Friday, January 23, 2009

I love Norway! 22. jan 09

Ja, no var det faktisk ikkje so lenge sidan eg skreiv sist, men her er eg då altså igjen. Nå har det snart gått 4 måneder, og eg er her nå framleis. Tru det eller ei!
I dag trur eg at eg savner Noreg ein god del. Eg har sittet ein del å tenkt på kor utroleg takknemlig eg er for å være norsk, som eg har skjønt etter 4 måneder så er eg norsk tvers gjennom.
Det er så lett å ta ting for gitt. Eg har nå levd snart 4 måneder i ein verden så annleis enn det eg er vant til. Alt er så annleis. Kulturen, tankemåte, kristendommen, politikk, historie, mat, væremåte, natur… Mine kultursjokker har nå kommet og gått, men stort sett så har eg berre innsett at dette er ein opplevesle for livet(!), og at eg har så mykje å lære av desse menneskene her nede.
Eg held på å skrive ei oppgave om kva konsekvenser utdanningsystemet i Kenya har å seie for ulike grupper i samfunnet. Utdanning, noko som du kan ganske greitt får som norsk statsborgar. Du får støtte og mykje gratis, men tenk då på mennesker som sliter nok om ikkje dei skal sende barna på skulen. Mennesker som trenger barna til å skaffe ein del av inntekta, kanskje fordi foreldre er sjuke. Folk som må streve for å få gode nok karakterer for å komme seg gjennom systemet. Folk som gjerne går gjennom mange år med utdanning i håp om å få eit betre liv, men havner som arbeidsledig fordi det ikkje er nok ledige jobber. Tar me ikkje mykje for gitt!
Mennesker som lever i små skur tett i tett utan mykje ting inne i. Mennesker som lever med alvorlege sjukdommer som HIV, men må alikevel jobbe frå morgon til kveld for å brødfø familien. Kvinner som blir forlatt når dei blir gravide, fordi mannen ikkje vil forsørge for enda fleire. Kvinner som ikkje kan ta utdanning fordi dei blir sittande igjen aleine med barna.
Kenya og Noreg er så forskjellige!

Eg savner å kunne gå aleine på tur ute i norsk frisk kultur. Eg savner å kunne sitte heime i stova og kose meg med familien forann tven. Eg savner å kunne ha vennekvelder med vennene mine, og berre henge saman med mennesker som kjenner meg og som har same kultur. Eg savner å besøke familiemedlemmer og berre sitte å prate om kvardagselege ting. Eg savner mine kjære fettrer, Samuel og Filip, som alltid kan få ein til å smile. Eg savner å drikke norsk kaffi. Eg savner senga mi. Eg savner norsk standar. Eg savner mine kjære foreldre og Tommy. Eg savner å ha laaaange samtaler med Katrine.
Det er så mykje eg savner at eg kunne nok fortsatt i det uendeleg. Ok, så lurer du nok på kvifor eg skriver ned alt eg savner. Jo, det skal eg fortelje deg. Dette var jo ein av grunnane til at eg valgte dette året. Eg ville ha eit år som fekk meg til å setje pris på alt eg allereie har. Eg føler det at mange nordmenn tar så mykje for gitt, innkludert meg sjølv. Sjølvsagt veit me at det er mange folk som lever i fattigdom, og me veit at det er folk så absolut ikkje lever i eit land som Noreg. Det er så lett å sjå og høyre om fattigdom og elendighet gjennom tv og andre mennesker. Ein tenkjer gjerne ”stakkar mennesker”, men kva gjer ein så etter det.
I Noreg kan du ikkje så den store forskjellen mellom rike og fattige, slik du kan sjå i Kenya. Folk som tar deg for å være RIK, berre fordi du er kvit. Mennesker som ser opp til deg, berre fordi du er kvit. Måten mange mennesker her nede oppfører seg på rundt meg, på grunn av hudfargen, skremmer meg. Her om dagen spurte ei kvinne ho som eg bur saman med om ”muzungu”, altså meg, kunne gi ho ein jobb. På gata roper barn og menn: ”Muzungu, How are you?”. Eg må jo ærleg innrømme at det ikkje er så kjekt å få så mykje oppmerksomhet på gata, men det gir deg også ein grunn til å tenkje. Kva er eigentleg så bra med å være kvit? Kvifor skal mange afrikanere behandle ein annerledes berre på grunn av hudfarge? Det er mykje feil i verda i dag. Det er mykje urettferdighet i verda, men kva kan ein eigentleg gjere?
Fattigdom er noko av det vanskelegaste spørsmålet i verda i dag. Heime lever me i overflod. Kva kan me gjere for å gjere ein forskjell? Alt for mange mennesker har kjensla av maktesløshet og nytteløshet når det kjem til dei fattige i verda. Nytter det eigentleg å hjelpe?
Fattigdom er eit komplisert spørsmål, men ja det nytter å hjelpe! Misjonærer og bistandsarbeidare har gjort mykje feil opp gjennom åra, men me kan lære mykje av feila dei har gjort. Eg har fortida sittet og lest eit hefte av NMS, ”Kampen mot fattigdom”. Den forklare veldig bra mange av dei mulighetane me har for å hjelpe. Eg kan nevne at dei to viktigaste delane av bistandsarbeid er helse og utdanning. Utdanning er for mange vegen ut av fattigdom, og utan bra helse er det ikkje mykje ein kan gjer.
Vi er heldig som er norske. Vi har sinnsjuk mykje å være takknemlig for.
Samtidig er det viktig å vete det at vi har også mykje å lære av menneskene her nede. Sjølv om Noreg er eit, mildt sagt, FANTASTISK land å bu i så har me mykje å lære.
Då eg jobba i slummen møtte eg nokre vidunderlege kvinner som var smitta av HIV. Aldri har eg møtt nokon som har ein slik utstråling. Alt det me har gjer at me lett tek alt for gitt og ikkje takker Gud for alt me eigentleg har. I slummen ser du mennesker som har ein heilt anna livsglede og takknemlighet til Gud for det lille dei eigentleg har. Folk i vesten strever og strever etter eit lykkelegt liv, men er ikkje eit lykkelegt liv eit liv fullt av takknemlighet for det ein allereie har, istedenfor å streve etter meir. Mennesker vil alltid streve etter meir, men ein bør bli flinkare til sette seg ned og tenkje over kva ein eigentleg har. Alt det eg skreiv at eg savne, eg er så sinnsjuk takknemlig for at eg faktisk kan savne alle dei tingene. Eg er takknemlig for familien min, venner, det norske utdanningsystemet, norsk mat (!)….
Eg er takknemlig til Gud for alt eg har lært gjennom desse månadane i Afrika. Sjølv om desse månadane har vore fulle av utfordringar, har eg og lært så mykje om kultur, bistand, historie og ikkje minst om meg sjølv. Ein del spørr meg korleis eg kan reise aleine som norsk til ein plass som Kakamega. Grunnen eg forteljer då er at dette er ein mulighet for meg å bli betre kjendt med meg sjølv. Eg får testa meg sjølv på ein heil annan måte. Ikkje alle får leve i 3 måneder (med eit par pauser) utan innlagt vatn (altså ingen dusj), utedo (som er eit hull eit skur med eit hull i bakken) og side om side me kakerlakker. Hehe!
Vel, eg kan jo fortelje at det begynner å minke på kakerlakker. Veldig deilig kjensle skal eg seie deg. Kan ikkje seie at dei er mine beste venner. Me har nå fått ein ny venn. Trur det er ein firfilse, som då eter kakerlakker. Eg seier berre:”Du er hjertleg velkommen. Berre til å forsyne seg!”. Eigentleg hadde eg trudd det var verre å ha kakerlakker i huset, men det er vel positivt at eg føler det sånn.
Steike! So eg skulle skrive i dag då. Vel, dagen i dag er ein dag til etter tanke! Håper eg får lat ut dette innlegget snart.

