Monday, March 23, 2009

Hei alle saman!

saa er det berre 17 dager til eg er paa norsk jord. Eg gjentar:17 dager. I dag fekk eg den gode nyheit at me skal ta morgonflyet heim saa det vil seie at eg lander paa flesland klokka kvart paa 11 den 9. april!!!!!!

Eg er no paa besok hos Ruth i Nyahururu. Kjempe kosli! Var ikkje lenge sidan eg saag ho sist, men det gjer ingenting. Ruth bur daa altsaa i Nyahururu som er ein liten by ca ein time fraa Nakuru. Her er det kald og deiligt, og det skal eg seie eg nyter, men samtidig skremmer tanken meg om at Noreg er nok MYKJE kaldare enn her. Naa er eg saa vant med sol og varme at noko anna kan nok bli litt rart ja.

Menne det faar vere alt for i dag

klem!

Wednesday, March 11, 2009

Hei

Er ikkje saa flink tilaa skrive paa denne bloggen fortida. Maa unnskylde det. Er akkurat no i Kampala, men skal om ikkje saa lenge reise vidare til Mbale. Her er alt fint. Me har kost oss her i Kampala. Ein veldig kosli by. Me har vert ein del med Ole johan og Nils jakob, som har vert saa snille aa vist oss rundt og brukt ein del tid me oss. Me har ogsaa mott paa Anders og Fredrik to ganger. Herlegt a motte folk igjen og hoyre korleis dei har hatt det.
Eg har desverre ikkje meir aa skrive akkurat no, men dere skal vete eg savne daake og gleder meg til aa sjaa dere igjen i april!

snakkas

Wednesday, March 04, 2009

KAMPALA!!!!

Ja, so er eg daa endeleg paa ferie og det skal eg love deg er deiligt! Me bur no midt i sentrum paa eit veldig greitt hotel og med super beliggenhet! Ikkje nok med det: eg og Ruth skulle naa tirsdagen ut for aa spise lunsj, me tenkte at pizza hortes godt ut saa me tusla av gaar det. Eit par meter for me var inne paa resturanten saag me to kjendte fjes: Ole Johann og Nils Jacob (for dere som ikkje veit det er det to haldstudenter som bur i Kampala). Det var rett og sletten konge. Me prata daa ei stund mens me naut den FANTASTISKE pizzaen. Deretter viste dei oss litt rundt i byen for me maatte splitte. Paa kvelden kom Nils Jacob aa henta oss og me fekk sjaa kor dei bur og hilse paa vertsfamilien. Det vart ogsaa risengrynsgraut (m/ sukker, kanel, rosiner, faarepolse og saft!!!!) og til dessert hadde me varm sjokolade med krem og hakka sjokolade. For aa seie som det er: eg var i himmelen!!!! Me prata lenge for me reiste tilbake til hotellet for aa legge oss strak paa senga!
Ellers saa har eg det supert! Eg og Ruth koser oss. Kampala er ein herleg by som me har blitt veldig glad i paa den korte stunda me har vert her.

Forresten> Sist helg var me i regnskogen. Det var kjempe kjekt og spennane. Lerte mykje. Saag fleire apekatter som slengte seg i tredna. Eg skal fortelje meir og vise bileter naar eg kjem heim. Vanskeleg aa skrive alt ned vettu.

Fortsett aa skrive kommentarer!!! Kjempe kjekt aa lese... Og ja, mykje god frukt her. Har daa forelska meg i mango. Einaste problemet er at der eg bur er ein del av frukten dyr. Men det vert ein del frukt. Min kjere mango gaar fortia for 50 ore stykke!!! Herlegt

Me snakkast snart! 37 dager igjen til eg er paa norsk jord!

Tuesday, February 24, 2009

Tida har begynt å gå himla fort, og eg har begynt å skjønne at eg kjem nok til å savne Kenya når eg kjem tilbake til Noreg. Sjølv om desse månadane har vert fulle av utfordringar og mykje nytt, så har det også vert utrolegt lærerikt og spennande.
Eg kjem til å savne:
· Folkene
· Maten
· Transportmåten
· Markedet
· Varmen
· Spise med hendene

Men eg må jo innrømme at Noreg verker utroleg tiltrekkande fortida. Ingenting er som ei godt grovbrødskeve med fårepølse/kvit ost, kaviar…, risengrynsgraut, kylling og gresk salat (noko mamma er ekspert på), kjøttkaker, lasange, mammas pizza…. Home, sweet home!

I helga var eg i Bukura på ein ledertrening. Som alltid måtte eg no fram og seie noko om mitt kjære Noreg. Det var ein bra trening og eg lære utroleg mykje av min kollegaer.
Me har hatt ein god del treninger rundt omkring sidan eg kom hit til vest- Kenya, så eg føler eg er stort sett på farten, men det er jo det eg liker. Spennande å sjå nye plasser.

45 dager igjen (av 192)… Tida går fort, og snart er eg heima. Eigentleg ganske rart å tenkje på. Er blitt så vant til Afrika og Kenya, at det vert nok ganske rart å komme tilbake til Noreg. Vert nok endå eit kultusjokk… hehe

Thursday, February 19, 2009










Her er daa bilde av meg og viktoriasjoen, stovo vaar og jiko (som er den me lager mat paa)++ Eg kan ikkje sjaa bileta naar eg skriver saa dere faar berre tippe til no...
----------------
Hei igjen!

Det er liksom ikkje så mykje å skrive fortida. Det går for det meste i det same.
Mandag: Vasking av hus og klær. På kvelden er det BEST-P møte (bible exposition self- training programme) som me av og til går på.
Tirsdag: Bibelgruppe på kvelden.
Onsdag: Møte
Torsdag: ikkje noko spesielt
Fredag: Møte
Lørdag: Ofte ledertrening, eller så er det bibelgruppe
Søndag: Gudsteneste

Utanom det vanelege programmet går det mykje i å besøke studentar, ha besøk av studentar, jobbe med oppgaver og besøke andre folk. Stort sett går det i eitt. Ser kanskje veldig avslappa ut, men det skal eg love deg det ikkje er. Er litt slitsom å ha folk rundt seg 24/7.

Ellers så var me i Kisumu frå fredag til laurdag. På fredagen reiste eg til Kiboswa, der møtte eg Everline (ho eg bur med), og vidare reiste me til Kisumu. I Kisumu hadde me ein slags bibelgruppe med ein del focus- ansatte. På kvelden overnatta med hos kontakt personen min. På laurdagen hadde dei ulike ledararane frå dei ulike universiteta eit valg om kven som skulle sitje i styret for regionen Kisumu. På kvelden reiste me tilbake.

Ellers så har eg det bra. Det er fortida veldig varmt i Kakamega, og vertfall i Kisumu så eg ser fram mot regntida som begynner å nærme seg. Eg held på med nedtellinga til eg skal heim og i dag er det herved 49 dager igjen så det begynner å nærme seg….

Som vanelegt savner eg Noreg, men er det så rart? For min del er det ALFOR varmt her, savner kulde. Det positive er at regntida begynner å nærme seg å då blir det litt betre temperatur vertfall om kvelden.

Tuesday, February 10, 2009



Her bur eg!
Her er eg atter ein gang. Eg har ein nyheit å komme med. Tipp kven som fant pepsi max???? Jippy! Det er ikkje ofte du kjem over det her nede, vertfall ikkje på ein plass som Kakamega. Det morsomme var jo at det berre var ein ingen, og at den gjekk ut i denne måneden. Hehe..
Ellers så er eg her og du der, berre som ein opplysning. Eg og Ruth held på å planlegge ferie som me gleder oss til. Kva er vel ikkje betre enn å farte rundt??? Ikkje veit eg. Eg må vertfall seie at eg gleder meg. Deiligt å kunne snakke norsk igjen (ser alltid fram til det) og deilig å kunne sove når ein vil. Ferie er jo alltid deiligt.
Tenk no er det berre 60 dager igjen… Då eg kom her var det heile 192. Det vil då seie at eg er ferdig med 69% av opphaldet. Ein ting skal være sikkert: aleine norsk får meg til å tenkje litt vel mykje. Veit ikkje om det er bra eller ikkje?

Lite har skjedd sidan sist gang, sjølv om det har gått over ei veke sidan sist eg skreiv. Det vil ikkje seie at eg har hatt lite å gjere. Er berre ikkje så mykje å fortelje. Her går det stort sett i å være med studentane og være med på arrangementane deira, som til tider (eller stort sett) er litt for mykje for min del. Her om dagen hadde ledarane ein samling ved utkanten av regnskoget. For dere som ikkje veit det så bur eg veldig nærme ein regnskog. Der hadde dei leiker og aktivitetar, og til slutt snakka dei om viktige saker som hadde med arbeidet dei drive med.

Hmm.. kva meir kan eg skrive? Er liksom litt tom for ord. Eg savner framleis Noreg og alle dåke der heima.

Det vert alt for denne gangen.

Wednesday, February 04, 2009

Ja, så er eg tilbake i Kakamega. Det har vert ei lang helg, men eg har kost meg. Eg begynte turen til Nyeri rundt klokka 8. Eva reiste saman med meg til Kisumu og viste meg kor seg skulle gå vidare. 1 og ein halv time måtte eg vente i Kisumu for at matatuen skulle bli full! Det var varmt skal eg seie deg! Turen tok rundt 4 timer trur eg. Då eg var framme i Nakuru var det på tide å bytte matatu. Med ein gang eg tok foten utanfor den første matatuen vart eg omringa av folk som skulle ”vise meg veien”. Ganske fort satt eg endeleg i matatuen, og denne gangen vart den ganske fort full. Til slutt ankom eg Nyeri rundt klokka 7. Der møtte Cate meg. Me fant enda ein matatu, som var VELDIG full! Endeleg framme vart eg møtt av 3 gode klemmer frå mine kjære teamvenner. Dei hadde pizzaen klar, og då er jo dagen redda seie no eg.
Helga gjekk mykje i å prate om erfaringar og opplevelser. Eg for min del var overlykkeleg over å kunne kommunisere på norsk! Jippy! Eg la meg tidleg fredagen og sov lenge. Neste dag var det på tide å ta ein dusj, som eg hadde lengta etter så lenge!!! Vidare tok me turen ned til sentrum. (har nok skreve ein del før, men jaja). Der gjekk me på internett, spiste på ein kosli liten ”resturant”, handla på supermarked og var på marked og handla frukt.
Tilbake i huset var eg mildt sagt ”dau trøtt”! Litt seinare på kvelden lagte me fruktsalat som bestod av ananas, banan, plommer, pasionsfrukt, mango, vannmelon og eple. Nam nam. Me koste oss med fruktsalat og såg ein film.
Neste dag gjorde me ikkje så mykje. Me bakte boller, såg film, gjekk ein tur rundt området og lagde bursdagskake til Liv Astrid. På kvelden hadde me eit lite selskap for Liv Astrid som vart 20 år på mandag. Måtte ha det ein dag før fordi eg måtte reise tidleg mandags morgon. Me koste oss med brownies og is!
Tidleg mandags morgon var eg på farten igjen. Eg reise 7:30 frå Maria og Liv Astrid. I sentrum måtte eg og Ruth vente rundt 1 og ein halv time før me forlot Nyeri. Eg måtte bytte i Nyahururu og vente litt der før matatuen kjørte. I Nakuru måtte eg vente endå 1 og ein halv time før matatuen kjørte. Alt tok rett og slett lengre tid, som om ikkje fram-turen var lang nok. Det heile endte med at eg ringte sjefen min i Kisumu, og eg fekk overnatte hos han og familien til neste dag.
Så er eg her igjen. Etter mykje reising er eg endeleg tilbake…

Så er det 65 dager igjen til eg er på norsk jord… Tiden begynner å gå fort. Denne måneden skal eg for det meste være her, men neste måned skal eg reise ein del. Har endå ikkje brukt ferie så eg og Ruth skal ut på farten i rundt 2 veker i Mars. Mine kjære teamvenner kjem og på besøk i slutten av februar og i mars skal me ein tur til Ruth.

