Tuesday, February 10, 2009

Her er eg atter ein gang. Eg har ein nyheit å komme med. Tipp kven som fant pepsi max???? Jippy! Det er ikkje ofte du kjem over det her nede, vertfall ikkje på ein plass som Kakamega. Det morsomme var jo at det berre var ein ingen, og at den gjekk ut i denne måneden. Hehe..
Ellers så er eg her og du der, berre som ein opplysning. Eg og Ruth held på å planlegge ferie som me gleder oss til. Kva er vel ikkje betre enn å farte rundt??? Ikkje veit eg. Eg må vertfall seie at eg gleder meg. Deiligt å kunne snakke norsk igjen (ser alltid fram til det) og deilig å kunne sove når ein vil. Ferie er jo alltid deiligt.
Tenk no er det berre 60 dager igjen… Då eg kom her var det heile 192. Det vil då seie at eg er ferdig med 69% av opphaldet. Ein ting skal være sikkert: aleine norsk får meg til å tenkje litt vel mykje. Veit ikkje om det er bra eller ikkje?

Lite har skjedd sidan sist gang, sjølv om det har gått over ei veke sidan sist eg skreiv. Det vil ikkje seie at eg har hatt lite å gjere. Er berre ikkje så mykje å fortelje. Her går det stort sett i å være med studentane og være med på arrangementane deira, som til tider (eller stort sett) er litt for mykje for min del. Her om dagen hadde ledarane ein samling ved utkanten av regnskoget. For dere som ikkje veit det så bur eg veldig nærme ein regnskog. Der hadde dei leiker og aktivitetar, og til slutt snakka dei om viktige saker som hadde med arbeidet dei drive med.

Hmm.. kva meir kan eg skrive? Er liksom litt tom for ord. Eg savner framleis Noreg og alle dåke der heima.

Det vert alt for denne gangen.

4 comments:

Anonymous said...

Kjære Stinemor!!!
Idag har mi googla oss ned på Kakamega, ser ut til og være en del bebyggelse der du bor. Skulle hatt gatenr., men det finns vel ikke....
Mi teller ned til du kommer tilbake til Norge. Blir kjempekoselig og treffe deg igjen og høre,smake og se fra ditt Afrikaopphold. Håper dere får en kjempekjekk tur!!!
Har just vært hos din mormor og morfar og spist Baligryte. Kjempegodt, og nyyyyydelig og komme til ferdig middag!!!! Har en katt som sviver rundt beina, den er visst redd for snø, for den er kjemperedd for og bli hevet ut. Her er det så fint nå med litt snø og knallfint vær. Klem tante Bjørg

Anonymous said...

Hei Christine.
Gøy å se hvordan du bor!Får vi se flere bilder snart?
Tusen takk for gratulasjoner på morsdagen!
Skulle gjerne gitt deg en klem også!
Nå snør det igjen!Heldige du,som har det godt og varmt!eller?
Skal se om jeg ikke kan få ringt deg snart.Klem fra mamma

Anonymous said...

Hallo igjen Cristine!
Her på Vigeland er det knallblå himmel, ca 10 minusgrader og sol. Kjem du? - Vel, me har det bra. Skal til Farsund i kveld på møte, og i morgon på Snik. Så skal eg ein tur til Bømlo i helga for å besøka oldemora di. Det gler eg meg til.
Spørsmål: Har du fått pakken mormor sende for ei stund sidan?
Ha det godt. Gud velsigne deg! Morfar.

Anonymous said...

hei Christine.
Ja nå er det jammen lenge sidan vi gav lyd frå oss og mykje har skjedd hjå deg. Synest eg høyrer ein snev av heimlengsel, og vi gler oss til å treffe deg igjen. Du kjem sikkert til å putte øyrene våre fulle med dine opplevelsar. Og det gler vi oss også til.
Vi skulle så gjerne vore ein tur der ute å besøkt deg. Farmor har så mange forteljingar frå si tante Johanne som var misjonær i Afrika i så mange år.
Du er berre kjempeheldig som får ein så flott opplevelse i så ung alder. Det er ein opplevelse du vil ha med deg heile livet, ja det kan til å med hende den forandrar livet ditt. Å vere i Guds plan er det aller beste som kan skje noko menneske.
Ellers er her vinter for tida. I dag har vi vore ute å høgge ved til neste vinter. vi må sikra oss varme, det er ikkje sikkert det blir noko Afrikatur for oss neste vinter heller veit du.
Så må du ha det godt og kosa deg skikkelig dei dagar du har igjen på dette fantastiske kontinentet du er på.
Helsing farmor og farfar