Wednesday, August 27, 2008

Dagens Tema: Challanges in cross culture communication.

Ja, så var det tid for å forberede seg på utfordringer ved å komme til ein ny kultur. Første tima begynte med at alle satt i grupper rundt ulike bord. Vi skulle ha turnering. Beskjeden var grei: me fekk ikkje snakke saman og me fekk 5 minutter til å lese reglene. På bordet låg det ein liten kortstokk. Tingen var at bordene hadde ulike nummer frå 1- 12. Nummer ein var taperene og nummer 12 var vinnerene. Me fekk ei stund til å spele spelet og vinnaren flytta seg til bordet som hadde nummeret høgare enn bordet ein satt på. Og for taparen måtte han/ho flytte seg til bordet med talet under. For informasjonens skyld så greidde eg å komme meg frå bord nr 9 til nr 12...
Tingen var at på dei ulike borda hadde vi fått ulike regler, så når vi flytta på oss skjønte me ingenting når dei andre bordene spelte med andre regler. Me kunne ikkje snakke saman så det vart ein god del frustrasjoner. Øvinga var veldig bra til å illustere utfordringar ein kan møte i ein annan kultur.


Her ser du linselusene Maria og Kamilla, og dei som ikkje er så glad i kamera Sigrun og Liv Astrid.

1 comment:

Hilde said...

Åj!
Det er jo Maria jeg "blei kjent med" på UL i fjor, og min tremenning Kamilla - morsomt:P