Saturday, January 31, 2009

Ein liten hilsen her fraa Kenya. Er akkurat no i Nyeri paa besok hos Maria og Liv Astrid. Eg greidde aa komme meg heile veien fraa Kakamega til Nyeri aleine. Er litt stolt over det. Maatte bytte i Kisumu og Nyeri, men det gjekk saa fint so.
Ellers fekk me pizza naar me kom. Noko som var heilt himmelsk, mildt sagt! Eg ser fram til resten av helga saman med min norske venner og haaper paa aa skrive om besoket paa neste innlegg.
Klem

Thursday, January 29, 2009

Ja, så var eg her igjen. Ein del har skjedd sidan sist så eg kan jo starte med ein oppdatering. På fredag reiste med vidare frå Kisumu til Kisii, som ligger endå lenger sør enn Kisumu. I Kisii skulle me ha ledertrening med lederene for CU (christian union) på ein høgskule der. Me vart godt motteke av studentane og fekk sververt god mat før me starta det første møte.
Min sjef, Timothy, spurte om eg kunne komme på scenen med nokre andre under andakten. Okey, tenkte no eg. Kan jo først fortelje at det er ganske kaldt i Kisii med tanke på at Kisumu og Kakamega er ganske varme plasser. Vel, så Timothy begynte med å spørre meg om eg kunne sei noko om meg sjølv og kor eg kom frå. ”Ja, mitt namn er då Christine, og eg kjem frå ein mykje kaldare plass enn detta” (folk hadde klaga sånn over at det var kald, men for min del var det herlegt). Det endte jo med at heile salen begynte å le. Hehe. Artig det.
Det var eigentleg ei veldig kosli helg. Eg fekk litt meir oppmerksomhet enn eg liker, men ellers var alt bra. På slutten av treninga spurte ein av mine teammedlemmer om studentane kunne seie noko negativ om treninga, slik at dei kunne forbetre seg til gang. Det dei kom fram til var at eg, som kvit og frå eit anna land, skulle ha snakka meir. (Eg hadde stort sett sittet i salen). Vel, eg seier berre at dei kunne jo ha komme bort og snakka med meg så kunne eg fortaldt mykje om Noreg. Det er ein av mine favorit team her nede (hehe)…
Kisii er ein veldig fin plass og me budde faktisk veldig bra. Betre standar enn i Kakamega. Det vil seie ingen kakerlakker (som eg kunne sjå) og ein vanleg do (som funka av og til. hehe).
På søndagen måtte eg opp på scenen igjen (etter forespørsel av studentane), men for å være ærleg hadde eg ikkje mykje å sei. Eg svarte på spørsmåla: Eg heiter Christine, eg kjem frå Noreg, eg er ein del av eit utvekslings program og eg har aldri møtt Obama!
Etter gudstenesten reiste me tilbake til Kisumu for å deretter overnatte hos Timothy. Mens me var der fant eg ut at Timothy og familien kjem frå Rwanda, men når eg tenke meg om ser han ikkje ut som ein kenyaner, men meir som ein rwander. Me hadde rwandisk mat (trur eg nå vertfall). Godt var det vertfall.
Mandag tok me turen ned til Viktoriasjøen. Der spiste me fisk og koste oss. Etterpå gjekk turen tilbake til Kakamega. Vel, framme orka me ikkje så mykje til middag/kveldsmat så me bestemte oss for å ta grov brød (som ikkje er grov brød) og melk.
Tirsdag skjedde det ikkje så mykje. Me vaska kler og huset. Me renska kjøkkenet for kakerlakker (vertfall så godt som). Eg leverte kakerlakkene til ei høne utanfor. Var reine festmåltidet, hehe… Etter lunsj tok me turen over til universitetet for å besøk ein del stundenter, men mesteparten vart begynt å gå til timer.
Nå fortida bøser det ned her i Kakamega. Skal ikkje klage. Me treng vatnet for å sei det sånn. Med ein gang det begynner å regne er det berre til å setje ut bøtter og tønner og la dei fulle seg opp med vatn!
I moro går turen til Nyeri for å besøke Liv Astrid og Maria. Skal bli kjekt å sjå korleis dei har det ved foten av mount Kenya. Etter det eg har høyrt så er standaren hakke betre enn her (hehe) så eg ser fram til mat lage i ovn og ein god dusj! Merkeleg kva ein kan begynne å setje pris når ein er her nede i Afrika.
Ellers så går alt bra. Savner alle der heime som vanleg, men eg begynner å finne meg til rette her i Kakamega. Eg håper på å kunne legge ut nokre bilder, har prøvd, men det er jammen meg ikkje lett med denna internetten. Jaja, når eg kjem heim skal dere vertfall få sjå meir enn nok av bileter.

Men det er ein ting eg lure på… Korleis går det med dere der i nord? Eg sitter her og skriver og skriver om kva eg driver med, men det hadde vore kjekt å høyre kva DU har dreve med fortida. Kjempe kjekt viss du hadde gidda å skrive ein liten oppdatering frå nord som ein kommentar.

Til slutt vil eg avslutte med eit bibelvers. Held på å lese romarbrevet fortida, og synes det er så fint korleis Paulus skriver at du ikkje skal fordømme menneske rundt deg. Alle mennesker er syndig og ingen er betre enn dei andre, MEN gjennom Jesus kan me bli frelste gjennom nådet. Det er ikkje på grunn av noko me har gjort, men fordi Gud gav sin einaste son. Derfor skal me, som kristne, gjennspeile hans godhet, ikkje berre gjennom ord, men mest av alt (fordi det er det sterkaste) gjennom handlingar. Paulus skriver:
”Ver varmhjarta mot kvarandre i brorkjærleik!Kappast om å heidra kvarandre!” (12:10)
”Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna, forbanna ikkje!” (12:14)
”… trå ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge! Ver ikkje sjølvkloke!”

Med det vil eg berre seie: Gud velsigne dykk!

Friday, January 23, 2009

I love Norway! 22. jan 09

Ja, no var det faktisk ikkje so lenge sidan eg skreiv sist, men her er eg då altså igjen. Nå har det snart gått 4 måneder, og eg er her nå framleis. Tru det eller ei!
I dag trur eg at eg savner Noreg ein god del. Eg har sittet ein del å tenkt på kor utroleg takknemlig eg er for å være norsk, som eg har skjønt etter 4 måneder så er eg norsk tvers gjennom.
Det er så lett å ta ting for gitt. Eg har nå levd snart 4 måneder i ein verden så annleis enn det eg er vant til. Alt er så annleis. Kulturen, tankemåte, kristendommen, politikk, historie, mat, væremåte, natur… Mine kultursjokker har nå kommet og gått, men stort sett så har eg berre innsett at dette er ein opplevesle for livet(!), og at eg har så mykje å lære av desse menneskene her nede.
Eg held på å skrive ei oppgave om kva konsekvenser utdanningsystemet i Kenya har å seie for ulike grupper i samfunnet. Utdanning, noko som du kan ganske greitt får som norsk statsborgar. Du får støtte og mykje gratis, men tenk då på mennesker som sliter nok om ikkje dei skal sende barna på skulen. Mennesker som trenger barna til å skaffe ein del av inntekta, kanskje fordi foreldre er sjuke. Folk som må streve for å få gode nok karakterer for å komme seg gjennom systemet. Folk som gjerne går gjennom mange år med utdanning i håp om å få eit betre liv, men havner som arbeidsledig fordi det ikkje er nok ledige jobber. Tar me ikkje mykje for gitt!
Mennesker som lever i små skur tett i tett utan mykje ting inne i. Mennesker som lever med alvorlege sjukdommer som HIV, men må alikevel jobbe frå morgon til kveld for å brødfø familien. Kvinner som blir forlatt når dei blir gravide, fordi mannen ikkje vil forsørge for enda fleire. Kvinner som ikkje kan ta utdanning fordi dei blir sittande igjen aleine med barna.
Kenya og Noreg er så forskjellige!