Forresten min nye adresse er:
Christine Eidsheim
P.O. box 9265
Kisumu
Kenya

Eg er evig takknemlig for alle brev!

Til slutt vil eg seie at eg savne dåke, og ser fram mot 10. April klokka 11:00 når eg atter ein gang lander på norsk jord. Merkeleg nok savner eg kulden. Altfor varmt her nede i lengden. Tenk å berre kunne pakke seg inn i tepper med ein kopp kakao! Nam!
Nei, no får eg nå gi meg! Tusen takk for at du gadd å ta deg tid til å lese litt kva eg har dreve med og mine mange tanker. Håper du legger igjen ein kommentar!
GUD VELSIGNE DEG!
Hei! 23.jan 09

Eit lite inlegg til. Det er ein ny dag og eg har tatt veien til Kisumu ved Viktoriasjøen. Her skal me møte fleire som jobber for FOCUS Kenya. Om kvelden reiser me til Kisii for å ha ein ledertrening med studentane.
Eg har herved fått vaska håret mitt! Takk og lov, seier eg berre! Det var ein tricky ting. Vel, det gjekk nå fint så då skal eg nå overleve det meste. Må jo sei eg gleder meg til ein VERKELEG dusj, men så langt går det bra. Hehe.
Neste helg reiser eg til Nyeri med foten av Mount Kenya for å besøke Liv Astrid og Maria. Det gleder eg meg. Meir reising! Jippy!
Det var vel eigentleg alt for nå, men me snakkas!
Klem

3 comments:

mamsen said...

Hei Christine!
For et flott og tankevekkende innlegg! Du har jammen lært mye!
Vi kunne nok alle ha trengt å vært en tur der nede!Vi glemmer så lett alt vi har å være takknemlig for!
Vi savner deg veldig vi også,og gleder oss vilt til du kommer hjem!
Da skal du få kakao!!!
Håper vi snart får se noen bilder igjen,men skjønner at det er litt problemer med det.Vi er kjempegla i deg,vennen! Klem fra mamma og pappa

Anonymous said...

Kjære Christine
Ser at det er sparsomt med komm.Vil difor sei at det siste du skreiv rørte oss. Du har så mange gode tankar om det du opplever, og om livet ditt. Trur denne Afrika-turen vil få mykje å seia for åra som kjem, både for deg og andre.
Men du som me ser fram til at du kjem nordover att!
I dag har me vore i Vågsbygd på middag og kaffi. Eg har talt på 2 møter på Flekkerøy, der Flekkerøyguttane og deltok. Det var veldig gildt å vera der.
Kl er no snart halv to om natta. Får ikkje sova. God natt! Morfar.

Anonymous said...

Hei Christine!

Både onkel Rune og meg traff influensabakterien og blei litt slått ut, men jeg er veldig takknemlig for og ha ei varm god seng, ett varmt hus,bad og dusj og ikke kakerlakker som kryper rundt. Beundrer deg for det du holder på med akkurat nå Christine!!!
Gleder meg til du er tilbake og vi kan se fram til besøk av deg.
Vil hilse deg med ett lite sangvers: "Vær du min visdom, mitt skjold og mitt sverd, Vær du det merket som viser mitt verd. Vær du i tanken min dyreste skatt, Lyset som stråler ved dag og ved natt." Klem tante Bjørg