Sunday, August 24, 2008

HELGE TUR
Tida flyger av gårde som bare tulling, og eg veit ikkje om eg greier å følgje heilt med. Me er nå komme frå helgetur i nærleiken av Flekkefjord. Tema for turen var Teambuilding. Det gjekk ut på at me skulle ta ein del utfordringer.

Første kvelden var det tid for bål og grilling av pinnebrød. For dei internasjonale var dette første gangen. Me sang og fortalde historiar, mens me koste oss med ilden.














Til venstre: Ruth (min teammate) leder meg opp ein
bratt skråning, mens eg har bind forann augene. Til høgre: Rosie (min romkamerat) og Janet frå Kenya

Dette var ein av dei øvingane med hadde i helga
Alle fekk prøvd seg og fekk verkeleg tøyd grensane. Me måtte også opppå ein ganske høg stein og sleppe oss ned bakslengs, mens resten av teamet tok imot. Mitt team hadde ein liten "Ulykke" med at Ruth havna i bakken, men ho reiste seg leande. Takk og lov!














Eg vil seie det var ein VELYKKA tur, og eg koste meg mykje. Den siste kvelden hadde me underhaldning, bildeshow og popcorn. Folk bidro med alt frå musikk, dans og leik, og det var liv og røre til titusen.

Nå avsluttes dagen med å gjere ferdig ulike lekser. Før me om ikkje så altfor lenge skal ta kvelden og skulen byrjar att i morgon. snaks

1 comment:

Anonymous said...

Hei Christine! Nå har jeg kost meg og lest bloggen din. Gleder meg til og følge med framover og ikke minst når du er kommet til Kenya.

Takk for koselig besøk!!! Kjempekoselig og ha deg her. VELKOMMEN igjen!!!!
Glad i deg!!!!

Klem tante Bjørg