Eg savner å kunne gå aleine på tur ute i norsk frisk kultur. Eg savner å kunne sitte heime i stova og kose meg med familien forann tven. Eg savner å kunne ha vennekvelder med vennene mine, og berre henge saman med mennesker som kjenner meg og som har same kultur. Eg savner å besøke familiemedlemmer og berre sitte å prate om kvardagselege ting. Eg savner mine kjære fettrer, Samuel og Filip, som alltid kan få ein til å smile. Eg savner å drikke norsk kaffi. Eg savner senga mi. Eg savner norsk standar. Eg savner mine kjære foreldre og Tommy. Eg savner å ha laaaange samtaler med Katrine.
Det er så mykje eg savner at eg kunne nok fortsatt i det uendeleg. Ok, så lurer du nok på kvifor eg skriver ned alt eg savner. Jo, det skal eg fortelje deg. Dette var jo ein av grunnane til at eg valgte dette året. Eg ville ha eit år som fekk meg til å setje pris på alt eg allereie har. Eg føler det at mange nordmenn tar så mykje for gitt, innkludert meg sjølv. Sjølvsagt veit me at det er mange folk som lever i fattigdom, og me veit at det er folk så absolut ikkje lever i eit land som Noreg. Det er så lett å sjå og høyre om fattigdom og elendighet gjennom tv og andre mennesker. Ein tenkjer gjerne ”stakkar mennesker”, men kva gjer ein så etter det.
I Noreg kan du ikkje så den store forskjellen mellom rike og fattige, slik du kan sjå i Kenya. Folk som tar deg for å være RIK, berre fordi du er kvit. Mennesker som ser opp til deg, berre fordi du er kvit. Måten mange mennesker her nede oppfører seg på rundt meg, på grunn av hudfargen, skremmer meg. Her om dagen spurte ei kvinne ho som eg bur saman med om ”muzungu”, altså meg, kunne gi ho ein jobb. På gata roper barn og menn: ”Muzungu, How are you?”. Eg må jo ærleg innrømme at det ikkje er så kjekt å få så mykje oppmerksomhet på gata, men det gir deg også ein grunn til å tenkje. Kva er eigentleg så bra med å være kvit? Kvifor skal mange afrikanere behandle ein annerledes berre på grunn av hudfarge? Det er mykje feil i verda i dag. Det er mykje urettferdighet i verda, men kva kan ein eigentleg gjere?
Fattigdom er noko av det vanskelegaste spørsmålet i verda i dag. Heime lever me i overflod. Kva kan me gjere for å gjere ein forskjell? Alt for mange mennesker har kjensla av maktesløshet og nytteløshet når det kjem til dei fattige i verda. Nytter det eigentleg å hjelpe?
Fattigdom er eit komplisert spørsmål, men ja det nytter å hjelpe! Misjonærer og bistandsarbeidare har gjort mykje feil opp gjennom åra, men me kan lære mykje av feila dei har gjort. Eg har fortida sittet og lest eit hefte av NMS, ”Kampen mot fattigdom”. Den forklare veldig bra mange av dei mulighetane me har for å hjelpe. Eg kan nevne at dei to viktigaste delane av bistandsarbeid er helse og utdanning. Utdanning er for mange vegen ut av fattigdom, og utan bra helse er det ikkje mykje ein kan gjer.
Vi er heldig som er norske. Vi har sinnsjuk mykje å være takknemlig for.
Samtidig er det viktig å vete det at vi har også mykje å lære av menneskene her nede. Sjølv om Noreg er eit, mildt sagt, FANTASTISK land å bu i så har me mykje å lære.
Då eg jobba i slummen møtte eg nokre vidunderlege kvinner som var smitta av HIV. Aldri har eg møtt nokon som har ein slik utstråling. Alt det me har gjer at me lett tek alt for gitt og ikkje takker Gud for alt me eigentleg har. I slummen ser du mennesker som har ein heilt anna livsglede og takknemlighet til Gud for det lille dei eigentleg har. Folk i vesten strever og strever etter eit lykkelegt liv, men er ikkje eit lykkelegt liv eit liv fullt av takknemlighet for det ein allereie har, istedenfor å streve etter meir. Mennesker vil alltid streve etter meir, men ein bør bli flinkare til sette seg ned og tenkje over kva ein eigentleg har. Alt det eg skreiv at eg savne, eg er så sinnsjuk takknemlig for at eg faktisk kan savne alle dei tingene. Eg er takknemlig for familien min, venner, det norske utdanningsystemet, norsk mat (!)….
Eg er takknemlig til Gud for alt eg har lært gjennom desse månadane i Afrika. Sjølv om desse månadane har vore fulle av utfordringar, har eg og lært så mykje om kultur, bistand, historie og ikkje minst om meg sjølv. Ein del spørr meg korleis eg kan reise aleine som norsk til ein plass som Kakamega. Grunnen eg forteljer då er at dette er ein mulighet for meg å bli betre kjendt med meg sjølv. Eg får testa meg sjølv på ein heil annan måte. Ikkje alle får leve i 3 måneder (med eit par pauser) utan innlagt vatn (altså ingen dusj), utedo (som er eit hull eit skur med eit hull i bakken) og side om side me kakerlakker. Hehe!
Vel, eg kan jo fortelje at det begynner å minke på kakerlakker. Veldig deilig kjensle skal eg seie deg. Kan ikkje seie at dei er mine beste venner. Me har nå fått ein ny venn. Trur det er ein firfilse, som då eter kakerlakker. Eg seier berre:”Du er hjertleg velkommen. Berre til å forsyne seg!”. Eigentleg hadde eg trudd det var verre å ha kakerlakker i huset, men det er vel positivt at eg føler det sånn.
Steike! So eg skulle skrive i dag då. Vel, dagen i dag er ein dag til etter tanke! Håper eg får lat ut dette innlegget snart.

Forresten min nye adresse er:
Christine Eidsheim
P.O. box 9265
Kisumu
Kenya

Eg er evig takknemlig for alle brev!

Til slutt vil eg seie at eg savne dåke, og ser fram mot 10. April klokka 11:00 når eg atter ein gang lander på norsk jord. Merkeleg nok savner eg kulden. Altfor varmt her nede i lengden. Tenk å berre kunne pakke seg inn i tepper med ein kopp kakao! Nam!
Nei, no får eg nå gi meg! Tusen takk for at du gadd å ta deg tid til å lese litt kva eg har dreve med og mine mange tanker. Håper du legger igjen ein kommentar!
GUD VELSIGNE DEG!
Hei! 23.jan 09

Eit lite inlegg til. Det er ein ny dag og eg har tatt veien til Kisumu ved Viktoriasjøen. Her skal me møte fleire som jobber for FOCUS Kenya. Om kvelden reiser me til Kisii for å ha ein ledertrening med studentane.
Eg har herved fått vaska håret mitt! Takk og lov, seier eg berre! Det var ein tricky ting. Vel, det gjekk nå fint så då skal eg nå overleve det meste. Må jo sei eg gleder meg til ein VERKELEG dusj, men så langt går det bra. Hehe.
Neste helg reiser eg til Nyeri med foten av Mount Kenya for å besøke Liv Astrid og Maria. Det gleder eg meg. Meir reising! Jippy!
Det var vel eigentleg alt for nå, men me snakkas!
Klem

Tuesday, January 20, 2009

Innvasjon av kakerlakker

Ja, så er eg no her i Kakamega. Aleine norsk og med mange utfordringer for dør. Kakamega er annleis enn så mykje anna eg har opplevd. Kakamega er ein liten by i vest- kenya, ikkje så langt frå den Ugandiske grensa. Byen er ikkje stor, men må nå sei det er ein god del folk her. Hovudtransporten deira er sykkel/motorsykkel. Merkeleg nok er sykkel det mest risikable. Dei har jo til og med fartsdumper der syklene kjøre. Hehe. Vel, eg liker det. Ganske behageleg transportmåte viss du ser vekk frå alle humpene.

Aleine norsk er jo veldig rart. Må ærleg innrømme at eg tar meg sjølv i å seie nokre norske ord til dei stakkars kenyanarne. Er nok ganske språkforvirra:S Vel, det eg skulle fortelle var det at det ikkje er så mange ”mzungu”(kvite)-er her, så eg får nok av oppmerksomhet, for å sei det sånn. Er det ein ting eg savner frå Noreg når det gjelder å gå ute på gata er å være ”usyneleg”. Når eg går utforbi døra her har eg mange augne på meg. ”How are you?” ”Mzungu!”… Eg må ærleg innrømme at eg har gitt opp å svare alle. Du blir jammen meg litt lei.

Eg har nå fått besøk universitetet litt og det var ein varm velkomst eg vart møtt med. Studentane er veldig glad i gjester, og blir skuffa kvar gang du ikkje kan komme. Eg spørr og graver om det meste, og eg ser meir og meir forskjellen på kristendommen i Noreg og i Kenya. Merkeleg å tenkje at det kan være så forskjellig. Kan ikkje seie eg hadde forventa den store forskjellen. Sjefen min spørte(ikkje at verka som eg hadde noko valg) om eg kunne snakke om Kultur og tro (veit ikkje kortid eller for kven…). Vart eg no litt sjokka, men eigentleg er det eit ganske bra tema. Eg hadde nok forventa at ein del var ulikt, men samtdig han eg trudd at mykje var det same. Det er merkeleg korleis kultur former ein person og våre tankemåter. Dei utfordringane eg har fått med den kenyanske kristendommen er det at dei snakker veldig opent og veldig høytidleg om trua si. Eg, for min, foretrekker å snakke meir med enkelt mennesker og meir personleg om mi tru. Eg har forklart ganske mange ganger at for mange (spesielt ungdom) er det vanskeleg å fortelle ein person at ein er kristen med ein gang ein møter dei. Dette fordi mange i Noreg har fordommer mot kristne og vil mange ganger trekke seg vekk. Etter mine opplevelser har funne ut at den beste måten EG kan ”forkynne” er ikkje å stå på ein talerstol og snakke om Gud, men å bli venner med folk som ikkje er kristne og vise gjennom haldninger og handling at eg er ein kristen.

Det er mange forskjeller i kristendommen på grunn av kultur. Eg kan nemne alkohol, bønn, gudsteneste, væremåte… (PS: Dette er mine erfaringer og ingen fasit)

Tilbake til overskriften: Kakerlakker. Ja, er ein i Afrika så er ein i Afrika. Mitt nye heim har fått nokre invandrarar som liker seg veldig godt, men som ikkje er så veldig godt likt. Eg og min kjære romvennine, Evelyn, har tatt opp jakten og nå begynner det å minke på dei (HELDIGVIS! Litt søvn å få). Problemet har vert at dei er så HIMLA raske og liker seg i mørke. Eg kan jo ikkje sjå så mykje i mørke og særleg rask er eg nå ikkje. Det endte med at me tok med ein del ting ut og der var det lettare å få tak i dei…

Ikkje så mykje har skjedd sidan sist gang. Det har stort sett gått i kakerlakk dreping, matlaging, oppvask, klesvask, hente vatn (har ikkje innlagt vatn må du tro! Hehe) og besøke folk. Eg koser meg, men sjølvsagt savner eg alle heime og ser fram mot å sjå dere igjen.

Dette får vere alt for no! Snakkas!

PS! Helsingar og kommentarar setter eg veldig pris på sjølv om eg ikkje har skreve nye innlegg! Kjekt å høyre frå dåke! Takknemlig for all tilbakemeldinger!

GlAD I DERE! GUD VELSIGNE DERE!

