Monday, November 24, 2008

På skattejakt i Nairobi

Det heile begynte med at eg og Ruth skulle til byn etter jobb for å hente ein pakke heime ifrå. Laurdag hadde me posthuset, så me tok fatt og gjekk bort dit. Då me var framme og gjekk gjennom dei store glassdøra vart me ganske skjelvne i beine. Det var eit stort rom med mange forskjellige disker. Me hadde ingen anelse om kor me skulle gå, så eg tusla bort til kundeservice og spurte. Det me fekk høyre var at me måtte på eit anna posthus eit stykke unna. Ok, tenkte eg. Greitt det. Eg spurte kor det var og mannen bak disken begynte å forklare og lage kart til meg. Eg, som den utlendingen eg er, gjorde mitt beste for å skjønne dei punktane han forklarte. Eg fekk kartet hans i hånda (ikkje at eg skjønte mykje av det han hadde skreve) og drog med meg Ruth for å prøve å finne dette nye posthuset. Første stopp var parlamentet. Me hadde vert der før og det tok ikkje lange tida før eg fant fram. Deretter vandra me vidare på kartet. Eg var spent som ein unge der eg gjekk og titta rundt etter neste gate. Me fant alle merkepunkta mannen hadde snakka om (må innrømme at eg jubla av glede for kvart eg såg) og ikkje lenge etter på stod me framfor posthuset. Etter å ha prata med ein del folk var me endeleg framme med disken. Eg gav frå meg lappen om pakken. Dei gjekk og hente, og eg tenkte: Ok, dette var nå ikkje vanskelegt; men den gang ei. Mannen bak disken ba meg opne pakken. Ok, så gjorde eg det. Inni var det jo endå fleire pakker som eg måtte opne slik at dei kunne sjå kva det var og godkjenne det. Måtte forklare ein del norsketing, men det gjekk nå greitt til slutt. Ruth stod litt flau attmed meg og hjalp meg. Eg synes eigentleg det var ganske morosamt. Mannen bak disken spurte med når eg nesten var ferdig: Is all this yours?" Eg svarte, stolt som eg var: "yes, it is!". Ferdig med å pakke ut var det tid for å pakke alt tilbake. Nå måtte me nå være ferdig, men nei! Eg vart sent til neste skranke for å betale toll, trur eg. Eit eller anna betalte eg vertfall. Eg kjem bort og dama bak disken seie at må komme tilbake i moro fordi dei ikkje tek imot penger og banken er stengt. Eg fortalde at det var eit problem, for eg skulle på jobb i moro og hadde problem å rekke banken som stengte 4. Etter ein liten diskusjon fekk eg snakke med sjefen. Etter litt overtalese fekk eg ordna det slik at ei dame der skulle gå i banken dagen etter å betale for meg. Eg gjekk tilbake til pakken min for å hente den, men endå var eg ikkje ferdig. Eg måtte ut med 70 shillings før eg endeleg hadde pakken i hendene mine. Glad og fornøgd bar eg pakken min (som var ganske tung for å sei det sånn) heile veien tilbake til Odeon der me tok ein matatu tilbake. På veien tilbake til Odeon fekk eg tilbudet om hjelp av ein man, men eg takka høffelegt nei takk. Vel, framme med matatuen kom ein mann bort og sa noko om at eg ein gang skulle bli forloveden hans. Eg takka nei med eit smil og satte meg inn i matatuen. Mannen stod ein god stund utanfor matauen før han endelegt gjekk sin vei.
Nå sitter eg på senteret og koser meg med min STORE pakke frå gode gamle Noreg. Til alle dere som har vert med på den: TUSEN TAKK!!!!!! Takk for alle snop, mat, bok, filmer og spesielt takk for kortene!!! Eg må desverre seie at ikkje er heilt sikker på kva eg fekk kven etter den raske utpakkinga på postkontoret. Skal love deg det var ein merkeleg opplevelse! Aldri gått gjennom så mykje for å få tak i ein pakke. Eg kjem til å få ein kosli jul her nede med alt dere har sendt. Skal sjå på julefilm og spise julesjokolade og julemarsipan! Eg kjem til savne dåke kjempe mykje, men då skal eg ta opp julekorta og lese dei opp att og opp att!
Ellers kan eg fortelle at me var på søndagspinik i Uhuruparken. Me hadde med oss scones, mykje frukt, chips og drikke. Me koste oss under ein av trea. Etter me var ferdig å ete tok me turen bort til ein konsert som vart halde i parken. Det var mykje bra musikk og dans frå både Tanzania, Etiopia, Kenya, Nederland og Noreg.
Eg må sei at eg stortrivest fortida. Det er mykje eg savner, men eg er komme til eit punkt der eg har begynt å setje veldig pris på den kenyanske kulturen og alle menneska her ned. Dei siste dagane har vert herlege og gleder meg til å vise dere alle bileta og fortelle alle historiane når eg kjem att.
Eg tenker mykje på dere der i Noreg og håper dere har det like bra som meg! Skulle ønske dere kunne få oppleve alt deg har fått oppleve.
Dette får være nok for denne gang, men håper det ikkje vert lenge til neste gang. Igjen til alle dere som var med på pakken: TUSEN TAKK! Eg elskte den og setter veldig pris på det som dere sendte.
Kjempe glad i dåke!

6 comments:

Anne Grethe said...

off då... så mye styr for den pakken! men det va jo jammen godt at han kom fram i heile tatt!!! nå må du ikkje bruge/spise alt opp på ei gang da! advent e jo ikkje begynt enda! : ) klem!!!

Anonymous said...

Hei Christine!
nå er vi på nett igjen! Flott at du likte pakken, men jeg trodde ikke du skulle få så mye trøbbel med den!moro å lese om alt du foretar deg der nede.Er litt spent på den alene turen din etter jul,det må jeg si!Men du er jo tøffere enn toget, så det går nok bra!Godt å vite at du er i Guds hender!Glad i deg! Klem fra mamma
Ps:Ringer deg snart!

Anonymous said...

Kjære deg Christine.
Du er jammen ei tøff jente! Du legg snafrt heile Afrika for dine føter.
Bra at pakken kom fram. Vonar at den ikkje gjev deg for mykje heimlengt.
Mormor og eg har vore på Vestlandstur. Julemesse på Tysnes og møte på Moster. No skal me ha julemesse på Audnastrand.
I dag var Rune og eg på sjøen og tok heim hummarteinene for i år. Fekk ein flott hummar. Nydelegt ver. Me ventar på nye bloggar. Morfar.

Anonymous said...

Hei Christine.

Det var litt av eit styr for å få ut julepakken. Det er bra du tek alt med godt humør.
spennande å høyre om alle opplevingane du har.
Kjekt at du trives så godt, sjøl med mange utfordringar.
Du er ein engel som spreier lys og varme der du er .
Best av alt, du er under Guds beskyttelse.

Glad i deg. Klem frå Farmor

Anonymous said...

Hei Christine!

Kjekt at du har det bra og koser deg i Kenya. Høres ut som du har det veldig kjekt vertfall! :) Her heime går alt bra, og mamma og Marit er i full gang med all baking til jul ;)
Håpar du får eit vidare flott år i Kenya, og ei God jul når den tid kjem :)

Klem frå Kristine og Laila

Janki said...

Halais. Ej burde jo verdt å sett å lest meir om ka du styra med der nede.
Alt går supert i Kenya?