Wednesday, February 04, 2009

Ja, så er eg tilbake i Kakamega. Det har vert ei lang helg, men eg har kost meg. Eg begynte turen til Nyeri rundt klokka 8. Eva reiste saman med meg til Kisumu og viste meg kor seg skulle gå vidare. 1 og ein halv time måtte eg vente i Kisumu for at matatuen skulle bli full! Det var varmt skal eg seie deg! Turen tok rundt 4 timer trur eg. Då eg var framme i Nakuru var det på tide å bytte matatu. Med ein gang eg tok foten utanfor den første matatuen vart eg omringa av folk som skulle ”vise meg veien”. Ganske fort satt eg endeleg i matatuen, og denne gangen vart den ganske fort full. Til slutt ankom eg Nyeri rundt klokka 7. Der møtte Cate meg. Me fant enda ein matatu, som var VELDIG full! Endeleg framme vart eg møtt av 3 gode klemmer frå mine kjære teamvenner. Dei hadde pizzaen klar, og då er jo dagen redda seie no eg.
Helga gjekk mykje i å prate om erfaringar og opplevelser. Eg for min del var overlykkeleg over å kunne kommunisere på norsk! Jippy! Eg la meg tidleg fredagen og sov lenge. Neste dag var det på tide å ta ein dusj, som eg hadde lengta etter så lenge!!! Vidare tok me turen ned til sentrum. (har nok skreve ein del før, men jaja). Der gjekk me på internett, spiste på ein kosli liten ”resturant”, handla på supermarked og var på marked og handla frukt.
Tilbake i huset var eg mildt sagt ”dau trøtt”! Litt seinare på kvelden lagte me fruktsalat som bestod av ananas, banan, plommer, pasionsfrukt, mango, vannmelon og eple. Nam nam. Me koste oss med fruktsalat og såg ein film.
Neste dag gjorde me ikkje så mykje. Me bakte boller, såg film, gjekk ein tur rundt området og lagde bursdagskake til Liv Astrid. På kvelden hadde me eit lite selskap for Liv Astrid som vart 20 år på mandag. Måtte ha det ein dag før fordi eg måtte reise tidleg mandags morgon. Me koste oss med brownies og is!
Tidleg mandags morgon var eg på farten igjen. Eg reise 7:30 frå Maria og Liv Astrid. I sentrum måtte eg og Ruth vente rundt 1 og ein halv time før me forlot Nyeri. Eg måtte bytte i Nyahururu og vente litt der før matatuen kjørte. I Nakuru måtte eg vente endå 1 og ein halv time før matatuen kjørte. Alt tok rett og slett lengre tid, som om ikkje fram-turen var lang nok. Det heile endte med at eg ringte sjefen min i Kisumu, og eg fekk overnatte hos han og familien til neste dag.
Så er eg her igjen. Etter mykje reising er eg endeleg tilbake…

Så er det 65 dager igjen til eg er på norsk jord… Tiden begynner å gå fort. Denne måneden skal eg for det meste være her, men neste måned skal eg reise ein del. Har endå ikkje brukt ferie så eg og Ruth skal ut på farten i rundt 2 veker i Mars. Mine kjære teamvenner kjem og på besøk i slutten av februar og i mars skal me ein tur til Ruth.

1 comment:

Anonymous said...

Kjære Christine.
Ser at ingen er inne med ein kommentar, og då må gammern til!! Det gjekk bra på turen din forstår eg. Du veit me er jo litt engstelege for deg her heime. I går snøa det nesten heile dagen, og i dag har sola skine over kvite flater. Flott! Kanskje du skulle ha ønskt deg ein liten snøball i handa no?
Berit og Bjørg er i Kristiansand i dag. "ingen veit kor haren hoppar" veit du! Tippar nokre butikkar får besøk i alle fall. Det er jo kjekt for forretningsstanden.
Ha det godt! Så får me synja, både du og oss: Kom mai du skjønne milde". Morfar.