Tuesday, January 13, 2009

Eit lite innlegg. Eg er herved ankomme Kakamega i godt behold. Her er alt bra. Veldig varmt, men kem klager.... Vel. eg skal prove aa skrive meir fortast mulig.
Eg kan naa fortelle at eg bur saman med ein kenyaner med namnet Evelyn. Veldig kosli. Eg bur paa eit lite rom som me eigentleg deler, men ho ligg i stovo. Vel, me har eit lite kjokken som bestaar av ein vask, ein gassbrenner og noko som ligner paa ein kullgrill. Me har utedo og ingen dusj. Viss eg skal dusje saa blir det ein balje med vatn og det er det. Dette kan bli spannade. Rundt der eg bur er det mange honer og haner som lager ein del spetakkel, men stort sett er det kosli. Eg har funne meg ein venn i ein liten gutt som syntes det var veldig spennande at det kom ei kvite jente i nabogaarden. Eg skjonner ingenting han seier og han skjonner ingenting eg seier, men det gjer ingenting. Til naa har han folgt meg rundt, gitt meg mat (appelsin, notter og juice) og holdt meg med selskap. Fesltleg gutt. Han kan ikkje vere saa gammel, men han skravle no i veit paa swahili saa eg tek det som eit hint om at eg maa lere meg litt meir swahili.
Vel, dette faar vere nok for no. Skal prove aa komme med bilder igjen!
Snakkas

Sunday, December 28, 2008

Hei igjen alle saman!
Ja no har eg forflytta meg fraa Mombasa til Kabarak/Nakuru. I dag begynner ein nyttaarsleir/ konferanse med folk fraa heile Afrika ++ Det er mykje arbeid aa gjere saa dette er ein av dei faa gangane eg faar sitte litt i ro.
Ein del har skjedd sidan sist. Eg har gaat rundt ei palme paa stranda og sunget norske julesanger saman med 29 andre norske. Eg har reist med tog fraa Mombasa til Nairobi. Det minna meg om gamle western filmer, mangla berre kledna. Me hadde 4 retters middag der det var fint dekka paa aa greier. saag sebra, boffler og ein god del andre ville dyr. Me kjorte gjennom Kibera, den nest storste slummen i verda, noko som gjorde veldig inntrykk. Langs skinnene stod barna og vinka naar toget kjorte forbi.

Saturday, December 20, 2008

Hei igjen!

Saa sit eg her i Mombasa aa held paa aa renne vekk her i varmen. Kan ikkje akkurat seie at eg har serleg julestemning. Me hoyre paa julemusikk, spise julekaker... men det er liksom litt kresj med varmen og omgivelsane.
Maa erleg innromme at eg savne daake der heim speiselt i feire som jula, men eg tenkjer berre paa korleis me skal ta det att neste aar. Det skal bli greier.
Ja, som sagt er eg naa i Mombasa ved kysten av Kenya. I heile gaar og i natt har eg vert paa reisefort gjennom heile Kenya. Fra ost til vest og det var litt av ein reise. Forste bussen var herleg med kjempe gode seter og greier. Me fekk sjaa meir natur og landskap og det var rett og slett nydeleg. Eg fekk sett Kisumu, som er den storste byen i vest og ligg ikkje saa langt fraa Kakamega der eg skal bu etter nyttaar. Bussen som me tok fra Nairobi var ca 3 timer forsinka, men det gjorde sers lite fordi det betydde at me var framme i eit litt betre tidspunkt enn 5 i Mombasa. Vel, framme fekk me hjelp til aa finne Hostelet vaart, og naa var det paa tide aa sjekke ut byen. Eg maa erleg innromme at eg gleder meg til det vert litt kjoligare....Jaja, skal ikkje klage.
Det vert mykje bjatt, men det faar naa saa vere. Hadde eigentleg ikkje tenkt aa skrive, men saa havna eg no her. Haaper paa aa legge ut litt fleire bilder snart naa som eg endeleg er i gang, men jammen tek det tid... Jaja
Saa faar eg avslutte med at eg er glad i alle dykk der i nord ogsaa preikast me.
PS. Haaper dere koser dere i "varmen"!

Thursday, December 18, 2008

Gjeiteslakting
Saa har eg endelegt smak gjeit. Faktisk ganske godt hadde det ikkje vert for at det var litt seigt. Smakte til og med magesekk og lever, men kan ikkje heilt seie at det va saa godt.



Uhuru park med byen i bakgrunnen (Nairobi)
Nokre bilder

Her er bilde fra Mathare. Barna er klassen som eg hadde naar eg jobba i slummen.







Her er eg saman med nokre av barna paa barneheimen. Dei fleste er tatt fra slummen (Mathare) og har enten mista ein\to foreldre eller foreldra har HIV og strever med aa ta vare paa alle barna.

Monday, November 24, 2008

På skattejakt i Nairobi

Det heile begynte med at eg og Ruth skulle til byn etter jobb for å hente ein pakke heime ifrå. Laurdag hadde me posthuset, så me tok fatt og gjekk bort dit. Då me var framme og gjekk gjennom dei store glassdøra vart me ganske skjelvne i beine. Det var eit stort rom med mange forskjellige disker. Me hadde ingen anelse om kor me skulle gå, så eg tusla bort til kundeservice og spurte. Det me fekk høyre var at me måtte på eit anna posthus eit stykke unna. Ok, tenkte eg. Greitt det. Eg spurte kor det var og mannen bak disken begynte å forklare og lage kart til meg. Eg, som den utlendingen eg er, gjorde mitt beste for å skjønne dei punktane han forklarte. Eg fekk kartet hans i hånda (ikkje at eg skjønte mykje av det han hadde skreve) og drog med meg Ruth for å prøve å finne dette nye posthuset. Første stopp var parlamentet. Me hadde vert der før og det tok ikkje lange tida før eg fant fram. Deretter vandra me vidare på kartet. Eg var spent som ein unge der eg gjekk og titta rundt etter neste gate. Me fant alle merkepunkta mannen hadde snakka om (må innrømme at eg jubla av glede for kvart eg såg) og ikkje lenge etter på stod me framfor posthuset. Etter å ha prata med ein del folk var me endeleg framme med disken. Eg gav frå meg lappen om pakken. Dei gjekk og hente, og eg tenkte: Ok, dette var nå ikkje vanskelegt; men den gang ei. Mannen bak disken ba meg opne pakken. Ok, så gjorde eg det. Inni var det jo endå fleire pakker som eg måtte opne slik at dei kunne sjå kva det var og godkjenne det. Måtte forklare ein del norsketing, men det gjekk nå greitt til slutt. Ruth stod litt flau attmed meg og hjalp meg. Eg synes eigentleg det var ganske morosamt. Mannen bak disken spurte med når eg nesten var ferdig: Is all this yours?" Eg svarte, stolt som eg var: "yes, it is!". Ferdig med å pakke ut var det tid for å pakke alt tilbake. Nå måtte me nå være ferdig, men nei! Eg vart sent til neste skranke for å betale toll, trur eg. Eit eller anna betalte eg vertfall. Eg kjem bort og dama bak disken seie at må komme tilbake i moro fordi dei ikkje tek imot penger og banken er stengt. Eg fortalde at det var eit problem, for eg skulle på jobb i moro og hadde problem å rekke banken som stengte 4. Etter ein liten diskusjon fekk eg snakke med sjefen. Etter litt overtalese fekk eg ordna det slik at ei dame der skulle gå i banken dagen etter å betale for meg. Eg gjekk tilbake til pakken min for å hente den, men endå var eg ikkje ferdig. Eg måtte ut med 70 shillings før eg endeleg hadde pakken i hendene mine. Glad og fornøgd bar eg pakken min (som var ganske tung for å sei det sånn) heile veien tilbake til Odeon der me tok ein matatu tilbake. På veien tilbake til Odeon fekk eg tilbudet om hjelp av ein man, men eg takka høffelegt nei takk. Vel, framme med matatuen kom ein mann bort og sa noko om at eg ein gang skulle bli forloveden hans. Eg takka nei med eit smil og satte meg inn i matatuen. Mannen stod ein god stund utanfor matauen før han endelegt gjekk sin vei.
Nå sitter eg på senteret og koser meg med min STORE pakke frå gode gamle Noreg. Til alle dere som har vert med på den: TUSEN TAKK!!!!!! Takk for alle snop, mat, bok, filmer og spesielt takk for kortene!!! Eg må desverre seie at ikkje er heilt sikker på kva eg fekk kven etter den raske utpakkinga på postkontoret. Skal love deg det var ein merkeleg opplevelse! Aldri gått gjennom så mykje for å få tak i ein pakke. Eg kjem til å få ein kosli jul her nede med alt dere har sendt. Skal sjå på julefilm og spise julesjokolade og julemarsipan! Eg kjem til savne dåke kjempe mykje, men då skal eg ta opp julekorta og lese dei opp att og opp att!
Ellers kan eg fortelle at me var på søndagspinik i Uhuruparken. Me hadde med oss scones, mykje frukt, chips og drikke. Me koste oss under ein av trea. Etter me var ferdig å ete tok me turen bort til ein konsert som vart halde i parken. Det var mykje bra musikk og dans frå både Tanzania, Etiopia, Kenya, Nederland og Noreg.
Eg må sei at eg stortrivest fortida. Det er mykje eg savner, men eg er komme til eit punkt der eg har begynt å setje veldig pris på den kenyanske kulturen og alle menneska her ned. Dei siste dagane har vert herlege og gleder meg til å vise dere alle bileta og fortelle alle historiane når eg kjem att.
Eg tenker mykje på dere der i Noreg og håper dere har det like bra som meg! Skulle ønske dere kunne få oppleve alt deg har fått oppleve.
Dette får være nok for denne gang, men håper det ikkje vert lenge til neste gang. Igjen til alle dere som var med på pakken: TUSEN TAKK! Eg elskte den og setter veldig pris på det som dere sendte.
Kjempe glad i dåke!

Saturday, November 22, 2008

OPPDATERING

Ok, så var eg her igjen. Begynner å bli litt treig her. Sorry!

Vel, her går alt bra. Me har strålande vær og varme!, noko eg høyrer rykter om ikkje er det same for dåke der nord. Jaja, så får dåke snøen og kulden, mens eg tek sola og varmen. Grei fordeling det. Eller?

Det har ikkje skjedd mykje sidan sist. På onsdag var eg og Ruth på marked for å prute litt. Eg måtte teste om pruteeigenskapane framleis var fungerane. For å sei det sånn: Det begynt litt dårleg, så gjekk det oppover heilt til eg vart lei og irritert, men kjekt var det! Eg handla mykje rart, både ting eg ville ha og ting eg eigentleg ikkje skulle ha, men som kanskje kan være kjekt å ha. Jaja, sånn går det med innpåslitne selgare. Eg fann også ut noko nytt innan prutefronten. I Kenya er det betre å gå til manlege selgare enn kvinnelege. Det hadde eg aldri trudd skulle skje, men den gang ei. Eg og Ruth hadde ein konge tur nede i sentrum og fekk teste ut vår rettningssans, som funka heilt som den skulle. Me var og spiste pizza (noko som er ein særs sjeldan kost her nede med tankje på at dei fleste kenyanarar aldri bruker ovn).

I går lagde eg og Ruth chapati på eigehand for første gang. Må seie eg var stolte! Litt trening til også kan eg komme heim å lage litt.

