Thursday, January 29, 2009

Ja, så var eg her igjen. Ein del har skjedd sidan sist så eg kan jo starte med ein oppdatering. På fredag reiste med vidare frå Kisumu til Kisii, som ligger endå lenger sør enn Kisumu. I Kisii skulle me ha ledertrening med lederene for CU (christian union) på ein høgskule der. Me vart godt motteke av studentane og fekk sververt god mat før me starta det første møte.
Min sjef, Timothy, spurte om eg kunne komme på scenen med nokre andre under andakten. Okey, tenkte no eg. Kan jo først fortelje at det er ganske kaldt i Kisii med tanke på at Kisumu og Kakamega er ganske varme plasser. Vel, så Timothy begynte med å spørre meg om eg kunne sei noko om meg sjølv og kor eg kom frå. ”Ja, mitt namn er då Christine, og eg kjem frå ein mykje kaldare plass enn detta” (folk hadde klaga sånn over at det var kald, men for min del var det herlegt). Det endte jo med at heile salen begynte å le. Hehe. Artig det.
Det var eigentleg ei veldig kosli helg. Eg fekk litt meir oppmerksomhet enn eg liker, men ellers var alt bra. På slutten av treninga spurte ein av mine teammedlemmer om studentane kunne seie noko negativ om treninga, slik at dei kunne forbetre seg til gang. Det dei kom fram til var at eg, som kvit og frå eit anna land, skulle ha snakka meir. (Eg hadde stort sett sittet i salen). Vel, eg seier berre at dei kunne jo ha komme bort og snakka med meg så kunne eg fortaldt mykje om Noreg. Det er ein av mine favorit team her nede (hehe)…
Kisii er ein veldig fin plass og me budde faktisk veldig bra. Betre standar enn i Kakamega. Det vil seie ingen kakerlakker (som eg kunne sjå) og ein vanleg do (som funka av og til. hehe).
På søndagen måtte eg opp på scenen igjen (etter forespørsel av studentane), men for å være ærleg hadde eg ikkje mykje å sei. Eg svarte på spørsmåla: Eg heiter Christine, eg kjem frå Noreg, eg er ein del av eit utvekslings program og eg har aldri møtt Obama!
Etter gudstenesten reiste me tilbake til Kisumu for å deretter overnatte hos Timothy. Mens me var der fant eg ut at Timothy og familien kjem frå Rwanda, men når eg tenke meg om ser han ikkje ut som ein kenyaner, men meir som ein rwander. Me hadde rwandisk mat (trur eg nå vertfall). Godt var det vertfall.
Mandag tok me turen ned til Viktoriasjøen. Der spiste me fisk og koste oss. Etterpå gjekk turen tilbake til Kakamega. Vel, framme orka me ikkje så mykje til middag/kveldsmat så me bestemte oss for å ta grov brød (som ikkje er grov brød) og melk.
Tirsdag skjedde det ikkje så mykje. Me vaska kler og huset. Me renska kjøkkenet for kakerlakker (vertfall så godt som). Eg leverte kakerlakkene til ei høne utanfor. Var reine festmåltidet, hehe… Etter lunsj tok me turen over til universitetet for å besøk ein del stundenter, men mesteparten vart begynt å gå til timer.
Nå fortida bøser det ned her i Kakamega. Skal ikkje klage. Me treng vatnet for å sei det sånn. Med ein gang det begynner å regne er det berre til å setje ut bøtter og tønner og la dei fulle seg opp med vatn!
I moro går turen til Nyeri for å besøke Liv Astrid og Maria. Skal bli kjekt å sjå korleis dei har det ved foten av mount Kenya. Etter det eg har høyrt så er standaren hakke betre enn her (hehe) så eg ser fram til mat lage i ovn og ein god dusj! Merkeleg kva ein kan begynne å setje pris når ein er her nede i Afrika.
Ellers så går alt bra. Savner alle der heime som vanleg, men eg begynner å finne meg til rette her i Kakamega. Eg håper på å kunne legge ut nokre bilder, har prøvd, men det er jammen meg ikkje lett med denna internetten. Jaja, når eg kjem heim skal dere vertfall få sjå meir enn nok av bileter.

Men det er ein ting eg lure på… Korleis går det med dere der i nord? Eg sitter her og skriver og skriver om kva eg driver med, men det hadde vore kjekt å høyre kva DU har dreve med fortida. Kjempe kjekt viss du hadde gidda å skrive ein liten oppdatering frå nord som ein kommentar.

Til slutt vil eg avslutte med eit bibelvers. Held på å lese romarbrevet fortida, og synes det er så fint korleis Paulus skriver at du ikkje skal fordømme menneske rundt deg. Alle mennesker er syndig og ingen er betre enn dei andre, MEN gjennom Jesus kan me bli frelste gjennom nådet. Det er ikkje på grunn av noko me har gjort, men fordi Gud gav sin einaste son. Derfor skal me, som kristne, gjennspeile hans godhet, ikkje berre gjennom ord, men mest av alt (fordi det er det sterkaste) gjennom handlingar. Paulus skriver:
”Ver varmhjarta mot kvarandre i brorkjærleik!Kappast om å heidra kvarandre!” (12:10)
”Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna, forbanna ikkje!” (12:14)
”… trå ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge! Ver ikkje sjølvkloke!”

Med det vil eg berre seie: Gud velsigne dykk!

3 comments:

Anonymous said...

Hei Christine!
Takk for ein ny blogg. Besto og eg har nett lese det, og me seie:Detta va fint!
Runne er her nett no.Han og Bjørg har vore ganske sjuke nokre dagar,
med infeksjon, feber, kvalme og alt tilbehør. Er på bedringens vei . Du får nok snart eit brev frå mormor, så får du høyra meir nytt.
Ha det godt! Morfar.

Anonymous said...

Hei der!

Skrev jo nettopp en kommentar igår på det forrige innlegget ditt, men er her igjen.
Har tenkt på deg idag da du er på vei til nye opplevelser. Rune var så takknemlig for telefon fra deg(litt kry over at du har ringt til ham kan du trygt si) Er så fint vær nå at jeg gleder meg til snart og ta en tur ut i naturen, blir ikke så mange dagene til:-)
Tenk det er bare to mnd.og ti,elleve dager, så er du hjemme i Norge igjen!!!! Og før den tid så skal du reise en hel masse og oppleve mye nytt.
God Natt Christine og ha ei flott helg i Nyeri. Klem tante Bjørg

Anonymous said...

Heihei Christine:) I Bergen skjer det ikkje stort:P, heldigvis ikkje begynnt alt for mykje med innleveringar og slikt endo, men har fått den første i matte. Ellers e eg heime i helga no(jobber annakvar helg). Du får nyta varmen så lenge du e der nede, for her e det kaldt:S
Glede meg masse til du kjem heim igjen:) (ps: bergen* hint* bergen:P)

Snakkast!

Beste helsing Knuta