Monday, August 18, 2008

Så er det blitt mandag og undervisinga er i full gang. I dag var temaet "Leadership" og var ein innleiing av temaet. Mange har framleis problem med at dei er trøyte om morgonen, men så er det jo som oftas når ein byrjar på skulen att etter ein lang ferie. I dag har det vert ganske roligt. Mange har vaskejobber, mens andre har dratt ned til stranda for å bade. Eg for min del held meg oppe på land i dag. Satser heller på litt volleyball når folk kjem opp att. Ellers har det ikkje skjedd så mykje nytt, eller det er vel ikkje heilt sant det heller. Eigentleg lærer ein stort sett noko nytt var dag. Om det er språk, om kultur eller noko om deg sjølv, det varierar. Eg prøver å lære meg litt swahili, men er ikkje komme så langt ennå. Rosie har sagt ho skal hjelpe meg, så skal eg hjelpe ho med norsk. Vel, eigentleg er det for fint vær til å sitte inne så dette for være nok for i dag.

1 comment:

kilmeg said...

Velkommen ti blogg-verdenen! Kan vere at du he vørt her før, aber ich weisse nicht.
Eg trur du kjem ti å få eit utruleg spennans år på Hald! Fytti, du må holde sida di oppdatert:)