Dagen i dag har vore rolegt og avslappa. Ganske deiligt eigentleg. Eg har jobba med skulearbeid. Skreve raportar så det fyke... Eller nesten vertfall. Så var det dagens happning: Høneslakting. Dette var då Liv Astrid og Maria sitt prosjekt, og skal love deg det var liv. Med litt hjelp frå Kama slakta Liv Astrid og Maria kvar si høna. Ein god del barn som bur her på senteret var også me. Eg tok mange fine blodige bilete som dere gjerne skal få sjå når det laga seg så. Gøyt var det vertfall. Håper eg ein dag også får muligheten. Vel, dei stakkar små teamkameratane mine har då vert på kjøkkenet i nesten heile dag og jobba med middagen vår, som eg ser veldig fram til. Så Arbeidsvillighet det har me her til dei grader.
Ellers så fant eg ut at pakken min som mamma har sendt er herved ankomme Kenya. Lykkeleg som eg var reise eg ned til sentrum med Ruth på slep for å hente min kjære pakke frå Noreg, men det som venta meg var eit tom postkontor. Vel, så får eg vente til mandag etter jobb. Ooooo eg glede meg! Pakke frå Noreg!! JIPPY! vel, for å trøste min lille nedtur gjekk eg og Ruth for å spise is og handle ei veske (som foresten er VELDIG kul, meiner eg vertfall). Vel framme igjen finner me Liv Astrid og Maria som framleis jobber mine sine kjære høner. Nå begynner dei snart å være ferdig og ser fram mot ein god middag og ein kosli laurdags kveld.

JULEFERIE!

Ok, eg må ærleg innerømme at eg ser fram mot ferie. Me har herved kjøpt buss billett frå Kampala (Uganda) til Mombasa den 19. desember, og togbillett frå Mombasa til Nairobi den 25. desember. Mine flotte teamkamerater, Liv Astrid og Maria, med hjelp av Kama fann ein plass me kune bu, så nå er alt i boks! Oh yeah!

Etter jul:
For dere som ikkje veit det ennå så har eg endeleg fått vete kor eg skal etter jul. Det er altså i den perioden der eg skal jobbe med studentarbeid. Det heile skjedde ein dag då heile teamet satt å snakka med Karanu (vår kontaktperson). Me spurte han om han visste kor me skulle og denne gangen visste han det (me har spurt ein del ganger for å sei det som det er). Vel, han begynt med at Liv Astrid og Maria skulle til Njeri i nærheita til Mount Kenya. Ok, greitt tenkte eg. Neste plass var Kakamega. Dette er den plassen lengst vekke, sa Karanu til oss. Av ein eller annan merkeleg grunn sa eg: "Der vil eg!" hehe! Der har du Christine på høgt nivå. Vel, Karanu begynt nå å fortelle litt om plassen. Det er ein by i vest-Kenya og ligger ikkje så langt frå Viktoriasjøen og Uganda. Det er litt ut på landet (med tanke på Nairobi). "Jippy!" tenkte eg. Det har seg sånn at eg begynner å bli litt lei av all denna eksosen som er her i bydn. Altså eg er ei bondesjente tvers gjennom og liker det så eg håper kanskje eg kan få sjå litt meir av "the countryside" for ein gangs skyld. I seinare tid har eg funne ut at dette er ein plass som er kjendt for ugali (ein afrikansk rett) og "chicken" (her kan det visst bety på kylling og høne så kven veit. Fjærkre vert det vertfall). I reiseboka til Liv Astrid stod det at dette var ein plass du ikkje trenger å reise til, men eg tek det som positivt med tanke på at det ikkje er så mange som har vert der.
Dette får være nok for denne gang. Håper eg vert flinkare til å oppdatere....

Eg er evig takknemlig for alle der som tek dere tid til å lese bloggen min og som gir ein kommentar. Eg er like glad kvar gang er ser det er ein ny kommentar. Kjempe kjekt å høyre frå dåke der nord. Savne dere kjempe mykje og håper dere har det bra der i kulden.

Sunday, November 16, 2008

HEI IGJEN FOLKENS!
Lenge sia sist. Over to veker faktisk. Huff
a meg! Det var verkelegt ikkje meininga, du
skjønner dei har problem med å skaffe oss
internett som me kan ha under heile
opphaldet som ikkje er for dyrt. Det ser ut
som dei snart finn ei løysning. Vel, mykje
har skjedd sia sist så eg kan jo prøve å
forklare litt:

Torsdag 29.okt:
Mamma Mia!
så har eg herved vert på kino i Afrika
(Kenya). Eg og Maria tok med oss nokre
venner frå focus og gjekk ein tur på kino.
Sjølv om det minna mykje om gode gamle
Noreg er det ikkje det same. Stolane er
ikkje så gode og skjermen ikkje så bra, men
kjekt var det. Filmen me såg var "Mamma
Mia" og eg og Maria sang med som berre det
til underhaldning for våre gjester. Filmen
var konge og anbefalest til alle som ikkje
har sett den! Vel, vertfall dere jenter!

Fredag 30. okt:
Fredag reiste eg og Maria på konsert på ein
av universiteta her i Nairobi. Rundt halv 6
tida kom Ben for å hente oss. Etter å ha
vandra til hovudveien (ca 10 min) hoppa me
i ein matatu som skulle ta oss til
universitetet. Eg og Maria skviste oss inn
i matatuen som var "ganske" full (det vil
seie rundt 3-4 personer for mykje). Det var
ein livleg tur for å sei det sånn...
Endeleg var me framme. Campusen var stor
(det er som eit eige samfunn. Dei har det
meste ein treng på campusen) For å sleppe
den "lange" veien til hallen satte me oss
bakpå kvar sin sykkel. Der satt me bakpå
kvar vår sykkel og såg på den fantastiske
klare stjerne himlen. Nesten framme svingte
sykkelen til Maria til venstre. Eg, så
forvirra eg var, snudde meg rundt og såg at
Ben kom same vei som meg. Me såg litt rart
på kvarandre før Ben sa: "Crazy man!" Me
fant ho fort og fann ut at mannen som sykle
ikkje viste veien.
Konserten var heilt fantastisk! Dei var
kjempe flinke. For ein gang skyld var det
sangar me kunne og me sang, dansa og koste
oss. Konserten begynte rundt klokka 10.
Rundt halv 2 måtte eg og Maria trekke oss
tilbake for å ikkje sovne ståande. Me fekk
låne oss to senger og sovna ganske fort.

Laurdag 1. nov:
klokka 7 stod me opp og tok ein matatu
heim. Maria hoppa rett til sengs, mens eg
for min del tok meg ein dusj og litt
frukost. Etter at Maria hadde stått opp tok
me turen ned til bydn på utforskningstur.

Søndag 2 nov:
Me slappa av! Så enkelt var det
Ellers så var me på kino att på tirsdagen fordi dei to andre i teamet (Liv Astrid og Ruth) ikkje fekk anledningen sist gang. Så har me jobba i slummen. Den siste veka har me begynt å jobbe på to barneheim. Der er me med barna, hjelper dei med lekser, leker med dei, lager mat og vasker klær.

Laurdag 8 nov:

På skøyter i Kenya!
Hmm så vart det laurdag og me hadde lyst å
finne på noko. Ute regna det så det minska
mulighetane me hadde. Etter litt gjennom
tenking kom me fram til at me ville stå på
skøyter. Tru det eller ei!
Vel, me hoppe inn i ein matatu og suste ned
til bydn.Det tok si tid å komme seg ned til
sentrum på grunn av rush, så då me endeleg
var framme var det tid for lunsj. Me tok
turen til Java House og eg hadde "toasted
sandwich": ost og tomat, og ekspresso
milkshake. Hmmm det var godt! Spesielt med
tanke på at det er ikkje kvar dag eg får
spise ost her nede. Det var faktisk første
gang eg spiste ost her nede utanom den
gangen me spiste pizza nede i sentrum. Godt
var det vertfall.
Fulle i magen tok me fatt vidare med ein

buss/matatu til eit hotel ikkje så langt

frå sentrum. Me kom oss lett fram, men vart

snylta på veien fram. Me måtte betale 50

shillings til hotelet (det vil seie ca. 4,5

norske kroner)og det var overpris!!!!

TULLINGER! Tilbake betale med 30 shillings

(ca. 2,5 norske kroner) noko som er litt

rimelegare.
Vel, der stod me og såg opp på eit svært og
flott hotel. Me vandra forsiktig inn og
etter litt leiting fant me fram til isbanen
(som faktisk er den først isbanen i
øst-afrika). Utanom oss var det ein heil
haug med barn og to instruktører. Etter
litt surring rundt på isen var me i gang og
me koste oss mykje i kulden. For ja, det
var faktisk litt kaldt der. På veggane var
det mala snø og folk som stod på ski, så me
følte oss som heima.
I ein time suste me rundt på isen før me
måtte forlate isbanen. Det var deiligt med
noko som minna litt om Noreg (sjølv om eg
ikkje er den som står mest på skøyter).


Ok, det var alt eg rakk no, men eg håper på å få oppdatert meir framover. Kjekt å sjå at dere kommentere.
snakkas!

Wednesday, October 29, 2008

Tralala...

Ingen fleire slanger så langt, så nå vandrer me blide og fornøgde over plassen.
Dagane går og det begynner å nærme seg ein månad sidan eg reiste ned hit. Begynner å kjenne at eg har fått ein del av kulturen under skinnet, men framleis står det mange utfordringar for dør.
Vel, eg skriver litt mykje fortida, men eg veit det er ein del som liker at eg skriver ofte, så då gjer eg det.
Eg begynner å bli kjendt med den afrikanske trafikken. For den er ikkje lik som norsk for å sei det sånn. Dei kjøre på feil side, farten er ganske lav på grunn av dårleg vei(pappa, du ville brukt traktoren og mamma sin bil (nissan primera) ville vert øydelagt på null komma niks) og tuting overalt. I dag kjørte matatuen vår i gangfeltet fordi det var så mykje trafikk... Ja, det var ein opplevelse for å sei det slik.
Skulen er ganske annleis frå den norske. Me har funne ganske mykje rart i lærebøkene som å dele tannkost kan føre til HIV/AIDS, ______ lager mat heime (mor eller far) og hald neglene ________ og reine (korte eller lange).
I dag har me vert på den norske ambasaden og registrert oss. Etterpå vandra me rundt i byen. Blant anna var me innom Java hous. Eg hadde sjokolade milkshake og appelsin juice. Det var godt det! Ikkje så veldig spannande dag...
Eg sa ingen fleire sanger, men den gang ei. Me var på vei tilbake frå byen då eg såg ein slange til... Eg fekk beskjed av vakten at neste gang måtte eg drepe den med å kaste ein stor stein. Okei, så veit me det til neste gang.

