Tuesday, January 20, 2009

Innvasjon av kakerlakker

Ja, så er eg no her i Kakamega. Aleine norsk og med mange utfordringer for dør. Kakamega er annleis enn så mykje anna eg har opplevd. Kakamega er ein liten by i vest- kenya, ikkje så langt frå den Ugandiske grensa. Byen er ikkje stor, men må nå sei det er ein god del folk her. Hovudtransporten deira er sykkel/motorsykkel. Merkeleg nok er sykkel det mest risikable. Dei har jo til og med fartsdumper der syklene kjøre. Hehe. Vel, eg liker det. Ganske behageleg transportmåte viss du ser vekk frå alle humpene.

Aleine norsk er jo veldig rart. Må ærleg innrømme at eg tar meg sjølv i å seie nokre norske ord til dei stakkars kenyanarne. Er nok ganske språkforvirra:S Vel, det eg skulle fortelle var det at det ikkje er så mange ”mzungu”(kvite)-er her, så eg får nok av oppmerksomhet, for å sei det sånn. Er det ein ting eg savner frå Noreg når det gjelder å gå ute på gata er å være ”usyneleg”. Når eg går utforbi døra her har eg mange augne på meg. ”How are you?” ”Mzungu!”… Eg må ærleg innrømme at eg har gitt opp å svare alle. Du blir jammen meg litt lei.

Eg har nå fått besøk universitetet litt og det var ein varm velkomst eg vart møtt med. Studentane er veldig glad i gjester, og blir skuffa kvar gang du ikkje kan komme. Eg spørr og graver om det meste, og eg ser meir og meir forskjellen på kristendommen i Noreg og i Kenya. Merkeleg å tenkje at det kan være så forskjellig. Kan ikkje seie eg hadde forventa den store forskjellen. Sjefen min spørte(ikkje at verka som eg hadde noko valg) om eg kunne snakke om Kultur og tro (veit ikkje kortid eller for kven…). Vart eg no litt sjokka, men eigentleg er det eit ganske bra tema. Eg hadde nok forventa at ein del var ulikt, men samtdig han eg trudd at mykje var det same. Det er merkeleg korleis kultur former ein person og våre tankemåter. Dei utfordringane eg har fått med den kenyanske kristendommen er det at dei snakker veldig opent og veldig høytidleg om trua si. Eg, for min, foretrekker å snakke meir med enkelt mennesker og meir personleg om mi tru. Eg har forklart ganske mange ganger at for mange (spesielt ungdom) er det vanskeleg å fortelle ein person at ein er kristen med ein gang ein møter dei. Dette fordi mange i Noreg har fordommer mot kristne og vil mange ganger trekke seg vekk. Etter mine opplevelser har funne ut at den beste måten EG kan ”forkynne” er ikkje å stå på ein talerstol og snakke om Gud, men å bli venner med folk som ikkje er kristne og vise gjennom haldninger og handling at eg er ein kristen.

Det er mange forskjeller i kristendommen på grunn av kultur. Eg kan nemne alkohol, bønn, gudsteneste, væremåte… (PS: Dette er mine erfaringer og ingen fasit)

Tilbake til overskriften: Kakerlakker. Ja, er ein i Afrika så er ein i Afrika. Mitt nye heim har fått nokre invandrarar som liker seg veldig godt, men som ikkje er så veldig godt likt. Eg og min kjære romvennine, Evelyn, har tatt opp jakten og nå begynner det å minke på dei (HELDIGVIS! Litt søvn å få). Problemet har vert at dei er så HIMLA raske og liker seg i mørke. Eg kan jo ikkje sjå så mykje i mørke og særleg rask er eg nå ikkje. Det endte med at me tok med ein del ting ut og der var det lettare å få tak i dei…

Ikkje så mykje har skjedd sidan sist gang. Det har stort sett gått i kakerlakk dreping, matlaging, oppvask, klesvask, hente vatn (har ikkje innlagt vatn må du tro! Hehe) og besøke folk. Eg koser meg, men sjølvsagt savner eg alle heime og ser fram mot å sjå dere igjen.

Dette får vere alt for no! Snakkas!

PS! Helsingar og kommentarar setter eg veldig pris på sjølv om eg ikkje har skreve nye innlegg! Kjekt å høyre frå dåke! Takknemlig for all tilbakemeldinger!

GlAD I DERE! GUD VELSIGNE DERE!

2 comments:

Anne Grethe said...

Hei Christine! Så artig og interessant det e å lese innlegget ditt! Kakkerlakker... usj og æsj. men du takler det au, du... akkurat nå har mi Rune på overnattingsbesøk! Han kom fra den Store Kampen i går, og har nå ligget på sofaen og radla fram både den eine og den andre kamp-sangen.. Han e sjug og æ e sjug, så nå har mi sendt Oscar, Filip og Samuel avgårde, og ska stupe rett i seng igjen. Oh, salige ro og fred! : ) Snakka just om at det jammen ikkje e lenge te mi får se dæ igjen! Det ska bli ein gledens dag!!! Mi tenke så ofte på dæ, atte! Varm klem fra Anne Gredååååååå

Anonymous said...

Hallo Christine, "kakkerlakkenes beseirer"! E da ikkje da eina, so e da da andra. Prøv deg berre ikkje på krokodillane. Men dei har du vel ikkje inne i støvo?
Du er jammen meg ei modig dame. Me får meir og meir respekt for deg. Om eg hadde fått utfordringa i eit framandt land: Foredrag om kultur og tru. Ja, då hadde eg fått hetta. Me ber om at det må gå greit for deg. Skal helsa frå mormor som har hatt seg ein febertur. Morfar.