem til å savne:
· Folkene
· Maten
· Transportmåten
· Markedet
· Varmen
· Spise med hendene

Men eg må jo innrømme at Noreg verker utroleg tiltrekkande fortida. Ingenting er som ei godt grovbrødskeve med fårepølse/kvit ost, kaviar…, risengrynsgraut, kylling og gresk salat (noko mamma er ekspert på), kjøttkaker, lasange, mammas pizza…. Home, sweet home!

I helga var eg i Bukura på ein ledertrening. Som alltid måtte eg no fram og seie noko om mitt kjære Noreg. Det var ein bra trening og eg lære utroleg mykje av min kollegaer.
Me har hatt ein god del treninger rundt omkring sidan eg kom hit til vest- Kenya, så eg føler eg er stort sett på farten, men det er jo det eg liker. Spennande å sjå nye plasser.

45 dager igjen (av 192)… Tida går fort, og snart er eg heima. Eigentleg ganske rart å tenkje på. Er blitt så vant til Afrika og Kenya, at det vert nok ganske rart å komme tilbake til Noreg. Vert nok endå eit kultusjokk… hehe

4 comments:

Anonymous said...

Hei der!!
Lurer veldig på en ting: Hvordan er det med frukten, er den så god som du drømte om før du dro, og hva slags frukt spiser du???

Anonymous said...

Hei Christine!
Høyrte at du hadde sendt ein mail til oss. Desverre er det noko gale med PC-en, så den er ikkje komen fram. Reknar med det snart er i orden. I dag hadde me besøk av Anne Grethe, Oskar, Samuel, Filip, Kornelius og Bjørg. Koseleg rundt kaffibordet. No ser me fram til du skal drikka kaffi hos oss. I dag kan me seia: Neste mnd kjem Christine! E da ikkje flott? Morfar.

Anne Grethe said...

Hei Christinemor! Her e au ei som har problemer med mailene sine, for æ fårkje åpna noen for tia! De e som låst fast!!! Så det ekje for at æ ikkje gidde skrive te dæ via den, men æ jobbe med saken for å finne ud a problemet. Ellers sko æ gjeeeeeeeeerne snart hatt ein go Christineklem nå..... Nyt de siste ugan du har igjen der borte!!! Superklem!

mamsen said...

Hei Christine!
Fikk mld.din om at du var kommet vel fram til Kampala!
Håpet dere får en flott ferie!
Skal prøve å ringe deg en dag.
Stor klem fra mamma!