Høyrer det er snø i Noreg... Hehe, her er det sol og varme så veit dere det! Me koser oss her i varmen, håper dere gjer det i kulden...

Ja, dette får være nok for no! Eg er trøtt og må gå å legge meg. I morgon er ein ny dag og eg skal på jobb.
GUD VELSIGNE DERE!

Monday, October 27, 2008

Oppdatering

Laurdag:
Me såg vår første slange eller det vil seie at Ruth såg den levande. Eg
såg den dau, men ein slange var det. Ja, så var me i Afrika då. Det tok
ikkje lang tid før vaktmannen kom oss til unsettning til glede for Maria.
Så hadde me sett det og.

Kyrkjetid!
Atter ein gang var det søndag og eg og Maria tok veien til Kyrkja. Denne
gangen var det Mike og Kama som tok oss med. Denne gangen gjekk me i ein
internasjonal kyrkje sjølv om det for min del såg alle ut som kenyanere.
Vel, vel, det var ein veldig bra gudsteneste. Den beste så lang. Taleren
var ei kvinne og ho var kjempe flink. Ja, så var det ein sang me kunne:
"I surrender all" (på norsk: "Jeg vil gi deg alt")
Etter gudstenesta vart me med Mike og Kama heim til Mike. Der spiste me
kake og koste oss med brus. Rommet hans var lite, og når eg seier liten
så meiner eg verkeleg liten!!!! Det var så vidt plass til ei seng og ein pult. Og her har han alt (eller vertfall nesten).
Når me endeleg var tilbake (ca klokka 4) var det tid for å møte Karanu. Etterpå vart det middag (kenyansk pizza. Ja, nå kan dere lure!!!!) og deretter gjekk turen opp til Joseph. Der fekk me te, varm sjokolade, muffins og karamell. Me snakka og koste oss til me til slutt måtte vandre tilbake til rommene våre. Før me endleg kom oss fram til rommet vårt oppdaga Ruth atter ein gang ein slange. Ja, dei dukker plutseleg opp. Igjen kom vår kjære vaktmann oss til unsetting og drap den lille slangen. Han gav oss også eit par gode tips og ein stokk. Ja, så er me forberedt på neste gang.

Til pappa: Ja, eg har nå fått oppfordring til å bli bonde (ikkje at eg trur eg blir det, men...). Vaktmannen har gjort det klart at han meiner eg bør bli bonde. Så veit du det. hehe

Mandag:
Så var det på tida å dra på jobb igjen! Denne gangen var det tid for å ta matatu. Karanu vart med oss denne gangen, men veien tilbake og dei neste dagane er me på eige hand og det likar me.
I dag var eg på daycare fram til lunsj. Det var over 23 barn og eg skal sei det var livleg i det lille rommet. Eg vart brukt som både klatrestativ og juletre.
Så var det lunsj og i dag var det RIS med bønner. Det var god for eg orka ikkje tanken for mykje bønner!!!
Vel, etter lunsj tok me turen til labben for å snakka med dama der. Ho tester oss for alt mulig, men til no er me friske som nokre fiskar for å sei det slik!!! JIPPY!
Veien tilbake gjekk fint og me stakk innom Nakumat (supermarket) og kjøpte peanøttsmør (som me heile tida går tom for og som stort sett er pålegget vårt fordi det er det einaste god til no). Så nå skal me snart lage middag, ikkje at eg veit ka det bli... Så til slutt i dag er det Swahilitime, noko eg heilt ærleg må seie at eg ikkje ser fram mot. Er nok fordi eg er trøtt, men interesant er det!

Været her fint. Har ikkje sett ei skikkeleg regnbyge på lenge og sola skinenr. Det liker vi!!! Ellers er alt bra. Eg trivest veldig godt og byrjer å bli å bli kjendt md denne (merkelege) kulturen.

Savner dere og glad i dere!

Saturday, October 25, 2008

Myggen angriper!
Ja, i natt gjorde eg den tabben at eg hadde eine handa mi nærme nok myggnettet slik at myggen greidde bite med. Etter mange dager utan myggstikk var dette ikkje det beste å oppdaga tideleg ein laurdagsmorgon, men kva anna kunne eg gjera enn å smøre på litt kløstilllande middel.
Er det ein ting som irriterer meg så må det være myggen. Skulle gitt den juling om eg berre visste korleis ein gjer det med ein så liten skapning som ein mygg. Vel, sånn er livet og eg har begynt å lære å leve med det.

Kviting-radaren

Korleis det skjedde og kvifor veit eg ikkje. Me har i lang tid irritert oss for at så mange roper muzungu (europer/kviting) når det ser oss. Det irriterer oss når me overhøyre dei snakker om muzungu når me er dei einaste i område dei kan snakke om, men alikevel har eg oppdage noko heilt spesielt med meg sjølv. Eg har oppdaga min kviting-radar. Eg kan finne dei overalt. På pizza-in, bussen, kjørande i biler, og til og med langs veikanten. Okei, dere der heime! Eg veit det høyres rart ut, men det er ikkje så himla mange kvite her nede i Afrika, men alikevel greier eg alltid å finne dei. Det heile begynte når Maria ropte: "HVITINGER" og peikte på Matatuen vedsiden av vår. Eg måtte le. Ja der satt ein haug med kvitinger, men kva så? hehe. Eg begynner litt å skjønne kenyanerane når dei roper "muzungu!". Eg liker det ikkje, men eg kan forstå dei.

Dagen i dag
I dag var me atter ein gang klar for ein utflykt. Målet vårt var den norske skulen i Nairobi. Eg, Liv Astrid og Maria vandra ned til veien også var me i gang. Nede i sentrum bytta med frå Matatu til buss og turen gjekk vest for Nairobi. Det var eit stykke og eg satt og stirra ut vindauget. Landskapet var finare, husa vart finare, ALT vart finare. Eg begynte å tenkje: Kva skjer no? Med litt hjelp av ei kosli dame og ei gammel nonne var me endeleg framme og me gjekk spent inn porten til den norske skulen. Gubba Noah det var fint der! Etter afrikansk standar var dette 5 stjernes hotell. Me hadde høyrt at me vart sett på som rike mykje fordi misjonærane budde så fint, men eg hadde liksom ikkje greitt å sett det for meg.
Planen var eigentleg at me skulle møte nokon som Maria og Liv Astrid kjente som skal gå på bibelskule på den norske skulen (teft), men dei var sjølvsagt ikkje der. Jaja, me vart nå vist rundt og Liv Astrid fekk lånt ein data og internett.
Etter litt meir enn ein time begynte magen å rumle og me retta nesene våre ned mot sentrum igjen. I dag vart det endeleg pizza og eg skal love deg at det smakte godt. (PS. mamma: eg vil gjerne ha heimelaga pizza når eg kjem heim!!! hint hint) Så handla me litt på Nakumat og satte oss i matatuen og nå er me her igjen.
Planen vidare i dag er mat, slappe av og film. God laurdags kveld for å sei det enkelt.

Foresten: jobber framleis med internett og har ikkje lagt ut bilete ennå, men min kjære teammate Liv Astrid har så det går ann å stikke innom hennas... Du finner link til sia hennar på bloggen min...

Friday, October 24, 2008

Ein dag i Kenya!
Tenkte eg kunne fortelle kort korleis ein dag her nede er for meg. Eg vakner stort sett brått av enten vekkerklokke eller hunder som gauler, ja eller ein gal hane. Klokka er då mellom 6-7 og eg ligger litt og drar meg før eg stikker beina forsiktig ut av myggnettet. Eg tek kangaen rundt meg og flipperser på beina og vandrer bort til badet. Først må eg sjekke om det er vann og varme i dusjen før eg tek meg ein forhåpentlegvis god dusj før eg kler på meg.
Så går veien vidare bort til kjøkkenet som er eit lite bygg rett att med der me søv. Eg går inn i og finner fram brød, peanøttsmør, syltetøy, kenyansk te og sjølvsagt fat, glass, kopper og kniv. Eg tek meg meg brettet og går tilbake til bygget me sover i og dekker på eit bord i stovo vår (forsamlingssal). Litt etter litt dukker dei andre opp (av og til er dei andre oppe før meg og lager til frukost) og dei hjelper til å lage til frukost. Så spiser meg oss gode og mette før me tek fatt på oppvasken. Ein vaske, ein skyller, ein tørker og ein setter på plass.
Så er det på tide til å gjere seg klar for jobb. Eit ekstra titt i speilet og litt snacks i sekken og me er klare til å gå. Så setter me oss ned og venter på at dei skal hente oss. I dag er siste dagen dei gjer det, trur eg. Trur me skal ta matatu sjølv neste veke. Det skal bli litt deiligt.
Vel, så kjøre me den humpete veien bort til hovudveien og sneglar oss fram til slummen. Vel framme har barna begynt å friminutt og me vert ute og leiker med dei. Det vil seie at barna flokker rundt meg, eg spring og barna spring etter. Etter ikkje så altfor lenge er eg sliten og ser oppgitt på dei andre som ser ganske trøtte ut sjølv. Etter pausen går me opp på læreværelse. Av og til stikker ein lærer innom og spør om kan tenke oss å ta ein time med alt frå naturfag, religion og engelsk. Eg titter innom klassen min av og til som er ein ivrig gjeng meg unger som snart skal begynne på barneskulen (primery).
Lunsjen består av bønner og litt meir bønner og eg må ærleg innrømme at eg ikkje takler det så godt. Var greitt dei første gangene, men guri stakker barn der dette er det einaste måltidet dei gjerne av i løpet av dagen.
Etter lunsj er det sove tid og barne legger hovudet ned på pulten og sover. Eg var innom her ein dagen og det var jammen ikkje mykje plass til å sove og barna var meir interessert i at eg var der enn å sove. Dei første minutta skulle dei vise meg at eg måtte sove, men om ikkje so lenge greidde dei det ikkje sjølv så me tok ein time med høgt lesing i engelsk.
Etter ei stund kjem tida for å vandra "heim" att og me kjøre den humpete veien tilbake til senteret. For å seie det sånn nokon av veiene på har kjørt på ville pappa brukt traktor, for å sei det sånn. Mamma sin bil (nissan primera) hadde ikkje greidd veiene her nede. Det skal være sant å visst.
Vel framme begynner me på middag, noko som er spennande nesten kvar dag. I går var det sjølvlaga hamburger. Og steike var dei gode. Godt jobba jenter! Etter å ha spist oss mette er det tid for swahilitime. Swahili er verkeleg komplisert med alle desse merkelege gruppene. hmm, men jaja. kjekt er det nå å lære språket. Me har fått bøker for 3. klasse og føler meg ganske liten når eg prøver å lære meg dette merkelege språket. Plutseleg kjem det eit tyskt ord innimellom alle dei andre orda. hehe.
Etter swahilitime er me trøtte og setter oss ned og slapper av forann dataen, men klokka ni er me klare for nyheiter og eg og Liv Astrid tek turen bort til Catherine, som bur her på området. Her koser me oss me nyheiter og frukt før me må sei hade og vandre tilbake til vårt bygg. Eg kravler i seng og er klar for ein god natt søvn, men så lett er det ikkje. Det er begynt å bli litt kaldt her nede (ikkje så kaldt som heime, men for å være afrika er det kaldt) og eg fryser og savner dyna mi. Så begynner hundene å gaule som aldri før, men etter ei stund sovner eg.

Wednesday, October 22, 2008

BlaBlaBla!
Ja, her er eg igjen. Framleis er alt bra sjølv om eg savner dere der heima. Trur aldri eg har drøymt så mykje i heile mitt liv. Våkner opp ein morgon og må nesten berre le. hihihi… Eg drøymer alle der heime, jul, heimreise og Obama(korleis han kom inn i drømmen min veit eg ikkje. Må være noko med at han er godt likt her nede. Hehe)

Sitter her og tenker på alt eg savner der heime:

- Mamma og pappa (spesielt lausdagas kveldane saman med mamma og pappa)

- Vennane mine

- Min kjære bror (kjekt å sjå deg i blant sjølv om det ikkje vert so ofte)

- Senga, dyna og puta mi (rommet mitt)

- Besøk hos Rune og Bjørg (noko eg håper me kan ta opp igjen til våren)

- Lange gode samtaler med Katrine (you know what i mean)

- Jente-/venne-/filmkvelder (skal være noko eg gjer fortast mulig når eg kjem heim)

- Stove med sofa

- Mammas heimalaga mat (spesielt pizza!)

- Bondelandet/ strilelandet

- Norsk tinemelk

- Grovbrød med brunost

- Norsk melkesjokolade/ smågodt

- Norsk frisk luft

- Fjelltur med pappa

Men så tenkjer eg på alt det bra som er her nede:

- Flotte mennesker

- Ny kunskap

- Muligheten til å hjelpe

- Fantastisk natur

- Spennande byliv

- Mitt kjære team

- Nye opplevingar

- Det at eg kan glede meg til å komme heim og at eg kanskje kan setje betre pris på det eg har heime

- God mat (vertfall mesteparten, begynner å bli kraftig lei bønner:S)

- Artige matatu-turer

- Varmen (vertfall når det ikkje regner)

- Frukten!!! (her er det billig frukt!!og den er super god)

- Min kjære romvennine Liv Astrid som alltid har ein bra kommentar på lur eller alle Maria sine gode innslag

Ja, livet her nede er bra og eg takker Gud for denne opplevinga. Skulle ønskje at alle dere der heime kunne vert her saman med meg, men eg setter stor pris på at dere tar dere tid til å lese mine ord og tanker i mellom og eg håper at ikkje berre eg kan lære noko av denne turen, men at også dere kan lære noko gjennom meg.

Får ta litt fakta her folkens… For dere som ikkje visste er Kenya kanskje det ledande landet i Øst- Afrika. Det vil seie at det har komme ganske langt i forhold til andre land her nede. Alikevel har Kenya mykje igjen. Fattigdom er eit stort problem og me vart tidleg advart mot at mange kenyanare vil sjå på oss som ”dei rike”. Dette fekk me oppleve ganske fort og me kan kjenne at presse er der. Me, som studentar, har ikkje mykje å rute med, men me prøver å støtte befolkningen her i Kenya ved å kjøpe lokale varerer.

Eit anna problem her i Kenya var opprøret rundt årskiftet. Mange av dei fattigaste vart ramme og førte berre til meir fattigdom. Folk miste kjendte, kjære, hus og eigendom. Me har allereie møtt folk som har vert ramma av opprøret og me høyrer at det har skapt problem for mange.

Alikevel har eg opplevd Kenya som eit land med smilande, flotte og imøtekommande menneske.

MATATU!

Ja, som eg har fortald før så er vårt nye transport middel. Eg må ærleg innrømme at eg har blanda kjensler for denne måten å komme seg fram på. For det første er det greitt å berre gå bort til veien når du vil, problemet blir då viss det er rush eller du er uheldig og må vente lenge. Matatuen er som oftast full, men den kan av og til bli litt for full. Eg måtte ein gang sitte på fanget til Liv Astrid. Ikkje min beste minne frå matatu-turer. Det er ein ting som gir matatuane eit stort pluss. Dei er ganske artige utanpå. Skal du ta deg ein tur og titter ut på veien vil det dukke opp mykje rart. Alt frå kjendiser og rare kommentarar til bilde av Jesus, bibelvers og oppfordringar til å bli kjendt med Jesus. Kan ikkje sei at du kan finne noko slik i vårt kjære Noreg! Hehe…
Vel, eg håper dere der heime frå teste å ta ein matatu-tur ein gang. Det er noko eg seint kommer til å gløyme. Eg venter framleis på at matatuen eg sitter på med skal stoppe, punktere eller noko slik, men det var endå ikkje skjedd. Hehe. Neida.

Dette vart kjekt. Skrive, skrive, gjer eg… Sånn kan det gå. Håper det snart ordner seg med internett slik at eg lettare kan kommunisere med dere og slik at dere kan sjå bileter! Hmmm er det noko meir eg ville seie. Jo, viss dere har spørsmål eller noko er uklart så berre spørr! Eg svarer med glede.

Tuesday, October 21, 2008

Hei igjen!

I dag gjekk eg innom bloggen min for å titte. 12 nye kommentarer! JIPPY! Hehe. Kjekt å høyre frå dåke. Er merkeleg å være så langt vekke og ikkje ha muligheten til å sjå dere alle saman.

Det var nokon som lurte på været her nede. Me er nå i regntida. Det vil seie gjevnlege regnbyger, men for å sei det på ein annan måte så er det mest sannsyneleg varmare her enn der heim… hehe! Plutseleg skinner sola og i det neste bøsregner det, men me tar det me godt mot og ser fram mot solskinnet. Når eg først nevne regn kan eg jo seie at det hølje ned når det først begynner å regner. Det er snakk om MYKJE regn folkens!

Så var det maten. Me lager det meste av maten sjølv, men me har nå lært å lage chapati noko dere der heime skal få smake ein gang. I love it! Maten her nede har mindre smak enn norsk og kan bli litt einsformig, men då passer det godt at eg reiser med misjonærbarn frå både Japan og elfenbenkysten. Her lager me retter frå alle mulig kantar av verda + pluss litt eigen miksa.

Kva meir var det spørt om? Jo, kva eg driver med her nede. Altså eg studere interkulturell kommunikasjon og internasjonalt arbeid. Til nå har me hatt timer om kenya, kulturen og organisasjonen me jobber for, altså Focus kenya. Så 3 dager i veka jobber me på eit senter nede i eine slummen her i Nairobi. Senteret har både skule, liten helseklinikk, barnepass og kyrkje. Me jobber mest på skulen som lærere. Til no har eg hatt ein klasse i engelsk. I dag var eg innom babycare og jobba, men ikkje så mykje å gjere der, og dama som jobber der snakker særs lite engelsk.

Ja, så har eg ein NYHEIT å komme med. Eg tok dreads her om dagen. Me tenkte at me måtte gjere noko litt crazy for å sei det sånn. Så ein dag tok me turen til byn for å møte vennen til ein me har blitt kjendt med. Det tok oss litt over 2 timer stille sitting og mykje latter før me endeleg var ferdig. Eg har alltid høyrdt og tenkt at eg har tykt hår, men når dei var ferdig med dreadsa var såg ikkje håret så tykt ut lenger for å sei det sånn. For dere som tenkjer å ta dreads seier eg berre: ikkje gidd. Eg angrer ikkje, for all del, men guri so ekkelt. Klissete og heilt merkelegt å sove med. Hehe, jaja så har eg gjort det og….

Ja i går var me på vandre tur nede i Nairobi city. Trur me gjekk stort sett rundt og rundt, men me greidde nå å orientere oss litt. Me var innom Jawa house, noko som anbefalest til alle som får muligheten. Endeleg ein god kopp kaffe! JIPPY! Før eg reiste ned til Kenya fekk eg høyre av dei internasjonale på Hald at kaffien i Noreg ikkje var god, men fytti katta så dårleg kaffien her nede er. For det første er den ikkje god, for det andre har dei små mykje vatn i at det ser ikkje ut som kaffi. I like it black… Me prøvde å finne eit marked for det er så mykje fine ting her nede, men den gang ei. På kvart gatehjørne møtte me innpåslitne menn som skulle vise oss eit marked. Til slutt gav me opp. Me avslutta dagen med å gå på indisk resturant, men det var lettare sagt enn gjort. Me gjekk og gjekk, og følte at me aldri kom fram. Det gjorde vertfall ikkje eg. Eg hadde blemmer og vondt i beina, men me fortsatte og etter langt om lenge var me nå framme. Me fann då ut at resutranten var vegetraisk, men jaja…. Me hadde gått den lange veien så me gjekk å spiste. Maten var god og det var deiligt med ein dag ute og utforske!

Håper alt der bra der heima! Savner dere kjempe mykje. Love you all!

Dette får være alt for no…. Skal prøve å fikse meir snart!

PS! Har ikkje fått fiksa internett enno. Jobbe med saken!

Wednesday, October 15, 2008

saa var eg her igjen. jobber framleis med internett, men trur me ordne det snart.
Her er alt bra, trur kultursjokket begynner aa komme. Koser meg, men er litt trott og sliten, men det er nok berre alt det nye.
Me har begynt arbeidet vaart i Mathareslummen i Nairobi. Me jobber paa eit senter der. Me har jobba litt i daycare(barnehage) og litt paa skulen. Skal visst nok vere laerere. ikkje veit eg korleis det skal gaa. barna er heilt fantastiske sjolv om dei behandler oss som kjendiser eller noko slikt. I gaar var eg med inn i ein klasse,forskulen. Barna sang sanger for meg og smilte og lo for aa faa oppmerksomheita mi. Litt etter litt fekk dei oppgave av laereren og for eg visste ordet var det var laeraren vekke. Eg vart sittande att og maatte rette oppgava deira. Noko eg maatte gi meg med etter ein stund fordi min rettskriving i engelsk ikkje er saa bra. hehe. Det er merkeleg aa sjaa ein plass som Mathare. Folk bur tett i tett i smaa skur,soppel overalt og ein kamp for aa overleve. Me var innom ei kvinnegruppe der kvinnene hadde HIV. det vart spurt om korleis problemet vart behandla i Noreg og om me hadde noko oppmuntring aa sei til dei. Det er ikkje lett for ein nordmann aa sette seg inn i ein situasjon som desse kvinnene lever i. Dei har HIV. Ja, dei faar medisin, men dei trenger mat og tak over hodet,og dette maa dei skaffe sjolv. Dei fleste menn forsvinner naar jenta vert gravid og mange av problema havner paa jentene. Alikevel var det smilande damer med motte i denne gruppa. Dei smilte og helste paa oss alle saman. For nokre fantastiske mennesker.
Desse maanaande i slummen kommer til aa bli ein utfordring paa mange maater, men eg trur ogsaa eg kommer til aa ha mange gode minner derfraa. Alle barna og menneska me moter gir meg haap sjolv om det ser vanskelegt ut. Eg trur me alle har mykje aa laere fra dei.

Eg trivest veldig godt her nede sjolv om det er rart aa tenkje paa at eg er saa lang heime ifraa. Vel, dette faar vere nok for no for dette tastaturen var heilt forferdeleg. Haaper oppdateringa vert betre naar eg har eige internett og eigen pc. Savner dere og kjempe kjekt at dere legger igjen kommentarar. Eg har mykje aa fortelle, men det jammen ikkje lett aa skrive alt ned.
Skal snart legge ut bilder, men i dag tok eg med feil ledning. skal sjaa om eg kan fikse med rett ledning. Haaper alle der ute har det bra. Kjempe gla i dere og tenkjer mykje paa dere. Tusen takk for all bonn og alle tankjer.
GUD VELSIGNE DERE ALLE!
ps. unnskyld alle skrivefeil....
Snakkas

Monday, October 06, 2008

Vel, hadde litt meir tid enn eg trudde saa daa faar eg fortsette aa skrive. I gaar var me paa forste gudstenesten her nede i Nairobi. Me var paa eit universitet og det var jammen mykje folk. Me var paa gudsteneste nummer 2 og det var saa godt som fullt. Alt var veldig hogt, men det gjekk greitt. Musikken og sangen gjekk paa ein blanding av engelsk, swahili og dialekt saa ein kunne forstaa litt men langt ifra alt.
Livet her er annleis aa det er rart aa tenke paa at her skal eg bu i 6 maaneder. Folkene me har hilst paa er koslie og hyggelege aa snakke med. I gaar snakka me med ein som gjekk paa universitetet, og han stilte mykje sporsmaal om Norge og kristendommen, noko som eg ikkje greier aa skryte saa veldig a.
Eg begynner aa sette pris paa bussene, veiene, systema me har der heime. Eg savner roen fraa heime og eg savner alt det kjendte. Alikevel ser eg paa det som eit eventyr. Eit eventyr eg nok aldri kjem til aa glemme...
vel dette faar vere alt for no.
HEI FOLKENS!!!!
Endeleg har eg tilgang til internett. Me har bra nett der eg bur, men kan ikkje brukes for mykje. Jepp, kva skal eg skrive... Vel, me har tatt Matatu for fyrste gang og det var ein oppleving. Matatu er ein minibuss som me bruker via mindre avstander. Matatuane gaar heile tia, men gaar ikkje vidare for den er full. Veien er rett og slett heilt forferdeleg! Hompete saa berre tulling! Har eigentleg ikkje saa mykje tid, men eg skriver berre det eg kjem paa i farten. Eg sitter no paa eit hotell og skriver. Har nett vert paa supermarkedet og det var stort og hadde det meste...
Ellers er det veldig at det ikkje er saa mange kvite, aa spise ugali og all stovet....
Dette faar bli nok for denne gang. Takk for at dere skriver til meg! Det er kjempe kosli aa lese det dere skriver. Takker og bukker. Me er paa jakt etter eige internett, saa blir kanskje betre ved tia...
snakkas.... foresten har ikkje dei 3 siste bokstavane i alfabetet her.... viss du ikkje merka det...
Gla i dere alle!

Thursday, October 02, 2008

So var me framme og sitter ute og koser oss. Flyturen gjekk fint, men det var ikkje mykje søvn, så på film istadenfor. Me var framme i 9 tida og vart ønskt velkommen av Joseph. Så reiste me til Fokussenteret. Der fekk me god Kenyansk mat. Var kjempe godt. I dag sov, me lenge før me stod opp og fekk oss frukost. Det var brød (ganske grovt faktisk), peanøttsmør, syltetøy(blanding), te, kaffi, melk og varm sjokolade. Me ordna også rommet vårt, så nå henger det norskeflagget over senga saman med bileter av både kjente og kjære. Eg må berre takke Emil og Knuta så mykje for albumet. Det var kjempe kjekt å ha det med meg. Dere henger på veggen... Sjølv om eg savner alle heime og tanken på at eg skal være her så lenge kan eg ikkje noko for at eg trives veldig godt. Menneskene eg har møtt til no er fantastiske og naturen og maten er veldig bra. Eg takker Gud for den utrolige muligheten eg har fått.
I dag har me prøvd ugali for første gang. Eg har desverre ikkje bilete av det, men dere skal få sjå ein gang. Me spiste me henda, men det var lett å sjå at dette var me jammen ikkje vant med. Eg for min del syntes at ugali var godt. Ugali i seg sjølv smaker ikkje så mykje, men saman med litt grønnsaker og kjøtt er det godt. Lurer på kva me skal spise i kveld....
I kveld skal me ha om forventningane våre, men eg veit no ikkje heilt kva dei er. Eg forventer at dette skal være eit annleis år med ein god del utfordringar. Eg forventer at eg skal lære meg mykje om ein annan kultur enn min eigen.
jaja, det får være nok for denne gangen. Gi gjerne ein kommentar og kommenter det eg skriver eller berre sei kva du vil. Kjekt å høyre frå dere!
Store klemmer frå meg!
Håper dere har det bra

Now we have finaly arrived Kenya and is sitting and enjoying the varm air. the trip went fine, but we didn't get much sleep. I just most of the time watching movies. We arrived around 9 pm and we meet Jospeh at the airport. Then we travelt to the Focus senter.
Now we have settle in and love the place. Even though it's scary to think that we are going to be here for 6 months, we love the place and all the people we have met. Sorry that I don't write as much ion english as I do in Norwegian, but it's harder. Okey, I hope you internasjonal have a good time in Norway!
Bye for now!

Tuesday, September 30, 2008

REISE! TRAVLING!!!!
Så var kvelden komme og det var tid for å reise. Tingene ferdig pakka, berre eit par små ting igjen. Klokka er 8 minutter over 2, og det er 52 minutter til eg og pappa retter nesen mot flyplassen. I moro på denne tida vil eg være i Nairobi... Litt for merkelegt å tenkje på.

The night for travling has come. My stuff is packed, just a few things left. The time is 02:08 am, and it is 52 min to me and my daddy is going to the airport. Tomorrow at this time I will be in Nairobi... It's strange to think about.

Sunday, September 28, 2008

Så er det berre 3 dager igjen. Eg sit no i leiligheten til Janne og venter på at min kjære kusina skal vakne. På torsdag var det avskjedsfest på Hald. Tenk nå er Hald opphaldet over for denne gangen. Eg kom her fredags kvelden. Det var film (Tristan and Isolde), Youtube(japanske game show) og mykje prating. For å sei det på ein annan måte så sov me ikkje så mykje. Laurdag møtte eg Katrine, Emil og Knuta. Me reiste til Knuta og spelte spel, prata og koste oss. Det var kjekt å endeleg sjå dåke att! Savner dere allereie. Og takk Emil og Knuta for albumet det var kjempe kosli!
I dag går turen heimover. Først av alt skal eg sove!
jepp det for være alt for no... Skal sjå om eg får lagt ut bilder frå avskjedsfesten seinare...

ENGLISH
Okey! I can try to write some in english too, but i'm not very good at it. Rosmary, I hope you read this. I miss you so much! I hope you will have a great time in Oslo!
I'm now at me kusins apartment. This weekend i have visited my friend here in Bergen. It is strange to say good bye to everyone. I'm just thinking: WOW, in a few days i'm leaving and travling to Kenya in a few days. It's good bye Norway, and hello Kenya! Today i'm going home.
I miss everyone from Hald and i hope you internasjonal will have a good time in Norway! The 6 weeks at Hald was great and I'm looking forward to see you in the spring.
Good bye for now.
Bye the way: i appreciate you leaving me a message!

Thursday, September 25, 2008

Glade jul, Hellige jul!!!!!

Ja, så vart det jul i år og. Sjølv om det kanskje vart 3 måneder for tidleg. I går vart eg overaska med ein helaftens julekveld. Det var juletre, julesang, julebrus (og det er sjølvsagt CB-julbrus for dere som ikkje veit det!), kakemenn og gaver.... You name it. Min kjære onkel og tante hadde det meste. Det var kjempe kos!


Det var litt merkeleg å tenke at når det faktisk blir jul er eg ikkje lenger i gode gamle Noreg. Hmm.. Litt merkelegt, men samtidig veldig spannande!


Kvelden i går kjem eg til å hugse i lang tid framover og eg vil takke min kjære onkel Rune og tante Bjørg som gjorde kvelden mulig. Eg vil og takke Anne Grethe, Oscar, Filip, Samuel, mormor, morfar og Aslaug(Moses)!!! Hadde ikkje vert det same utan dåke.


Eg er evig taknemlig for den Fantastiske familien eg har og eg gleder/ gruer meg til å komme heim og skal møte resten av dei før eg reiser vidare ut i den store verda.


Om 6 dager bur eg i Nairobi, ein by som har om lag 2,5 millioner innbyggara. Om 6 dager begynner eit nytt kapitel av livet mitt. Det er byrjinga på ein periode som kommer til å påverke meg på så mange ulike måter. Eg takkar familie, Hald, Fredskorpset, Noreg og Gud for at eg skal få ha muligheten til å gjere dette! Tenk at lille meg skal ut i verda og kanskje EG kan være med å gjere ein forskjell. Om eg ikkje gjer ein forskjel der nede, så kanskje eg vil gjere ein forskjel når eg kjem tilbake. Og eg håper at alle dere her heime vil ta dere tid til å høyre på det eg har å fortelle når eg kjem tilbake.


Jammen vart det langt i dag, men tankane har begynt å svirre godt rundt oppe i hovudet mitt. Sjølv om eg er klar for å reise er det merkelegt å tenkje på at eg om 6 dager reiser frå alt det kjendte og reiser til det ukjendte.


Ja, nå er pakkinga i gang og folk gjer seg klar til å vandre kvar til sitt. Tida her på Hald har gått fort. Eg for min del er så vidt begynt, men det er jo typisk meg....


I moro går turen til Bergen for å besøke min kjære kusine Janne! Laurdagen skal eg møte Katrine, Emil og Knuta. Laurdas kveld eller søndags morgon snur eg nesa heimover for å besøke mine "gamle" foreldre... hehe...


Ja, det for være alt for no


See yeah!